Islykter!

Tidlegare har eg lagt ut eit innlegg om korleis ein lagar fine lykter i glas (Lyslykter), og no kjem eit innlegg om islykter laga ved hjelp av vatn og ballongar..Eg kom over eit fint bilete av @moseplassen på Instagram forrige veke som viste nokre flotte islykter ho hadde laga. Ho hadde lagt ved link til heimesida si kor ho viste framgongsmåten – dette MÅTTE eg jo sjølvsagt prøva 🙂

Ballongar vart innkjøpt, og eg satt i gang med prosjektet. Den fyrste ballongen sprakk – og eg fekk eit ufrivilling opphald kor eg måtte vaska kjøkendisk og golv før eg kunne fortsetja…

DSC_0313

Det tok ikkje så lang tid før desse kom på trappa.

Så var det berre til å venta…eit døger…Eg var veldig spent på korleis dette kom til å sjå ut neste dag. Fjerna ballongen på den minste lykta…

DSC_0315

….slett ikkje verst 🙂 Kunne ha hatt ein finare fasong, men det er det jo potta ein puttar ballongen i som bestemmer…

Tok fatt på lykt nr. 2. Denne hadde ein veldig fin fasong – men uheldigvis så var ikkje botn lika godt frosen som resten, så den enda slik:

DSC_0317

Nuvel, ein kan ikkje lykkas alltid 😉

Lykt nr. 3 valgte eg å laga opninga i botn i staden for på toppen. Det var ikkje heilt vellukka det heller, for då blei lykta meir som ei stor skål. Men, men, det går an å ha lys i skåler og 🙂

DSC_0374

Skål nr. 1 har fått lys i seg. Mine lykter vart litt for små til å ha kubbelys i, så eg brukte store telys i stadenfor.

DSC_0375

Ja, ja, ikkje så aller verst for fyrste forsøk? Må her leggja til at når biletet vart tatt så hadde lykta stått å smelta i varmegrader ein heil dag…

DSC_0376

Sidan lyktene vart så små fekk dei og fint plass i hylla på trappa mi 🙂

DSC_0378

Den største lykta som vart meir som ei skål.

DSC_0379

Vart ikkje 100% nøgd med desse to lyktene, men satsar på at øving gjer meister 🙂

Eg fylte sjølvsagt i nye ballongar med eingong eg hadde fått ferdig dei fyrste, men så slo jo veret om og det vart plussgrader igjen. Difor står no desse ballongane….

DSC_0380

….og blomstrar på trappa 🙂

Dei melder kaldare vert på slutten av veka igjen, så eg satsar på at det skal bli lykter av desse og 🙂

Hvis du vil sjå korleis ein SKAL laga desse islyktene, kan du gå inn på Moseplassen si heimeside og sjå video: Ballongislykter

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.