Ja, då var det over – Slarverennet 2016 er unnagjort 🙂 Jammen var det mykje om og men før vi reiste til Gol i år. Pga. vonde føter, lite trening, dårleg helse og div. anna, trur eg vi har hadde lagt både plan a, b, c og d på førehand… MEN, på fredag var vi likevel klare til å ta ut 🙂Magnhild og eg køyrte til Voss for å ta toget til Gol i lag med vossingen, Randi. Jorunn skulle køyra opp etter arbeidstid. Ein anna gjeng i frå Herøysund/Åkra køyrte opp tidlegare på dagen.
Det var i grunnen ganske behageleg å ta toget, men litt kjedeleg etter ei stund. Då var det godt at turen mellom Voss og Gol ikkje er så altfooooor lang 🙂
Vel framme plukka vi med oss skia og pikkpakket vårt og la avgårde mot Pers Hotel til fots. Vi var slett ikkje dei fyrste av toget og slett ikkje dei fyrste til å byrja gå i mot hotellet, men du verden for eit driv vi hadde – snart hadde vi sust forbi alle (og det var ikkje få) dei andre damene som skulle same veg. Ja, eg trur pinadø vi nesten rakk fortare fram enn taxiane og – dei to dei har på Gol, som vi høyrte ei dame nemna 😉
I fjor budde vi på campingplassen utanfor Gol, i år hadde vi fått leiligheit på Lodgen – med afterskiteltet mellom hotellet og oss. Midt i smørauga med andre ord 🙂
Nøgd med startnummert mitt i år 🙂
Sidan vi ikkje var på Gol før kl. 1936 fredagskvelden, var det ikkje så mykje vi fekk tid til den kvelden. Ein rask tur i Slarverennsbutikken og kikka før vi inntok spisesalen på Pers for å eta middag. Eindel meldingar att og fram med Jorunn for å sjekka korleis ho låg an i løypa. Vi vart meir og meir nervøse for at ho ikkje skulle dukka opp, for ho skulle eta, dusja, ta seg ein liten lur og det var ikkje måte på kva ho skulle utføra før ho kunne setja seg i bilen og køyra mot Gol. At det var 1.april tenkte ikkje vi på – Jorunn var for lengstkøyrt heimante då ho sendte oss desse meldingane, så brått stod ho ved middagsbordet vårt med eit stort glis 🙂
Vel tilbake i leiligheita lei vi valgets kvaler. Vermeldingane var nemleg ikkje dei beste for laurdagen og allereie før vi reiste heimante visste vi at løypa var endra frå 27-28 km på fjellet til 17km – kor?? Utpå kvelden kom det ei melding om at løpet var flytta enda eingong – no skulle vi gå frå Gravset til Oset Høyfjellshotell på Gol. No var distansen blitt 23km. Vossingen, Randi, som stiller i ein heil anna skiliga enn oss – skulle gå rennet uansett ver og distanse. Jorunn, som har slete med helsa den siste veka, bestemte seg for at ho ikkje kom til å gå rennet. Så var det Magnhild og meg igjen. Eg ville bestemma meg når eg såg veret an neste dag, medan Magnhild ikkje klarte å bestemma seg for nokon ting som helst denne kvelden….
Det var litt regn i lufta laurdagsmorgon, men vermeldingane sa vel at det skulle bli betre?? Her var det berre til å hiva seg rundt og gjera seg klar…
….til å nå bussen kl.07.30 🙂 To damer klar for skitur 🙂 Magnhild var og klar, men her har eg rett og slett klypt ho ut av venstre biletekant då ho såg langt i frå klar ut og eigentleg skjemte ut heile biletet 😉
Så vart vi bussa til Gravset. Magnhild gjekk rett i ein lang dokø, Randi (som sagt i ein anna skiliga enn oss) forsvann over startstreken og det var det siste vi såg av ho i løpet av rennet 😉
Eg tok på meg skia, som Magnhild hadde vore så grei å smøra inn med universalklister, og stod BOM FAST! HJELP! Eg kikka meg febrilsk rundt og fekk auga på smørehjelpa, reiv av meg skia, toga bort og bad dei venlegast fjerna alt eg hadde under skia og få på noko anna 🙂 Eg vart møtt med ein kort latter og «har du klister på?» før dei smurte skia mine etter alle kunstens reglar 🙂 Eg fekk auga på Magnhild som endeleg hadde kome seg utav dokøen og prøvde å få på seg skia, men det skulle eg ikkje ha noko av – ho fekk grei beskjed om å benytta seg av smørehjelpa ho og! Men det skal ho ha – universalklister var smøretipset som vart sendt ut fredagskvelden, så ho var litt unnskyldt for smøretabben 🙂
Endeleg klar for å starta på Slarverennet 2016!
