Eg må vedgå at eg er ganske bra utstyrt med genet «må ha det, berre må ha det!». Så då eg kom over desse…
….. søte stempla på Nille, ja, då måtte eg berre ha dei 🙂
Og sidan det ikkje var så mykje å finna på i går, Skjærtorsdag, fann eg ut eg fekk ta dei fram og prøva dei på nokre vaniljekjeks 🙂 Oppskrift på dei kan du finna her: Vaniljekjeks
Fungerte jo fint desse 🙂
No har stempla havna i skuffa igjen, så får vi så kor lang tid det går før eg finn ut eg skal bruka dei att. Eg har nemleg ein god del slike «må ha det, berre må ha det!» prosjekt gøymt/gløymt i skuffer og skap både her og der 😉
Ha ei fortsatt god Påske, Folkens 🙂