Årets fyrste skitur!

Det har tatt si tid, men i går kom eg meg endeleg på årets fyrste skitur! Og FOR ein strålande skitur…Eg var svært nøgd då eg kikka ut av vindauga i går morges og kunne konstantera at det såg veldig lovande ut når det gjaldt veret 🙂 Her var det berre til å hiva seg rundt, pakka sekk og ski og venta på at Anne-Grethe skulle plukka meg opp. Ho hadde heller ikkje kome seg på ski før i år, så denne skispretten gleda vi oss til begge to. Då vi parkerte i Fjellhaugen kl 0930 var sola allereie på plass og gradestokken i bilen viste -4,5 grader – heilt ypparleg skiturver 🙂

DSC_0673

Anne-Grethe gjer seg klar for skitur – vi satsa på kortfeller begge to i går.

Vi la i veg opp skogsvegen mot Fagnabotn – litt usikker på om vi då hadde bestemt oss for kor turen eigentleg skulle gå…Eg synes det gjekk leikande lett oppover, sikkert fordi vi var lika glad for endeleg å vera på ski igjen begge to 😉

DSC_0675

Her har vi nesten nådd opp til Fagnabotn.

received_10207028793730739

Yohoo! Fyrste mål nådd – skiltet ved Fagnabotn. Og sjå berre her kor fantastisk flott det var! Best av alt – ikkje EIT vindpust 🙂

Vi vart ganske så raskt einige om å ta løypa mot Nesjastølsvatnet denne gangen, koma oss forbi Reikatindane, ned til Nautavatn og ned igjen til Fagnabotn. I fjor gjekk vi andre vegen og Pyseguri (altså meg – ikkje Anne-Grethe) brukte si tid på å koma seg ned. Nedoverbakker og A.Enæs er ikkje heilt vener – folk flest klarar sikkert å trakkar seg sidelengs nedover raskare enn eg plogar… Okkesom vi la i veg…

DSC_0679

Tilbakeblikk mot Fagnabotn og i det fjerne skimtar ein løypa inn til Nautavatn. Ser dåke harespora? Eg la ikkje merke til dei før eg kikka på biletet 🙂

DSC_0680

Då vi gjekk her i fjor var det ikkje køyrt opp løype, i går derimot – kjempeflott, oppkøyrt løype heile vegen!

DSC_0682

Her har vi kome oss litt opp i høgda og fått fantastisk utsikt heimover mot Ulvanåso!

DSC_0683

Villmarksgenet slo inn – sjå her Teltøttene – eg har ringa inn ny teltplass til oss 😉

Strålande skiløype, blå himmel, sol som varma, fantastisk utsikt over alt og framleis ikkje eit vindpust – vi kunne ikkje vera meir nøgd med denne skituren. Faktisk trur eg at eg slo fast allereie her at det måtte vera den aller finaste skituren eg har vore på – ja, den slår faktisk dei par turane eg har hatt frå Utåker og opp på Ulvanåso, og det hadde eg ikkje trudd gjekk an!

DSC_0686

Veldig nøgd denne tøtta og 🙂

Vi fann ut at løypa vi gjekk i fjor må ha vore veldig forkorta i forhold til årets oppkøyrte løype, for denne gangen kom vi heilt bort til Nesjastølsvatnet og rundt over det, noko vi ikkje gjorde i fjor. Den oppkøyrte løypa er mykje lenger, men det gjorde ingenting – ingen av oss hadde det travelt i går. Sjølv om løypa går litt opp og ned, sleit vi oss heller ikkje ut.

Etter å ha gått oppover ei stund kom vi til eit vegskille der løypa tok mot høgre opp mot Reikatindane og fortsatte framover mot ein eller anna plass eg ikkje huskar namnet på. Det stod ingen skilt her ved dette skillet, så dette visste vi ikkje akkurat då, men fann ut etter å ha forhøyrt oss litt med nokre andre skigåarar. Vi var nemleg ikkje dei einaste som hadde valgt å gå skitur i går 🙂

DSC_0687

No var det på tide å ta pause, og vi sat oss rett og slett på toppen av løypa 🙂

DSC_0692

Til høgre – hovudløypa opp mot Reikatindane…

DSC_0693

…og rett fram utsikt mot Ingahogg! Vi innbilla oss no at vi visste kor vi var, og medan vi hadde pause bestemte vi oss for at vi skulle ta den løypa som dåke ser på biletet tilbake til Nautavatn. Men medan vi sat her, kom det eindel folk opp løypa ein så vidt skimtar inn frå venstre før den flate løypa byrjar gå oppover, så då enda vi opp med å gå til venstre når vi kom ned dit.

