Winter Wonderland 2!!!

Åååh, for ei flott helg vi har hatt! Snø, sol, kaldt – skikkeleg vinter med andre ord 🙂 Sjølv trur eg at eg rakk gjera det meste i helga – shopping, lavvoliv, rangling til langt på natt, båltenning, pølsegrilling, fotografering etc. etc. Søndagen på Fjellandsbø tok kaka – eg trur aldri eg har sett det så fint før 🙂 Ikkje berre var det snø på bakken og trea, det var «diamantar» overalt og 🙂 Noko som bekymra Ann Irene litt: «Eh..er det berre eg som har glitter framfor augo, eller ser dåke andre det og??». Så her kjem eit knippe bileter til av dette vintereventyret vi har ute no om dagen:

Fyrst nokre bileter tatt på tur opp og ned frå Flåtene:

DSC_1100

DSC_1103

DSC_1104

DSC_1105

DSC_1106

DSC_1107

DSC_1109

DSC_1112

DSC_1114

DSC_1118

Og så ein haug med bileter i frå Fjellandsbø:

DSC_1120

DSC_1122

Det dryssa stjernestøv frå trea i går 🙂

DSC_1123

Ann Irene prøver å fanga eit blinkskot – eg trur ho fekk mange 🙂

DSC_1127

DSC_1131

DSC_1132

DSC_1133

DSC_1136

DSC_1141

DSC_1143

DSC_1145

DSC_1144

Trur ikkje det finnes eit tre eller ein busk som ikkje måtte stå modell i går 😉

DSC_1154

Klarar dåke sjå regnbogen som ligg langs snøen mot husa? Eg har aldri sett det før – veldig spesielt 🙂

DSC_1157

DSC_1158

Så tid for litt bålkos og grilling i kulda 🙂

DSC_1159

Marit nyt litt varm drikke 🙂

DSC_1163

Det er ikkje berre ungane som kosar seg ute i slikt fint vinterver som vi har hatt i helga 🙂

Se så, her fekk dåke ein liten overdose vinter 😉 Eg er særs nøgd med det nye Tamron objektivet til kameraet mitt som eg fekk av mor og far til jul 🙂 Har ikkje fått studert det så veldig nøye enda – i minus 13-15 grader, som det var på Fjellandsbø i går, brukar ein ikkje mykje tid på fininnstilling av kamera….Då berre knipsar ein og håpar på det beste 🙂

I dag har eg rett og slett bevilga meg ein innedag – turkler må og innom vaskemaskina i blant 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.