Med svensk krim på øyra!

Eg har enda ikkje hive meg på trenden med å gå tur eller trena med musikk på øyra. Ikkje fordi eg ikkje vil, men eg kjem berre ikkje på det. Kanskje eg og ubevist søker skogens fred og ro… 😉 Men lett påverkeleg som eg er av all reklame, kunne eg ikkje dy meg då eg oppdaga at det er ein lydbokapp til mobil som heiter Storytel….Kunne det vera noko for meg? Bokormen Anita har lese altfor lite bøker dei siste åra – så kanskje eg no kunne slå fleire floger i ein smekk? Gå tur OG lesa bok??

Appen vart lasta ned og, utan å bruka altfor lang tid, valgte eg meg ut den svenske krimboka Sandmannen av Lars Kepler. (Sandmannen er vel det same som vi på norsk kallar Jon Blund eller Ole Lukkøye). Køyrte nok eingong til Fjellandsbø, skrudde på lyden og byrja traska i den fine vintersola 🙂

Forteljarstemma var på svensk…det hadde eg ikkje tenkt på…men internasjonal som eg er, så skulle no det gå bra å fylgja med på handlinga okkesom..

DSC_0382

På tur, med ein svenske på øyra..

DSC_0385

Det hadde kome litt snø sidan siste eg var her oppe.

DSC_0386

Nydeleg vintarver 🙂

Eg kunne ikkje ta altfor mange bileter – då vart eg så distrahert at eg gløymte å fylgja med på handlinga i boka. Det er vel minuset med å høyra på lydbok i stadenfor musikk.

Eg fortsatte forbi gården og tok peiling på Leiteshaugane. Her MÅ ein vera obs! Det ligg eit lite snølag i skogsvegen, og under anar ein ikkje kva som lurer. Mykje blank is, så ein bør nesten ha brodder på skoa.

DSC_0389

«Når en lite mus skal ut å gå…» Denne var nok så lett på foten at brodder ikkje var naudsynt 😉

DSC_0394

Eg var litt spent på om hjorten hadde skrive seg i boka?? Det hadde den ikkje, men du verden kva spor det var her oppe – dei må ha hatt eit treff 🙂

Fann meg ein fin plass i sola kor eg hadde ei lita nistepause medan den mystiske mannen vart identifisert som Mikael Frost..

Det var ikkje så dumt dette med lydbok. Det vil jo ikkje funka om ein går fleire i lag, men når ein går slik å tuslar åleine så er det ein grei måte å «lesa» bok på 🙂

DSC_0399

Nesten nede att, fekk eg akkurat knipsa dette biletet av eit av favorittmotiva mine før eg låg å kava på bakken så lang eg var. Eg datt på ræva når eg skulle starta turen her – og eg gjekk sjølvsagt overende same plassen på veg ned, sjølv om eg gjekk å passa på at eg IKKJE skulle skli eingong til! Eg må ha ein fallteknikk som gjer at eg MÅ nedi med venstrekneet og når eg dett, det fekk seg ein god kakk på veg ned i frå Vardhaugselet, og det var det som tok i mot no og. Gjekk greit, men kneet er no i allefall gult og blått….

Det skulle no tatt seg ut at eg skulle enda livet på Fjellandsbø medan ein svenske surra på øyra mitt…

«Hon insåg det när hon lyfte benet detta kommer inte att sluta välBen och armar slog ut i olika riktningar och när hon landade på marken lät precis en kick av halsen som brast. Hon, som vanligtvis var stel som en pinne, vart nu liggande i vad som såg ut som en avancerad yoga position. «Jag kan om jag vill» tänkte hon, idet hon insåg att hon inte kunde röra sig. Det hade börjat snöa, och snart låg en vit filt över henne. Hon blinkade tillbaka några snöflingor från sina ögonfransar. «Så det var så här det skulle sluta«, tänkte hon ledsen när hon såg solen gå ner bakom Ulvanåso. Hon insåg att hon skulle sluta sina sista dagar här, ensam på en öde skogsväg långt från andra människor. När hon drog sitt sista andetag var det blivit mörkt och helt tyst i skogen. Men om man böjde ner sig och satt sitt öra nära hennes vänstra öra kunde man höra en svenskjävel som viskade: «Sandmannen har nu tagit hem sin sista offer …»

Ja, for eg er ikkje i tvil om at det framleis hadde vore lyd på øyra når eg vart funnen. Då eg kom tilbake til bilen hadde eg vore på tur i to timar og tre minutt. Eg trudde eg kanskje nærma meg slutten på boka, men såg til mi store forbausing at det er tolv (12) !!!! timar igjen å høyra på!

Ja, ja, snøen lavar no ned ute – eg får berre kle på meg og koma meg ut. Trur eg tar brodder på eg….

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.