Det har ikkje vore mykje som har minna om jul når eg har kikka ut vindauga denne jula. Dermed har eg brukt dagane så langt i romjula til å subba rundt i pyjamasen, sett på fjernsyn eller lest ei bok (eg har faktisk lese ut to bøker desse dagane) – og heile tida har den eine eller den andre handa bevega seg i frå snopeskåla opp til munnen og ned att….
Men i dag, i dag slo endeleg vergudane til med ein flott romjulsdag og både Ann Irene og eg var einige om at vi måtte koma oss ut og nyta dagen, og eg var klar for å ta i bruk…
…..tre av julepresangane mine 🙂 Sokkar frå Ann Irene, turkikkert frå far og mor (eg har ein mistanke om at det er mest for at eg skal kunna kikka «heim») og…
…turlogg og kartmappe frå Jorunn….
….sjølv om det ikkje var heilt lett for opplesaren å lesa det av til/frå lappen. «Til Navigator Anita, Frå Jon», les mor – og lurte på kva navigator skulle bety? Far trakk eit lettelsens sukk for at dottera kjente eit mannfolk… Det vart litt latter når eg forklarte at det nok stod «Til Navigatør Anita, Frå Jorunn» 🙂
Ja, ja, sidan snøen har kome langt ned fjellsidene dei siste dagane, og eg framleis ikkje har vintersko til å gå lengre turar i, måtte vi finna ein plass i lavlandet. Opsangerneset foreslo Ann Irene, og slik vart det.
Eg har aldri vore på tur til Opsangerneset før, så dette var ein ny destinasjon for meg. Vi sneik oss til å parkera på BKS sin parkeringsplass på Opsanger, og så la vi i veg på skogsvegen på andre sida av vegen.
Dette var ein grei, slak oppoverbakke for to damer som ikkje har gått så altfor lange turar dei siste månadane 😉
Etter ei stund tok av frå skogsvegen og la i veg på sti inni skogen. Eg la ikkje merke til noko skilt, men stien var i allefall merka med raude pinnar.
Etter ein kort tur gjennom skogen, stod vi brått på enden av nestet – og fekk med oss ein fin solnedgang 🙂
Litt bratt og glatt det siste stykket ned til sjøkanten.
Det var ganske fint utpå enden av neset. Det er satt opp litt bord og benker, og det er til og med turbok ein kan skriva seg inn i. Vi gjekk heilt ned til sjøkanten og tok plass på nokre berg.
Ann Irene i solnedgang 😉
Flott ettermiddag å køyra hurtigbåt og i dag, tenkjer eg 🙂
Fyrmeister Ann Irene fekk sjølvsagt raskt tent opp eit bål slik av vi kunne få grilla oss…
nokre pølser med pinnebrød 🙂
Eg måtte sjølvsagt føra inn turen i den nye turloggboka mi…
…..og kikra på nokre fuglar som duppa utpå sjøen. Ann Irene sa ho såg med det blotta auga at det var måker, men ein veit jo aldri… 😉
Det myrknar fort om dagen…
….Ann Irene fekk nyta ein kopp kaffi etter pølsa, men så måtte vi pakka saman og ta fatt på vegen tilbake til bilen.
I stadenfor å gå tilbake same veg vi kom, bestemte vi oss no for å ta stien langs sjøen bort til ferjekaien på Sunde.
Sunde by night.
Vi kan vera glad for at eg hadde hovudlykt i sekken og lommelykt på mobilane. No vart det brått veldig myrkt, og på stien var det både glatt (det hadde byrja frysa på), vått og gjørmete. Vi hadde jo ikkje sett stien framfor oss utan lys – måtte ha sikta oss inn på lysa frå ferjekaien og snubla oss framover.
Dette var ein kortare veg enn den andre, og stien enda meir eller mindre her på ferjekaien 🙂
No stod det berre igjen ein kort spasertur bort til industriområdet der bilen stod parkert.
Dette var ein fin liten tur. Heilt grei tur å starta med når turformen ikkje her heilt på topp – ingen av oss sleit oss ut i ettermiddag 🙂