Akk, for nokre flotte dagar vi har hatt – berre så synd eg ikkje kan nyta dei før på ettermiddagen/kvelden. Men, EG har vel ikkje akkurat grunn til å klaga på det…. Det nærmar seg årets Slarverenn 2.april, og opptreninga så langt har vel vore ganske så fråverande, så no er det ikkje noko bøn lenger – vi må TRENA!Så tirsdag kveld var Jorunn og eg klar for å ta fatt på den aller fyrste runden i Fjellhaugen for sesongen. Sidan det hadde vore så varmt på dagtid, og temperaturen i bilen framleis sa det var 3-4 grader ute, rekna vi med at det skulle vera eit blaut føre. Vi vart difor litt overraska over at det var både isete og hardt. Ingen av oss hadde hatt tid/gidda smøra skia, så Jorunn kom seg rundt på smørefrieski og eg på kortfeller. Akkurat det visste eg jo på førehand at ikkje var eit sjakktrekk i lysløypa, men eg labba no rundt….
….på mitt vis 🙂
Sjølv om det ikkje går så raskt med oss, og det var sjølvsagt mørkt lenge før vi var halvvegs i løypa, så var vi riktig så nøgd med skituren. Ja, så nøgd av vi bestemte oss for at vi måtte opp onsdagskveld og – og då ville vi rett og slett laga oss middagen/kveldsmaten ute 🙂
Som sagt så gjort! Onsdagskveld pakka vi sekken med stormkjøken, gass, og alt anna vi trong for å kokkelera ute. Ja, og så tok vi med Marianne som ein ekstra gjest 🙂
Denne gangen satsa eg på å ta av kortfellene og smørja skia istaden for. Rekna med same føre som kvelden før, men smørekunnskapane mine har jo gått heilt i gløymeboka sidan i fjor. Universalklister var det eg klarte å enda på – og smurte på i tjukt lag. Det fungerte for så vidt heilt greit det – bortsett frå null feste i oppoverbakkane….
Sånn ca. halvvegs i løypa fann vi oss ein topp vi syntes var fin og ta pausen på. Rigga oss til og fram med alt vi hadde i sekken…
Rigging av stormkjøkenet…
….kjekt med eigen kjøkenassistent 😉
Naturleg bestikkhaldar 🙂 (Som eigentleg ikkje var så lurt likevel iom at dei vart iskalde å halda i…)
Pølse og potetmos – ikkje det mest avanserte måltidet, men alt smaker jo betre ute 🙂
To damer som kosar seg på skitur 🙂
Marianne er veldig fråverande på bileta eg tok denne kvelden – mogleg ho var på fullt firsprang etter skia om stakk av då det var tid for fotografering…
Ei riktig så fin og koseleg stund hadde vi her. Men det vert fort kaldt om ein sit for lenge, så då vi var mett og god, var det på tide å pakka saman igjen. Ja, for vi hadde jo enda lenge igjen av turen – for oss å koma oss ned at til parkeringplassen er jo eit skue utan like.. Marianne på sine nye ski m/kortfeller som lugga, eg, som knapt tør stå ned noko som ikkje krev staking (men eg synes eg kom meg littegrann i går kveld på det feltet) og Jorunn som febrilsk prøver å få litt fart på oss 🙂
Vi kom oss omsider ned, og det heilt utan knall og fall! Det skal jo og godt gjerast når ein knapt bevegar seg frametter… Vi var einige om at dette hadde vore ein fin tur og, men at vi no får ta ei lita pause til vi har anledning til å gå på ski på dagtid.
Det er jo litt for seint å koma i superform til Slarverennet no, men vi får satsa på å nytta Påsken og dei ekstra fridagane den bringer med seg til å trena så godt vi kan 🙂