Klokka var allereie blitt 0840 då vi kom oss over startstreken. Då var allereie neste busslast ankomen og her viste vi at Herøysunds-/Åkragjengen beståande av Ann Kristin, Anne-Grethe og Judith skulle vera. Vi såg ikkje noko til dei og vi var ikkje sikre på om dei hadde klart å snika seg forann oss i løypa eller om dei låg bak. I ettertid viste det seg at dei hadde brukt litt tid på å koma i gang dei og – så dei starta ca. 20 min bak oss.
Eg hadde fått FANTASTISKE ski! Eg dansa meg gjennom løypa lett som ein fjert. Løypa gjekk i byrjinga for det meste inni skog, litt svingete og vi visste ikkje kva som kom rundt neste sving – skulle vi oppover, nedover eller bortover? Samma det – eg sklei elegant rundt kvar ein sving, spratt grasiøst opp dei små oppoverbakkane i fiskebein, satt utfor nedoverbakkan lettbøyd i knea og med rumpa ut 🙂 Vent litt – satt utfor nedoverbakkane??? Jepp – og ganske mange i spor og 🙂 No var det jo ikkje akkurat så veldig bratte og lange nedoverbakkar, men dog. Eg var ganske stolt av meg sjølv og eg sørga for at Magnhild ikkje hadde anna valg enn å skryta hemingslaus over kor flink og tøff eg hadde blitt 🙂 Kun ein bakke inne i løypa tok eg av meg skia og gjekk ned (eg såg det ikkje, men Magnhild sa ho var nedi med stumpen i den bakken 😉 ) + den aller siste bakken rett før mållinja for den var skummelt isete.
Etter ei stund fann vi ut at det var lurt å ta seg ein pust i bakken for å få litt påfyll av…
…energi 😉
Godt med ei lita pause 🙂 So far so good – vi syntes begge det hittil hadde gått leikande lett 🙂
Medan vi hadde pause syntes Magnhild ho såg Judith peisa forbi og prøvde å ropa på ho – utan hell. Sidan vi ikkje såg dei andre to, rekna vi med at det ikkje var Judith vi hadde sett. I ettertid viste det seg at Judith hadde gått foran dei andre, så då var det sikkert ho likevel 🙂
Fylt av ny energi tok vi fatt på neste etappe til, ja, kor til? Eg anar jo ikkje kor på kartet vi befann oss, men vi fylgde no løypa og kom fram til Drikkestasjon 1 (som eigentleg var drikkestasjon 2) vi og. 12km unnagjort og halvvegs i løpet 🙂
Her hadde vi ei god kvil og matpause 🙂 Her såg vi og at ikkje alle hadde vore like heldige med skia – her kom damene med høge kneløft og tramping i bakken. Ski vart skrapa og smurt igjen. Og vi humra og lo litt av det heile..
Eg hadde merka at skia mine hadde byrja bli litt dårlegare og klabba littegrann inn mot drikkestasjonen. Eg valgte då å få smurt skia mine igjen og satsa på at eg skulle gå resten av løpet på perfekte ski og. Det var dagens tabbe! Smøraren på denne stasjonen bomma, dessverre, heilt! Rett skal vera rett – no var det blitt eit vanskeleg føre og dei sa og at no var det ikkje lett å smørja rett. Eg fekk ei merkeleg blanding av bakglatte ski med null fart i nedoverbakker og så gjekk det berre ei kort stund før eg gjekk på høghæla ski eg og. Vi snakka om megaklabbar! Magnhild, som ikkje hadde smurt på ny, sleit med det same. Så no såg vi akkurat ut som dei vi hadde sete og ledd av for berre litt sidan….
