I dag er det Palmesøndag, og det har vore fyrste spretten for både det eine og det andre for i år…
I går kveld fekk ei melding om å vera klar kl. 12 i dag for tur til Skorpefjellet. Det kunne jo passa, for der har eg ikkje vore før i år.
Kl. 12 stod eg klar på kaien til Marit…
…..og skulle få stiga om bord i Tobias for fyrste gang nokonsinne. I tillegg vart dette årets fyrste båttur 🙂
Veret var så som så. Det kom nokre dråpar, og det tetta seg litt til med skodde medan vi var på veg over fjorden. Men vi var godt kledde, så i brydde oss ikkje så mykje om veret.
Vel over fjorden kunne vi sjå at skodda og regn seig utover.
Og ja, her på øverste gården på Skorpo bur det framleis folk 🙂 Stien går gjennom gårdstunet.
Home sweet home 🙂
Holmen fremst og Uskedalen bakom 🙂
På veg mot Skorpefjellet.
Allereie her byrja Marit å lura på om ho hadde pakka sekken til Egil litt for tung. Ho fann ut at ho måtte letta litt på byrden og trylla fram eit påskeegg frå sekken. 5 sjokolader mindre å bera på smatt Egil oppover stien utan heft.
Stien til Skorpefjellet er både litt oppover, bortover og nedover. Litt smale parti, litt i skog og litt på berg. I dag var det litt vått, så vi måtte passa på både glatte røter og berg.
Ser litt mellomnøgd ut med å bli forstyrra i skogen, denne karen her 😉
Eg synes det gjekk kjapt oppover med oss i dag og før vi visste ordet av det…
…var vi på toppen av Skorpo! Og no var det blitt enda litt meir gufse ver, så utsikta var ikkje nett noko å skryta av. Det går an å seia når ein ser på biletet her, men når Per Ivar prøvde seg på same setning då eg sat rett framfor han litt seinare – ja, då måtte eg protestera 🙂
På toppen av Skorpefjellet Palmesøndag 2016.
Her skreiv vi oss i boka, men var einige om at dette ikkje var plassen å eta nista i dag. Vi måtte gå litt lenger ned att.
Og det passa jo meg fint, for eg hadde pakka ei aldri så lita påskenøtt i sekken. I allefall kamuflerte eg den som det – i tillegg til å leggja det fram som om vi skulle få testa samarbeidsemnene våres – og då kanskje spesielt mannane. Eg har nemleg kjøpt meg hengekøye, og eg tenkte det passa perfekt å få prøvd den for fyrste gang i dag 🙂 Og istadenfor å klura med det sjølv….
….sat eg Per Ivar og Egil i gang meg den oppgåva 😉
Ann Irene fylgjer spent med på samarbeidet «Hvordan henge opp en hengekøye» 🙂
Dette var jo ikkje ei veldig vanskeleg påskenøtt, så det gjekk ikkje lange stunda før…
….eg kunne krypa oppi 🙂
Og eg er veldig nøgd! Hengekøye med myggnetting, ei lita «veske» i «taket» kor eg kan ha mobil, litt godteri, ei bok, Ipad (!!!) etc. etc. Og med hengekøya kom det og ein tarp, og den var god å ha i dag, når det regna litt. Den kan eg ho ha med i sekken sjølv om ikkje hengekøya er med og. Ja, no gledar eg meg stort til at eg skal prøva hengekøya på overnatting 🙂
Eg trur det må ha vore Skorpetrollet som sneik seg til å prøva hengekøya mi i ein ubevokta augneblink – eg fekk berre eit uskarpt bilete av vesenet…
Eigentleg kunne vi jo berre ha blitt her eit par dagar, for Ann Irene og Marit hadde i allefall med nok mat til det. Eit skikkeleg påskematbord med spekemat, kjeks, druer, melkekaker og diverse anna godt 🙂
Påskestemning vart det og med påskekyllingar, påskeduk, påskeserviettar og lys med Paven på kjøpt i Roma. Trur det eller ei, men dette lyset brant heile tida sjølv om det var litt trekk. Vi fann ut at «Den Heilage Ande» måtte halda si hånd over det. Egil meinte vel på at det kom til å bli blåst ut av «Han med den dårlege Ånden»….
Tross litt surt ver kosa vi oss på turen i dag. Turen opp til Skorpefjellet trur eg dei fleste vil klara, både liten og stor. Stien er og godt merka med raude T’ar. Ta turen då vel 🙂