På laurdag var endeleg dagen komen som eg hadde gleda meg til i eit år – årets Fest og Basar 🙂 Ja, for fjorårets basar vart slik ein suksess at det var ikkje noko val – den må haldast årleg 🙂Hadde fått med meg ein liten komitee beståande av Anne-Grethe, Magnhild og Jorunn i år + vi flytta basaren i frå Gamleskulen til Helgheim. Litt fleire gjester var beden inn, men ikkje så mange – vi vil ikkje vera fleire enn at alle kan vinna 🙂
Kl. 1900 var vi klare til å ta imot gjestene og kl. 1930 serverte vi heimalaga betasuppe. Vi er jo ikkje nokon erfarne basarhaldarar enda, og det er jo alltids rom for forbetringar. Vi syntes ikkje vi trong vaska opp meir enn naudsynt, så vi gav gjestene pappsuppetallerken og satte suppepanna lengst mogleg vekk – og så ba vi dei gå å forsyna seg! Det viste seg ganske raskt at det var ein øvelse ikkje alle beherska – suppetallerkane var vel ikkje av ypperste kvalitet i år heller, må vi vedgå – det skvulpa over både her og der. Note to ourselves i framtida 1: Anten må vi faktisk gje gjestene skikkeleg porselen, ellers så må vi servera suppa på bordet:-) Nuvel, eg trur alle vart mett og god uansett. Den der forestillinga våres om å spara oppvask haldt ikkje mål i det heile tatt – gjestene var heller ikkje før komen inn døra før dei forlangte skikkelege vinglas – må ikkje tru dei ville ta til takke med plastglasa vi hadde sett utover 😉 Note to ourselves for framtida 2: Gjestene våres drikk ikkje av kva som helst! Og når eg tenkjer etter var dei søren klype meg ikkje nøgd med bordoppsettet heller – dei forlangte å få sitja nærare kvarandre! Akkurat det var no eigentleg litt koseleg 🙂
Men når alt dette var unnagjort – ja, då var vi klare til å starta det vi var komen for – BASAREN! Alle hadde i utgangspunktet fått utlevert 9 årer kvar, men sidan vi hadde litt fråfall av gjester, fekk ein og moglegheit til å kjøpa seg ei ekstra åre kvar 🙂 Vi likar å kalla oss ein gratis, spleisebasar sidan det er gjestene som må ta med gevistar mot at dei får årene – men så flår vi dei for pengar på annavis iom at i år måtte dei betala ein liten sum inngangspengar + dei kunne kjøpa seg ei ekstra åre + vi hadde laga til ein Mystery Box dei kunne ta lodd på:
Det var mange som ville ha tak i denne»mystery boxen» 🙂 Den enda til slutt opp i Herøysund, kor den heldige vinnaren kan kosa seg med litt ekstra stæsj i Påsken 🙂
Sjefsnummerristaren, Anne-Grethe, hadde fått gyldig fråvær for å reisa på kurs på Voss denne helga – det kan vi ikkje tillata til neste år! Kan skjøna det badla seg heilt til for oss som aldri hadde tatt i ein slik ristar før 😉 Det var dott, punktum, null og eg veit ikkje kva og høglytt diskusjon om kva som var bak og fram på dingsen. Ja, riktig så ampert kunne det vorte om ikkje gjesten Klara med sine aggressive briller vart hanka inn til å ta ansvar for nummerristinga 😉
Vi køyrer same opplegg på basaren vår som speleselskapa på nett – lar dei nye gjestene få vinna litt i byrjinga, slik at dei vert hekta. Det var jo litt artig i byrjinga, men dei vann jo så mykje at vi ei stund lurte på om vi rett og slett måtte hiva dei på hovudet ut døra att – for vi andre ville jo sleppa til vi og 😉 Men så slo dei til på andre enden av bordet og – i år var det Per Ivar som sikra seg eindel nye pannebånd. I år fekk dei mykje skryt iom at dei kom med mønster på:
Desse to f.eks blir skikkeleg flotte når dei skal gå på tur i matchande pannebånd og like solbriller 🙂
