Påske 2018!

Då var det jammen blitt Påsketid allereie. Eg lurte litt på korleis eg klarte å sova til kl 1015 i dag? Eg som ikkje har starta Påskefeiringa enda – eg har enda 3 jobbedagar igjen til min Påskeferie startar. Men etterkvart så kom eg jo på at alle klokkene har stilt seg fram ein time i laupet av natta. Sommartid – noko forbanna tull, spør du meg. Men, men, det har no forsåvidt ingenting med Påsken å gjera.

Eg kan ikkje lova at det blir Påskenøtter på Bobla i år, men kven veit – brått har eg funnet på noko 😉 Men eg har bestemt at alle eventuelle innlegg som blir lagt ut av meg i Påsken skal innehalda fargen gul/oransje 🙂

Og eg byrjar like godt i dag, for i dag har eg forberedt meg litt til Påsken med å laga:

APPELSINCURD – eller rett og slett appelsinkrem 🙂

Ein kjekk krem ein kan ha i kjøleskapet klar til bruk både i krem, kake, is etc. etc.

For å laga denne treng du:

2,5 dl appelsinjuice (juice av ca. 3 appelsiner)

Revet skal av 1 appelsin

Juice av 0,5 lime

125 g smør

180 g sukker

3 samanvispa egg

Start med å koka opp applelsinjuice og appelsinskal. La det småkoka til væska er redusert til ca. 1/3.  Rør inn limejuicen.

Ha appelsinblaninga over i ei bolle som tåler varme og rør inn dei andre ingrediensane. Sett bollen over eit vannbad og rør, rør, rør, rør og rør til blandinga får ein fin og tjukk konsistens. Det tar ca. 20 min. Kremen vi og bli litt tjukkare når den blir kald.

Hvis du, som eg, ikkje skal bruka kremen med eingong, har du den over på eit reint, varmt og tett glas. Då kan du ha kremen ståande i kjøleskapet i opptil 2-3 veker.

Mmmmmmm…..veldig god appelsincurd – eg trur ikkje min får stå i kjøleskapet til over Påske 😉

Kanskje eg slår til og lagar eit glas med sitroncurd og medan eg er i gang. Oppskrift på den finn du her:

Sitroncurd

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.