No vart det eit strekke med litt banning og klaging over dårlege ski, men eg kan ikkje huska nokon av oss klaga på at vi var lei, eller no måtte mål snart dukka opp? Heldigvis gjekk løypa no slakt oppover mot ein plass dei kalla Appelsintreet, så då var det jo betre med klabbete ski enn spinnglatte i allefall. Det vart liksom ikkje behov for å gå fiskebein lenger… Men, til slutt sa det jo heilt stopp, og vi MÅTTE stoppa å skrapa og prøva noko nytt under skia. Rosa, syntes vi var ein fin farge, så då prøvde vi den. Syntes vi hadde gjort ein glimrande jobb i 20m – så skjøna vi at det hadde vi ikkje gjort. Stoppa og skrapa skia igjen – prøvde blått denne gangen. Syntes vi hadde gjort ein glimrande jobb i 20m- så skjøna vi at det hadde vi ikkje gjort! No vart vi litt oppgitte – det hjalp ikkje at ei DANSK dame gjekk forbi oss og prøvde å trøysta oss med at no var vi snart framme med Appelsintreet og etter det var det berre nedoverbakkar igjen til mål. Eg GJEKK ned mot Appelsintreet. Og då meinar eg at eg gjekk med skia på beina – dei sklei ikkje 1cm framover eingong.
Rett før eg kom fram skjedde det eit mirakel! Kanskje endra føret seg heilt, kanskje gjekk eg over noko usynleg, uansett så forsvann brått all klabben! Eg hoia til Magnhild «No skjedde det noko her – eg sklir!» og fekk til svar «Det same har skjedd her!» På spørsmålet om vi skulle stoppa på denne drikkestasjonen, vart svaret eit klart «NEI»! Vi kunne ikkje ta sjansen på å stoppa no når skia hadde starta å gå på fram igjen 🙂 Så då sklei vi forbi, rakk ut handa og fekk tak i eit glas saft og ein bolle som vi heiv i oss i forbi farten.
No byrja nedfarten dei siste kilometarane mot mål. Vi var no ikkje berre kvitt klabben under skia – vi var kvitt ALT under skia. Det gjekk likevel ikkje så raskt – noko som passa meg utmerka no når det gjekk på ned. Utfordringa no var at her måtte det PLOGAST! Det hadde eg jo vore så stolt over at eg nesten ikkje hadde utført så langt i løpet. Og takk og lov for det – for #¤%¤%&¤¤%&/&%¤ så vondt det gjorde i lysken! Eg måtte stoppa både her og der og bretta beina på plass att. Magnhild suste forbi med eit «eg kan ikkje stoppa for då kjem eg ikkje i gang att!!». Ned måtte eg jo, og eg vart veldig glad då eg omsider fekk auga på ei stor bygning litt nedi bakken. «Ååååå, det må vera høgfjellshotellet», tenkte eg, «snart i mål!». Men då eg kom nærare såg eg at det såg veldig forlatt ut – ikkje lys i vindauga, ikkje eit menneske i nærleiken og «farken og – sklir ikkje alle dei andre forbi???». Eg mista nesten motet, men så stod det ein kar der og kauka » 200meter til mål!!!» Då vart A.Enæs GLAD! Og i det eg runda hjørna slo musikken frå målområdet i mot meg og det yra av liv på nedsida av hotellet 🙂 Siste bakken var bratt og isete og eg fylgde andre sitt eksempel og tok av meg skia og gjekk ned. Så skulle eg berre ta dei på den siste svingen og galant skli i mål. Eg kom ikkje av flekken! Eg måtte bruka alle mine krefter på å koma meg framover på ski som berre ville gå bakover! Dette gadd eg rett og slett ikkje og bestemte meg for å ta av skia og gå i mål. I det eg hadde tenkt tanken, såg eg Magnhild stå rundt svingen og venta på meg, så då hadde eg ikkje anna valg enn å fiskebeina meg fra til ho – og så gjekk vi i MÅÅÅÅÅÅL i lag!! Med ski på beina!!! Kl. 1400 sånn ca.
