Petter Uteligger og eg…

…har foretatt to «omvendte» prosjekt i det siste. Medan Petter klarte å leva 52 dagar på gata i Oslo har eg prøvd så godt eg kan og halda meg heime dei siste 130-140 dagane……det synes eg at eg har klart litt betre enn forventa. For medan Petter antagelegvis hadde planlagt sitt prosjekt ein smule, måtte eg hiva meg inn i mitt og ta det på sparket.

Eg var nok ein smule betutta då eg måtte forlata arbeidsplassen min i slutten av september med permitteringslappen i handa. Det varte vel så og seia til eg hadde fått på meg turkleda og koma opp her (betuttelsen altså – ikkje permitteringa):

6

Då hadde eg allereie bestemt meg for at det ikkje gjekk an å grava seg ned over dette – det var jo ikkje verdas undergang og alt måtte vel ordna seg til slutt 🙂

Eg gav meg sjølv nokre oppgåver for å halda hjula i gang: Stå opp og laga nista til gutungen om morgonen for ikkje å gløyma korleis det var å stå opp til vekkerklokka, koma meg ut i frisk luft kvar dag uansett ver og ha middagen klar når guten kom heim att frå jobb. Om ettermiddagen gjekk jo dagane uansett som normalt…

No må eg seia at eg var heldig med høstveret – eg fekk mange fine turar i flott ver:

5

8

8

Og nokre i litt meir gufse ver, men dei trur eg at eg har fortrengt 🙂

Nett no virkar det som om det berre har vore dritver i vintar, men det stemmer jo slett ikkje:

10

6

F

DSC_0434

DSC_1127

Når eg ikkje var ute å trødde, var det om å gjera å finna på noko inne. Eg var jo heilt sikker på at eg skulle gå i Netflix fella, men det gjekk jo heilt skeis. Eg har faktisk ikkje opna Netflix eingong på denne tida – og no huskar eg ikkje passordet mitt eingong…. Derimot har eg strikka ein del og faktisk lært meg litt hekling:

DSC_1175

DSC_1122

Og så gjekk eg jo heilt bananas når eg fann ut korleis eg skulle laga islykter! Til slutt såg inngongspartiet mitt ut som inngangen til eit åndeleg hus der ein sit i ring med store tekoppar, «mmmmmm’ar» i kor og prøver å finna meininga med livet i ein eim av røkelese..

DSC_1114

Men dei vart jo fine då – eg ventar jo eigentleg berre på at det skal bli minusgrader att 🙂

Eg har høyrt så mange krimbøker via lydbok på turane mine og medan eg har site i sofaen med strikketyet at eg no har byrja avsløra kjeltringane allereie i byrjinga av bøkene….

I motsetnad til Petter, har eg ikkje fått nokre nye vener på den tida eg har tilbrakt heime. Tvert i mot kan det vel henda at eg har forsømt dei eg allereie hadde. Eg har jo gjort ferdig mine turar og har site godt planta i sofaen når dei har vore klar til å finna på noko…. Likevel har dei no forbarma seg over meg no og då og dratt meg med ut no og då:

40

Kusinehelg i Nordalen

3

Julegodterilaging..

1

…og litt anna godteri 😉

DSC_0348

Innekos…

DSC_1163

…og utekos 🙂

Ja, sånn har dei no gått desse dagane heime. Gutungen kan ikkje fatta og begripa at eg har hatt gidda til å gå heime heile dagane – det hadde i allefall ikkje han gidda. Nett den haldninga synes eg det er heilt greit at ein 19-åring har 🙂

Men alt har ein ende, og i dag var mitt prosjekt ferdig for denne gongen. For medan eg har gått å sulla i mi eiga boble her heime har mine kollegaer jobba ræva av seg for å halda hjula i gang på jobben. Og det har dei klart så bra at i dag kunne eg igjen nyta denne utsikta:

DSC_0578

Så då ordna det seg jo til slutt. Det er nok like greit at prosjektet mitt tok slutt no og at eg kjem meg ut i den verkelege verda igjen 🙂 Øknomisk sett er jo ikkje eit slikt prosjekt som dette særleg lukrativt, og sånn sett ikkje noko å trakta etter. Det finnes jo heller ingen fornuft i at friske, oppegåande folk i sin beste alder skal bruka tida si på eit slikt eksperiment. (No høyrte eg at nokon kremta både av frisk, oppegåande og beste alder… 😉 )

Nei, vi får vel håpa at det blei med det eine eksperimentet for min del- eg er fullstendig klar over at det ikkje er gitt i våre dagar. Eg er og fullstendig klar over at ikkje alle som er midt i eit slikt eksperiment – for det er jammen altfor mange i våre dagar – synes det er like kjekt og at for mange er det rett og slett ei krise. Og eg er og fullstendig klar over at ikkje alle er like heldige som meg som faktisk har ein arbeidsplass eg har fått lov å koma tilbake til…

Eg reknar ikkje med at Petter har planar om å flytta ut på gata att med det fyrste og sjølv får eg kryssa fingrane for at det blir ei god stund til eg skal bruka dagane mine på fjellet og i sofaen – eg har jo tross alt helgar eg kan bruka til slikt 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.