SOL, SOL, SOL :-)

For ein strålande dag vi har hatt i dag. Ann Irene var klar for ny skitur og etter litt vurderinga av turmål, enda vi på Reikatindane igjen. Det trur eg vi gjorde lurt i, for det såg ut til å vera litt krevande føre utanfor oppkøyrte løyper i fjellet i dag – i allefall for oss som ikkje er heilt proffe på ski enda 🙂

Vi skjøna at vi kom til å få ein flott tur allereie ved start. Sol frå blå himmel og snøen såg ut som mjuk marengs 🙂

Så veldig mjuk var no ikkje snøen. Vi fekk vekslande føre på rundturen vår i dag, litt mjukt, litt hardt, litt isete – ja, stort sett litt av alt.

I dag valgte vi å gå motsatt veg av det vi gjorde sist, så vi la i veg mot Nesjastølsvatnet. Når vi såg rundt oss i dag skjøna vi raskt at i dag fekk vi halda oss i oppkøyrt løype – det ser ut som om det har gått nokon ras både her og der…

….sjølv i dei minste fjellsider. Det er ikke lenge sidan vi sat ved trea til høgre og varma oss pannekaker…

….så i dag var vi flinke og fylgde løypa 🙂

Sist Ann Irene og eg var på denne runden fekk vi så flatt lys at det var umogleg å sjå noko rundt oss. Eg gleda meg til å visa Ann Irene kor ho eigentleg hadde vore på tur 🙂

Etter å ha kome opp den fyrste lange bakken, måtte vi ha ei lita pause og beundra utsikta heim mot Ulvanåso 🙂

Veldig nøgd med turen så langt 🙂 Og sjå – eg har til og med fått trua på ho solbriller 😉

Rett og slett Påskestemning 🙂

Det var pittelitt vind akkurat her, så vi gjekk litt lenger før vi fann ein plass..

….vi kunne sitja ned og ta dagens fyrste pause.

Vi var nemleg på dilletur i dag og hadde det slett ikkje travelt. Vi skulle nyta dagen og sola og kunne bruka heile dagen på dette om vi ville 🙂

Vi hadde folk både foran og bak oss då vi gjekk opp til Fagnabotnen, og vi såg eindel folk som tok vegen opp mot Nautavatnet. Men etter at vi tok til venstre mot Nesjastølsvatnet ved Fagnabotnen, hadde vi ikkje sett ei levande sjel utanom oss sjølve. Vi syntes jo det var litt rart, men tenkte, ja, ja, då har vel alle andre valgt å gå til Nautavatnet i dag, då. Det gjorde jo ikkje oss noko å ha løypa for oss sjølve 🙂

Det var veldig fasinerande å sjå landskapet utanfor løypa idag. Vinden har nok herja godt, og her som vi sat…

…var det masse slike småkunstverk å sjå. Og medan eg låg langflat på magen og prøvde å fanga på film kor kult dette var , så peip det i frå Ann Irene «No kjem det folk!».

Og no dukka det opp folk både i frå den eine og andre kanten. Nokon kom same veg som oss, andre kom andre vegen. Så då var vi ikkje så aleine i fjellet som vi trudde likevel 😉 Og frå no av traff vi folk stort sett gjennom heile løypa. Det skulle berre mangla så flott som det var i dag.

Vi pakka saman sakene våres for å fortsetja turen. «Kjenner du deg igjen?», spurte eg. «Absolutt ikkje», svara Ann Irene…..

…..i motsetnad til sist var det ingen ende på kor langt vi kunne sjå i dag 🙂

Vi hadde det absolutt ikkje travelt med å koma oss framover her i dag. Her var det vindstille og flott og vi ville nyta kvar einaste solstråle 🙂

Vakkert!

Vi lurte på om vi skulle ta «hovudpausa» vår midt i bakken opp mot Reikatindane, eller om vi skulle gå opp på toppen. Vi forhøyrte oss med nokon som kom andre vegen og vart råda til å stoppa før toppen då det var litt kald vind der.

Så då peila vi oss inn på ein liten topp på veg opp istadenfor.

Føret utanfor løypa.

Her campa vi – rett ovanfor eit vatn eg ikkje veit namnet på. Ser dåke kvifor det var lurt å ikkje gå lenger utpå kanten?

Jo, pga dette 🙂 Trur ikkje det skulle så mykje til å ha utløyst noko her om ein hadde våga seg utpå kanten.

Flott utsikt!

Varden på Ingahogg.

Her sat vi ei god stund, åt nista vår og….

….naut….

….sola 🙂

Ser dåke den kule hua eg hadde tatt på i dag? Den har ho mor strikka til meg 🙂 Det er jo ikkje heilt Påske enda, men eg syntes det passa fint å ta den på i dag likevel…

Og eg har fått høyra fleire «så fin hua du har – har du strikka ho sjølv? » i dag 🙂

Så var det på tide å koma seg vidare på turen. No hadde vi berre ein liten oppoverbakke igjen og så var vi på toppen. Og når ein er på toppen av Reikatindane, ja, då er det stort sett berre nedoverbakkar igjen heile vegen ned til parkeringsplassen. Eg er veldig glad i kortfellene mine, både på opp og ned, men i dag rauk dei til og vart putta i sekken her. Det var som sagt mykje forskjellig føre i dag – ingen av dei var felleføre. Hittil hadde det gått trått både oppoverbakkar og nedoverbakkar, og det lugga. Så no måtte dei altså av. Eg prøvde å overtala Ann Irene til å ta av sine og, iom at ho streva med å få til å ploga skikkeleg når det lugga heile tida, men det var ikkje snakk om. Eg har nok ikkje same overtalelsesevner som andre 😉 Men eg kan jo ikkje seia noko på det – ho er tross alt mykje tøffare enn eg var når eg byrja å gå på skiturar for nokre år sidan 🙂

Men sjølv om eg no har kome så langt at eg synes det er litt gøy med nedoverbakkar, og då å koma ned med skia på beina og ikkje under armen, så er eg framleis Pyseguri. Dei to brattaste bakkane ned frå Reikatindane vart gått ned på skoa 🙂

Denne f.eks. Ein ser det ikkje på biletet, men eg er lika forundra over at tråkkemaskina har kome seg opp her kvar gong eg er her.

Vi fekk akkurat med oss dei siste solstrålande ved Nautavatnet. Fjellsida ned mot Fagnabotnen låg allereie i skuggen, så då tenkte vi at det var like greit å koma seg ned før det fraus på og løypa vart isete.

Her var det gøy å køyra ned i dag. Det hadde nok vore eindel folk til Nautavatnet i dag, for løypa var godt oppkøyrt og det var ikkje byrja bli hardt enda. Einaste minuset var at løypa hella slik mot høgre (på ned – venstre på opp). Eg kan ikkje huska at den har gjort det før i år. Så då føltes det som om ein køyrte på skrå i fjellsida i stadenfor flatt rett fram.

Pytt, pytt, det gjekk fint og vi kom oss ned 🙂

Eg måtte venta litt på Ann Irene etter denne siste bakken, men no var eg komen i sola igjen, så det gjorde ingenting 🙂 Gudane skal vita at andre har måtta venta mykje lenger på at eg skal koma meg ned her….

Siste etappe ned frå Fagnabotnen gjekk og fint – vi kom oss ned utan å bryta hverken bein eller armar 🙂

Skikkeleg nøgde med dagen turen kunne vi køyra heim att.

No spring eg litt att og fram på badet for å spegla meg – skal det ikkje dukka opp så mykje som eit lite brilleskille snart???? 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.