Morn du!

Skal sei det er svung i temperaturane for tida! Berre nokre dagar sidan vi hadde skikkeleg vintareventyr med -13 grader, i går kom sumaren med +12 grader og i dag viser gradestokken +5 utanfor mitt kjøkenvindauga….Forrige veka hadde eg nesten ikkje tid til å venta med å koma meg ut på tur i sol og snø, denne veka…nja…tar meg litt betre tid til å nyta frukostteen 🙂 Eg er ikkje noko kaffidrikkar, men ein god kopp te høyrer til frukostritualet. Det er vel strengt tatt det einaste frukostritualet eg har då eg ikkje er spesielt glad i frukost….

Spesielt prippen på teen min er eg ikkje – Earl Grey og Fruit Forest har halde i lange banar til meg. Det hender eg prøver meg på nokre fancy greier som skal få blodomløpet i gang, harmonisera sinnet eller varma meg på øyrene, men eg endar som regel med å finna tilbake til Earl Grey..

Det kjenner eg vert litt vanskeleg no, for her om dagen kom eg over dette temerket:

DSC_1118

Tetøsene!

Alle skjønar at A. Enæs ikkje gjekk til innkjøp at denne teen fordi ho trudde den kom til å smaka himmelsk – her vart ho eine og aleine blenda av type og beskrivelse 😉 Tetøsene – genialt navn på eit temerke, syntes no eg 🙂 Og kven vil ikkje starta dagen med Reidars frekke frokostflørt??? Tetøsene sin te får du i diverse variantar – alle med eit sneddent navn og artige tekstar på pakken. Og har du fått ein pakke i hus får du denne teksten med på eska: «Gratulerer som eier av denne pakken med herlig te – du kan nå kalle deg en ekte tetøs du også!» 🙂

Men det er no eingon ikkje eska ein skal drikka/eta. Eg forventa vel eigentleg ikkje at teen skulle smaka så mykje annaleis enn andre tear, men denne var litt sånn: «Hmm…», «dette smaka no godt?» » slett ikkje verst» og til slutt » er det sånn te FAKTISK SKAL SMAKA???» For dei to typane eg hittil har gått til innkjøp av smakar jo fortreffeleg! Eg føler nesten at eg har gått frå dårleg heimebrent til polvarer! (No trur kanskje nokon at eg er så begeistra fordi eg faktisk har hatt polvarer i teen, men det har eg altså ikkje 😉 )

DSC_1194

Ja, det var teen sin det 🙂

No skal eg kosa meg med Halvors herlige hasselnøtter – før eg skal ut på min daglege runde i frisk luft 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.