Anitas middagstips!!

Ja, i dag har eg tatt på meg «matbloggerhatten» og kjem med eit lite middagstips 🙂 Eg kan ikkje ta på meg å vera verken nokon god kokk – mine forsøk på nye oppskrifter vekker sjeldan, eller aldri, nokon jubelbrøl her i huset… Men i 2015 fekk eg brått noko til felles med Baha Men, 4 Non Blonds & Billy Ray Cyrus – eg fekk til ein one-hit wonder!! Så her kjem oppskrift på Anitas Vårrullar:Eg har faktisk hatt privat kurs i å laga vårrullar, men når eg skulle laga dei på eige hand, så valgte eg å kombinera to oppskrifter. I den oppskrifta eg var med og lærte meg skulle f.eks ingenting steikast på førehand, men eg har i mi oppskrift valgt å steika alt fyrst – då slepp eg bekymra meg for kor lenge vårrullane må friterast.

Her er ingrediensane:

  • 350-400 houvudkål – strimlet
  • 1 stor løk – finhakkast
  • 3 gulrøtter – rives på rivjern
  • 1/2 purreløk – finsnittast
  • 3-4 fedd kvitløk – finhakkast
  • 2 blokker buljong – grønsak-/hønsebuljong er valfritt
  • 3-4 ss søt chilisaus
  • 2 pk kylling kjøtdeig
  • 25 store blad filodeig (finnes i frysedisken på butikkane)
  • 1 eggekvite til pensling
  • Nøytral olje til steiking og fritering

Så gjør man så her:

  1. Fres løken i litt olje.
  2. Ha i houvudkålen og steik til denne er blitt mjuk.
  3. Ha i gulrøtter, purreløk, kvitløk og bland alt saman.
  4. Tilsett buljong blanda ut i 1/2 dl vatn
  5. Bland inn søt chilisaus

A

Sett grønsaksblandinga til sides medan du fortset med:

  • Steik kyllingkjøtdeigen
  • Bland saman kjøtt- og grønsaksblandinga.

Sånn, då burde du ha ei fin blanding til å laga vårrullar av 🙂

 

B

Avkjøl blandinga ei lita stund.

Så er det på tide å rulla vårrullane – det gjer ein så enklet som dette her:

1

  1. Legg ei mengd passeleg fyll på filodeigen.
  2. Rull saman ein eller to ganger (alt etter kor mykje fyll du har tatt på)
  3. Brett saman sidene
  4. Pensle toppen med litt eggekvite
  5. Og rull heilt saman – voila – du har ein ferdig vårrull klar til fritering 🙂

Bruk ei nøytral olje til fritering, men pass på at den tåler sterk varme. Her har eg brukt rapsolje:

H

Fritert vårrullane til dei eg gylne og fine 🙂

No er vårrullane dine klar for servering:

I

Serverast med salat og ris som tilbehør 🙂 YUM! Snadder 🙂

Filodeigblada dei har i frysedisken på min butikk er ganske store og av denne oppskrifta får du ca. 25 stk store vårrullar. Det høyres kanskje mykje ut, men dei du ikkje brukar puttar du i frysaren (berre ikkje friter dei fyrst). Her i huset er 25 stk nesten for lite til å tilfredstilla etterspurnaden, så eg må vurdera å auka oppskrifta 🙂

Desse vårrullane er, som sagt, blitt ein suksess her i heimen. No spørs det om eg kan få til ein one-hit wonder i 2016 og 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.