Hekta på islykter!

Eg syntes sjølv eg etterkvart fekk dreisen på desse islyktene eg laga eit innlegg om tidlegare (Islykter) 🙂 Ja, eg vart etterkvart litt hekta på å fylla ballongar med vatn……for så å setja dei på trappa og kryssa fingrane for at det ikkje skulle bli varmegrader i laupet av natta. No har vi jo vore så heldige at vi fekk behalda minusgraden ganske lenge – og eg fekk etterkvart ei heil samling at lykter på trappa..

Untitled-1_01

Litt hekta på lyslykter…. 🙂

DSC_1110

DSC_1114

DSC_1106

Ein får sjølvsagt finast lykt om ein brukar «ekte» lys oppi, men som dåke ser her – er det berre littegranne vind så vil lyktene smelta. Om ein vil behalda lykten heil og fin, brukar ein ledlys – slik eg har gjort i lykta fremst i bilete. Skal ein ha trappa si heilt full av islykter er sikkert ledlys det sikraste å bruka og….

DSC_1183

Men i natt skjedde jo det som måtte skje – det kom varmegrader igjen 😦 Så no står lyktene mine på trappa og…

DSC_0556

….smeltar vekk 😦

Ja, ja, det var kjekt så lenge det varte. Og vintaren har jo nett byrja, så eg kryssar fingrane for at det blir minusgrader igjen og eg kan laga nye 🙂 Hadde eg hatt større fryseboks hadde eg vurdert å hiva nokon oppi der som eg kunne tatt fram på ein sommarfest 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.