Diverse

2 nøster med garn!

Det er sikkert fleire strikkeglade som kjenner seg igjen i dette: Ein går inn i ein garnbutikk, ser ein type garn ein likar, kjøper to (2) nøster som ein tenkjer ein nok skal få brukt til noko…To (2) nøster!!! Jepp, ein kan jo strikka seg ein heil garderobe av to (2) nøster med garn!!! Som regel vert dei to nøstene putta i lag med resten av garnlageret – som ofte består av 2 og 2 nøster av same type garn som ein tenkjer at ein skal få brukt til noko ein dag…

Her om dagen kom eg heim med to (2) nøster av dette garnet:

DSC_1200

Mjukt, fint – og lyserosa…

La det fyrst vekk, sjølvsagt, men fann så ut at eg fekk prøva å få noko ut av dette kjøpet….

DSC_1175

Det var ikkje naudsynt å leggja opp så all verda med masker når ein hadde to (2) nøster til rådigheit 😉

Og har dåke sett – nokre timar seinare:

DSC_1177.jpg

….ein vott!! Ein laaaang vott..

Enda nokre timar seinare + ein dag:

DSC_1103

Voila! To (2) vottar – laaaange vottar + eit pannebånd!

Sjå der, ein kan faktisk få noko utav berre to (2) nøster med garn!

DSC_1102

«Åååå – nesten litt søt» – Anita, snart 46 år..

Advertisements

Kategoriar:Diverse, Heimelaga

Tagged as: , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.