Men fyrst hadde vi ein god pause – og feira litt BURSDAG! Jepp, eg hadde jo bursdag og nista var pakka deretter 🙂

DSC_0691

Litt bobler og muffins må vera lov på ein sådan dag 🙂

Untitled-2

Untitled-1

Og så drog Anne-Grethe katta utav sekken – eller i allefall ein pakke! Det hadde eg ikkje forventa i det heile tatt, så det var ein overraskelse 🙂 Sjå dei flotte sokkane ho har strikka til meg! Teltsokkar 🙂

Etter å ha kosa oss både vel og lenge, var det på tide å ta fatt på resten av skituren. Som sagt så skøyna vi inn til venstre kor vi hadde observert at det kom eindel folk opp.

DSC_0697

Her har det hoppa ein som ikkje har brydd seg om å fylgja løypa – og som dåke ser – han har hoppa langt 🙂

Vi trong ikkje gå så langt før vi møtte på nokon som kunne fortelja oss at det snart var såpass bratt at vi kanskje måtte ta av skia å gå ned. Eg er jo vane med å bera skia ned både bratte, mindre bratte og ganske så slake bakkar eg, så det skulle gå greit 🙂 Anne-Grethe derimot, skyr ikkje ein nedoverbakke – men akkurat denne måtte ho stå over ho og. Men ho for raskt nedover då det var ok å ta på skia igjen. Eg høyrte ho ropa at vi kom ned til hytta vi sat ved i fjor, men det kunne vi ikkje få til å stemma?? Men joda, det gjorde det. Og då vi snudde oss og såg oss tilbake, gjekk det opp for oss at bakken vi nett hadde kome ned, var same bakke vi hadde streva og slete oss opp med å trakka sidelengs i fjor…

Dette var jo ein gledeleg overraskelse – vi kom jo ned der vi eigentleg i utgangspunkter hadde lyst å koma ned. Men då vi hadde pause trudde vi at det var ned til hytta løypa til Reikatindane kom. Den derimot, kom ned på andre sida av Nautavatn – altså der kor skiltet står. No måtte vi  gå tvers over Nautavatn for å koma oss ned til Fagnabotn igjen.

Så er det dette med å gå på ski over vatnet – skal/skal ikkje? Vi tok sjansen rett og slett fordi det er køyrt scooterløype over +  vi var langt i frå dei fyrst som hadde gått der. Ein skal kanskje ikkje stola på det, men det gjekk no bra denne gangen og.

DSC_0699

Nautavatn – tvers over her kom vi. Hytta skimtar ein så vidt i det fjerne.

Då gjenstod berre siste etappe ned mot Fagnabotn og parkeringsplassen igjen.

DSC_0701

Tilbakeblikk inn mot Nautavatn.

DSC_0700

Utsikt ned mot Fagnabotn. Og ja, her går det ikkje noko raskt nedover med A.Enæs, men eg kjem meg ned til slutt eg og 🙂

Det var to veldig glade damer som kunne ta av seg skia på parkeringsplassen i går 🙂 Dette hadde vore ein fantastisk, flott skitur. Farge etter sola hadde vi og fått – vart både brille- og hueskille i går. Såpass at eg vurderte om eg måtte klyppa pannelugg før eg gjekk på jobb i dag 😉

Anne-Grethe hadde mann og barn i barnetrekket og skulle vera i fjellet litt lenger. Eg trua guten til å koma opp i fjellet og henta mor si så ho kunne heim og få klar litt kaker…

DSC_0702

Tusla meg nedover vegen her medan eg venta på skyss.

DSC_0704

Og med denne vakre utsikta avslutta eg dagens skitur 🙂

Så var det heim og laga til litt kaker i tilfelle det dukka opp nokre gjester – og det gjorde det jo 🙂 Og så toppen av i’en på dagen – 71 grader nord på fjernsynet der kjendisane måtte klatra i Ulvanåso 🙂

Ja, dette var sanneleg ein flott dag på alle måtar! Anbefalar alle som har anledning til det om å ta fram skia og ta seg ein skitur i Fjellhaugen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.