Det skal ikkje stå på gevinstane på våres basar – det var nesten så vi ikkje fekk plass på gevinstbordet 🙂 Det tar litt tid å få levert ut alt. Når det i tillegg manglar eindel tal og ein må rista nytt nummer, tar det enda lenger tid. Jorunn prøvde febrilsk å få Svein Vidar til å rekkja opp handa kvar gong det kom eit slikt manglande tal, så når Svein Vidar til slutt rakk opp handa, såg vi det beint fram naudsynt å kontrollera åra hans 🙂 Herr og fru Myklebust/Bringedal stakk av med begge ølvottane som var blant gevinstane, men det skulle vel berre mangla at ikkje ein ølekspert fekk seg skikkeleg utstyr til ølet sitt 😉 Marita har lagt ut leiligheita si i Stavanger til salgs og kan risikera å bli huslaus kva tid som helst – vi hjalp litt til og gav ho ei gratis helg ho kan bu på ungdomslagshytta Fjelly om det skulle oppstå ein akutt situasjon. Der kan ho kosa seg med økologiske egg og svinsa rundt i den nye, flotte, rosa handklekjolen sin 🙂 Ja, om ikkje Kjellrun får tak i den fyrst og bruker den som mikroklut under husvasken….Ho kan forresten putta dei nye vinglasa i sekken sin og besøka Marita på Fjelly…. Nokon vart riktig så kaksige av gevinstane dei vann…
….desse to f.eks opphøya seg sjølv til Kaptein og The King.. Og heretter kjem dei kun til å drikka økologisk melk frå lykkelege kyr på Dynjo 🙂
Det viste seg og, litt utpå natta, at Frode og faktisk hadde vunne seg ein hatt, men den har vi dessverre ikkje bilete av…
Ann Kristin tok det litt roleg for ho skulle pakka kofferten på søndag for å reisa til varmare strøk. Vi såg det då heilt naudsynt å senda med ho «damenes survieval kit» ….
….. som Jorunn her viser fram og prøver å demonstrera korleis ein skal bruka…
…T
tar vi ein nærare titt på dette ser vi at det inneheld ein tissetut, ein skvett Dooleys (som ein sikkert treng for å drikka seg til mot for å ta i bruk tissetuten), og eit multiverkty som består av fløyte, kompass, lommelykt og litt forskjellig anna som eg ikkje kjem på. Alt i alt – eit kit alle damer bør ha i veska si 🙂 Likevel litt usikker på om Ann Kristin fylgde heilt med på demonstrasjonen då eg er sikker på at eg litt utpå kvelden observerte ho med tissetuten på nasen….
Eg kan jo ikkje ramsa opp alle gevinstane og vinnarane – sjølv om eg har nok å ta av. Den store spenninga var jo om nokon av gjestene kom til å stikka av med hovudgevinsten i år – MOTORSAGA – eller om ho kom heim i kjellaren igjen enda eingong??? Akkurat i det vi var klar for å trekkja vinnarnummeret følte Vidar for å reisa seg for å fortelja at han og Marit hadde vore i skogen tidlegare på dagen. Kan tru vi andre såg litt usikkert på kvarandre og lurte på om dette passa seg – burde vi stoppa han før han fekk fortalt for mykje?? Men så viste det seg at det faktisk var motorsaga si han eigentleg ville snakka om – og kor elendig den var. Ja, det kom ein heil appell om kor mykje bruk han hadde for ei ny motorsag – eg lurte ein augneblink på om han kom til å spørja alle dei andre om å overrekka han årene sine… Og ikkje nok med det – vedkløyvaren hans var visst ikkje noko til tess den heller – så vi føler vel litt på at han har lagt litt føringar til oss ang. neste års hovudgevinst 😉
Men, det var diverre ikkje Vidar som vann motorsaga, for det var det nemleg denne karen som gjorde:
Tor vart den heldige vinnaren av motorsaga – komplett med vernebriller og hjelmhua!! (Litt usikker på kor den var når biletet vart tatt) GRATULERA SÅ MYKJE! Så kan vi berre gjetta på kva som kjem til å ta livet av han fyrst- motorsaga eller pakken med marshmallows/kakao….
Så slik gjekk det på årets basar 🙂 Eg håpar alle gjestene kosa seg og at dei vil koma attende på basaren neste år – for eg tenkjer det må bli basar i 2017 og 🙂 🙂 🙂