Påskever meg her og Påskever meg der!

Det er ikkje særleg stabilt dette Påskeveret vi har fått utlevert i år – ikkje at det er så mykje meir stabilt ellers i året heller… Fyrste Påskeferiedagen min tirsdag: Skodde og regn. Men har ein tatt Påskeferie for å trena skigåing, så får ein og koma seg på ski. Eg køyrte opp i Fjellhaugen i 16.30 tida – og fekk lysløypa heilt for meg sjølv 😉 Men det plaga meg ikkje i det heile tatt – det var blitt opphald og det var mjukt og fint føre. Så mjukt og fint at eg forserte alle oppoverbakkar i fiskebein og heiv meg utfor alle nedoverbakkar utan tenkepause – og dei som plar vera med meg å gå ski veit at DET skjer ikkje ofte! Eg trur faktisk aldri dei har opplevd det i det heile tatt – og det var det jo ingen som fekk oppleva denne gongen heller ettersom eg var heilt åleina…..Ja, ja, eg får berre håpa eg tør vera lika tøff ein anna gong og 🙂 I går, onsdag, vakna eg opp til strålande, flott ver! Johoo – her var det berre til å få gjort unna litt naudsynte saker som handling og Polet tidleg… Når det var gjort, heiv eg skia i bilen igjen. Og om eg var aleina i fjellet tirsdag ettermiddag, så var eg i allefall IKKJE einsam i går. Det var jo det glade vannvidd med bilar, ski, stavar, folk etc. etc. på parkeringsplassen – eg måtte snegla meg opp på den øverste parkeringsplassen. I løypa opp mot Fagnabotn var det svart i folk som skulle på skitur i finveret. Eg hadde tenkt meg ein liten tur til Nautavatn, så eg heiv meg inn i køen.

DSC_0821

Nesten på Fagnabotn. Litt ymse føre. Sola hadde byrja ta litt, så det var ei blanding av mjukt og isete. Med kortfeller på spela ikkje føret noko særleg stor rolle 🙂

DSC_0828

Fagnabotn! Her byrja folket spre seg litt. Nokre hadde sett seg ned rundomkring her, nokre valgte vegen mot Nesjastølsvatnet og andre igjen gjorde som meg og tok ruta mot Nautavatn.

DSC_0822

Det går litt oppover etter Fagnabotn.

DSC_0823

DSC_0824

Ahhhhhhhh! Strålande flott og ikkje eit vindpust 🙂

DSC_0826

Endeleg oppe! Og no føl både eg og alle andre oppfordringa om ikkje å gå over vatna på ski 🙂

Her hadde eg tenkt å ta ei lita pause før returen. Eg fylgde skisporet rundt ein sving, og der fann eg Jorunn og Karen Marte som kosa seg i sola. Eg elga meg innpå dei og fekk då og fylgje på turen ned att 🙂

DSC_0827

Min kollega Ivar har og tatt tidleg Påskeferie i år – bland anna for å køyra tråkkemaskina i Fjellhaugen slik at vi andre har flotte løyper å boltra oss i 🙂

Eg var nok ikkje fullt så tøff i nedoverbakkane i frå Nautavatn i går, som eg var i nedoverbakkane i lysløypa på tirsdag. Men, eg tok av kortfellene og det gjekk for så vidt heilt greit nedover i mitt plogetempo 🙂

Om kvelden vart eg invitert på grilling og afterski i stranda, så dagen kan oppsummerast slikt: Flott skitur og hyggeleg kveld i godt lag 🙂

Så får vi sjå kva denne Skjærtorsdagen har å by på – foreløpig fristar det ikkje så veldig å gå ut i regnveret…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.