Så glad vert ein når ein har fullført Slarverennet 2016 🙂
NU hadde vi fortjent ein SKÅL!
Vi sat ei lita stund her i målområdet og såg på livet, høyrte på musikken og skraut hemningslaust over oss sjølve 🙂
Vi syntes sjølve vi hadde fullført med stil 🙂 Til tross for elendige ski siste halvdel, så tok det ikkje motet i frå oss 🙂 Det var litt sur vind og snøver i løpet av dagen – det ensa vi ikkje. Nokon meinte på at løypa var hardare og vanskelegare enn original løypa – vi syntes ikkje det og var nøgd med årets løype.
Jepp, faktisk strålande nøgde sat vi oss på bussen ned til Gol att for å finna igjen Jorunn og Randi 🙂 Vi hadde ikkje sett noko til Herøysundingane enda, så vi rekna med dei låg litt bak oss i løypa. Det dukka opp eit bilete på Facebook etter ei stund, så då skjøna vi dei hadde kome i mål og. Dei hadde slete med dårlege ski heilt i frå starten, så dei hadde nok ein tøffare dag i løypa enn oss. Det reknar vi med prella av på bussen ned – for dei er klare til ny dyst neste år dei og 🙂
I år skulle vi ikkje gå glipp av afterski’en, slik som i fjor! Det ville jo neste vera umogleg å ikkje få med seg iom at vi praktisk tala nesten budde på afterski’en..
Klar for fest!
Full fres i afterskiteltet 🙂
Vi brukte ikkje så mykje tid i teltet – det var rett og slett litt for mange hoppande, galne damer der. Ja, det krydde faktisk av dei 😉 Nei, vi åt ein god middag på hotellet og så gjekk vi i sports-/pianobaren. Det var i grunnen nesten berre hoppande, galne damer der og, men pianisten var i allefall ein mann… Og så fekk vi sitjeplassar og bord 🙂 Mykje lått og løye utover kvelden, trur eg sensurerar vekk dei fleste bileta…
……men god steming var det 🙂
Vi avrunda festligheitane i leiligheita vår, og sjølv om vi syntes vi hadde halde på både vel og lenge, trur eg vi var til køys før midnatt….
Søndagsmorgon sendte vi Randi avgårde med toget heimatt til Voss, medan Magnhild og eg pakka sakene våres i bilen til Jorunn for å køyra heimatt med ho. Og då måtte vi jo køyra om Hemsedal slik som i fjor slik at vi kunne innom House of Hygge butikken 🙂
Eg veit ikkje om dei er vane med at middelaldrande damer klyv inni denne, men det brydde ikkje vi oss om 😉
Sjå der ja, der fann vi ein til 🙂 Og her stod jammen malen til SammenleggBaren våres og 🙂 Vi synes sjølvsagt at vår er finare, for den kan leggjast saman 🙂 Og hvis nokon lurer på kva eg snakkar om, så er det skia til venstre på biletet som har hol til shotteglas 😉
Så bar det avgårde strake vegen til Sogneporten der vi inntok dagens middag. Magnhild var sikkert mest glad for den stoppen for ho hadde ei særs krevande oppgåve som sjåfør frå passasjersida. Ikkje berre skulle ho forklara korleis Jorunn skulle køyra – ho passa på dei som køyrte foran oss og – og dei foran der – og dei foran der..
Neste stopp var bilhenting hos Randi på Voss før vi tok fatt på siste etappe heimover.
Konklusjon: Vi har har hatt nok ei fantastisk kjekk helg på Gol og Slarverennet!!
Skal vi tilbake neste år 25.mars?? ABSOLUTT!
Vil vi anbefala alle andre damer om å melda seg på? ABSOLUTT!
SLARVERENNET 2017 – VI ER KLARE 🙂 🙂 🙂