Etter å ha gjort unna ei veke inne på kontoret for fyrste gang på 4 månader, var det flott å tilbringa kvelden og natta i den nye gapahuken ved Fjellandsbøvatnet 🙂Eg var spent på kor mykje eg kom til å frysa gjennom natta, men då eg vakna i ein varm sovepose utan ha frøse på så mykje som ein fingertupp, vart eg så hoppande glad at eg heiv meg på yogabylgja som er over oss no om dagen. Gjer merksam på at yogaøvelsane er laga heilt etter eiga hovud…
Tenk å vakna opp under open himmel til dette her – er det rart eg vart inspirert??
Håpar alle har hatt ei lika flott helg som meg – no er i allefall eg klar til å ta fatt på ei ny veka 🙂