Vintertur til Vardhaugselet!

I dag hadde damene planlagt tur til Vardhaugselet. Etter dei flotte dagane vi har hatt den siste veka, såg vi for oss at vi skulle gå tur i strålande vinterver, men sola glimra med sitt fråver i dag. Det gjorde ingenting – vi hadde ein flott tur likevel 🙂

DSC_0322

Fjellfie på Olderbotten 🙂 Desse to damene gjekk i førvegen, medan den siste måtte koma etter pga eit opphald på jobb.

På veg opp gjennom skogen gjekk vi oss så varme at vi måtte hiva av oss kler. Dei måtte på igjen då vi kom opp på fjellet. Vi fekk eit lite verskifte der med snø i lufta og iskald vind.

DSC_0323

Ikkje langt igjen når vi har nådd dette skiltet 🙂

DSC_0324

Utsikt mot Manen.

DSC_0326

Endeleg – Vardhaugselet i sikte 🙂

Det var så mykje bil nede på parkeringsplassen i dag, så vi trudde nesten vi skulle gå i kø oppover. Vi var difor overraska over at vi kun traff 3 personar på veg ned då vi var på veg opp. På Vardhaugselet såg vi ikkje snurten av folk – sjølv om det var mange som hadde skrive i boka 🙂 Dei har nok gått ned andre vegar  – og alle som var ute på tur i dag har vel ikkje vore på Vardhaugselet heller 🙂

DSC_0332

Godt å koma innomhus – sjølv om temperaturen var like både inne og ute 😉

Planen i utgangspunktet var å grilla pølser ute i sola, men no endra vi på dei planane.

DSC_0334Det vart kjapt fyr i omnen inne når fyrbøttar Sæle satte i gang 🙂

DSC_0336 Litt godt i sekken må ein alltid ha 😉

DSC_0339

Med fyr i omnen var det berre til å setja seg til rette å kosa seg 🙂

Slike kalde dagar klarar ein ikkje fyra slik at det blir noko varme i selet, men framfor sjølve omnen fekk vi det varmt å godt 🙂

DSC_0341

 Kos 🙂 Tok ikkje lang tid før Ann Irene byrja kjenna ei sitring i stortåa. Ein kjapp kikk under skoa og vi kunne konstantera at enn så koseleg det var å sitja sånn, så måtte dei plasserast på golvet før dei smelta heilt…

DSC_0343

Grillinga tok vi sjølvsagt og inne 🙂

DSC_0348

Og så dessert – kakao med marshmallows, krem og ein liten kokosbolle 🙂

DSC_0350

Etterkvart vart det veeeeldig varmt på beina, men bak var vi lika kalde… Ann Irene påstår ho varmar ryggen, men eg trur helst ho sit baken til 😉

Vel å lenge sat vi her å kosa oss. Til slutt byrja Ann Irene og sjå på klokka – måtte vi ikkje snart byrja gå ned att før vi risikerte at det vart mørkt? Vi gav det ein halv time til og, litt som ein spøk, nemte eg at eg i allefall hadde lommelykt på mobilen. Så ringte sistemann og med beskjed om at ho hadde nådd siste skiltet. Då måtte vi jo venta til ho fekk koma inn å varma seg litt, grilla seg ei pølsa og drikka ein kopp kakao og før vi byrja på turen ned att.

DSC_0354

Kikka ut vindauga etter Marit…

DSC_0353

…og der kom ho – nøgd med å ha nådd Vardhaugselet ho og 🙂

DSC_0356

Marit vart plassert foran varmen med eingong ho kom inn – her var ingentid å missa 🙂

Det var ikkje lange kvilen Marit fekk før vi pakka sekkane våres og tok fatt på vegen ned att i frå fjellet. Det var allereie byrja å skumra. Oppe på fjellet var det ikkje noko problem – her såg vi framleis kor vi gjekk. Når vi kom ned i skogen derimot – eh..måtte eg moglegvis slå på lommelykta på mobilen??? Og det måtte eg – piken med lommelykten redda nedturen 🙂 Litt ironisk då at den einaste som kom ned med skrubbsår på kneet var nettopp piken med lommelykten… Stien til Olderbotten er ganske isete, må eg få skyta inn her.

DSC_0362

Liten stopp for å nyta utsikta i frå Olderbotten på vegen heim.

DSC_0367

Ikkje verdens beste bileter med mobilkamera, men dåke får med dåke steminga 🙂

Omsider klarte vi å karra oss ned til bilane igjen – då var det blitt stummande mørkt. Vi kan dermed slå fast at houvudlykt bør stasjonerast fast i sekken frå no av :-).

Dette vart ein skikkeleg kosetur, og før vi gjekk kvar for oss var vi skjønt einige om at slike turar må vi bli flinkare med å leggja ut på i 2016 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.