Påsken er gul!

Då har eg faktisk starta Påskeferien allereie 🙂 Ingen store planar for denne Påska, bortsett frå å prøva å koma meg eindel på ski – sol eller ikkje! Ikkje har eg planlagt dei heilt store måltida heller – her hos meg har jo ingen flytta ut enda – ergo kjem det heller ikkje ramlande heim nokon som skal feira Påsken på landet… Han som allereie bur her veit nok at det er stor fare for at det kan bli fiskepinnar til middag i Påsken og, som ellers i året. Men fiskepinnane er jo tross alt gule, så då er dei vel litt Påskete, tross alt?? Ja, for i Påsken skal jo alt vera gult, til og med maten 🙂 Og i dag har eg forberedt meg litt, sånn i tilfelle eg skulle få anden over meg til å laga noko godt i løpet av desse Påskedagane.

Lemon Curd…stod på programmet mitt i dag. Eigentleg er jo lemon curd berre eit «fancy» ord for sitronkrem. Men denne gode sitronkremen kan brukast til så mykje, og er difor kjekk å ha i kjøleskapet. Ikkje treng du ha planen klar for kva du skal bruka den til når du lagar den heller, for den held seg ganske lenge i kjøleskapet 🙂

Du treng:

  • 4 eggeplommer
  • 150g sukker
  • Revet skal av 2 sitroner
  • Saft av 2-3 sitroner (ca. 120g)
  • 100g smør (velg sjølv om du vil ha med eller utan salt)

 

DSC_0806

Ha alle ingrediensane, bortsett i frå smøret, i ein metallbolle. Set bollen med sitronblandinga over ein kjele med kokande vatn og varm opp til kremen er tjukk og fyldig medan du konstant rører. Dette kan ta tid, så smør deg med ein god dose tolmod..

DSC_0809

Røre, røre, røre….

Når du synes du har fått ein tjukk krem, tek du kjelen av plata og rører inn smøret i terningar. Så, vips så har du ein kjempegod lemon curd, eller sitronkrem om du vil 🙂

DSC_0814

Ferdig til å setjast i kjøleskapet 🙂

DSC_0815

Eg veit ikkje heilt kva eg skal bruka kremen til enda, kanskje det blir i ein sitronpai, kanskje i ein kakekrem, kanskje i cupcakes etc. etc. Time will show 🙂

God Gul Påske, folkens!

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.