Det nærmar seg Påske, og kva passar betre då enn at eg deler oppskrifta på mine favorittbollar (uansett årstid/høgtid, for så vidt 🙂 )- verdens beste appelsinbollar….Til deigen treng du:
- 50 g gjær
- 5 dl mjølk
- 150g smør
- 1 dl lys sirup eller 1 dl sukker
- 1 kryddermål salt
- revet skal av 1 appelsin
- 14-15 dl kveitemjøl
Så gjer du slik:
- Smuldre gjæren i ein stor bakebolle – rør ut i litt av den kalde mjølka.
- Smelt smør og hell i resten av mjølka – la dette bli 37 grader.
- Hell væska over gjærblandinga.
- Rør inn sirup, salt og revet appelsinskal.
- Tilsett mjøl og rør alt til ein deig
- Dekk deigen og la heve til dobbel størrelse, ca. 30 min
Fyll:
- 300g kransekassemasse
- revet skal av 1,5 appelsin
- 1,5 ss appelsinsaft
- 125g romtemperert smør
Bland saman kransekakemasse, appelsinskal og appelsinsaft
Når deigen er ferdigheva kjevlar du den ut på melet bakeflate, brer smør over og fordel mandelmasseblandinga over. Rull saman og skjer opp ca. 2 cm breie bollar som ein legg på bakeplate med bakepapir for etterheving i ca. 20 min.
Pensle bollane med egg og strø litt perlesukker over.
Steik midt i omnen ca. 5-10 min.
Dette er den vanlege måten å gjera det på. Men så, det som fekk bakelysten til å slå til i dag – eit inspirasjonsbilete på Instagram (sjølvsagt): Rundstykka til #borrowmyeyes – med beskrivelse på nettsida borrowmyeyes . Då eg såg dei berre MÅTTE eg prøva same framgangsmåte på appelsinbollane 🙂
Ja, ja, eg får vel trøysta meg med at øving gjer meister…
….liknar ikkje heilt på malen dette her, men….
…smaken var lika god som alltid…mmmmmmmmmm….
Også vart dei akkurat ferdige til at eg kunne setja meg godt til rette og nyta dei no medan eg ser på at Norge skal ta gull på stafetten i Holmenkollen – igjen 😉