Årskavalkade 2018!

Ja, då er jammen 2018 på hell óg 🙂 Dette året har vel ikkje vore så verst og vart toppa med tidenes flottaste, i allefall tørraste, sommar 🙂 🙂 🙂 Eg tok rett og slett boblefri i desember, så får vi sjå om det blir meir, eller mindre innlegg i 2019. Ein årskavalkade over 2018 må eg vel uansett ha, så her kjem den:

JANUAR:

Eg ser eg starta turåret 2018 allereie 6. januar med ein strålande flott fottur heimante, opp til Storhaug, vidare over fjellet, langs Mannsvatnet og ned Hauglandsvegen.

Uskedalen 6. januar 2018

Skikkeleg Winter Wonderland på kveldsskitur til Myrdalsvatnet 18. jauar 🙂

Andre turar i januar gjekk til Åsen i Omvikdalen, Bremstølen på Husnes, Fjellandsbøvatnet i Uskedalen, fleire kveldsskiturar til Nautavatnet, skitur rundt Reikatindande og kveldsmatlagetur til Midthølen. I det store og det heile ser eg at eg var særs aktiv i januar. Dei fleste turane er sjølvsagt beskrivne på Bobla, og ein finn innlegga om ein trykker seg inn på «Januar» i arkivet 🙂

FEBRUAR:

Februar starta med ein kveldsskitur i skiløypa i Fjellhaugen. Jorunn hadde fått for seg at vi skulle testa løypeski.

Heile løypa rundt høyrte eg, anten bak meg, eller framfor meg: «Dette er dritgøy!! Sant det er dritgøy??!! Eg er framleis litt usikker….Ok, det var litt gøy 😉

Så flott var det i fjellet 3. februar då vi skulle prøva oss på skitur rundt Reikatindane. Det bles så kaldt på toppane at vi ikkje kom oss lenger enn til Grønlia, men vi hadde likevel ein fin tur 🙂

21.februar var vi på tur med pulk for fyrste gang.

Den turen gjekk langs elva/vatnet nedanfor Midthølen. Svein Vidar fekk testa litt isklatring 🙂

Ellers så vart det fleire turar i skiløypa i Fjellhaugen, skiturar til Myrdalsvatnet, skitur opp Pålavegen og eg fekk lokka Ann Irene med på skitur rundt Reikatindane 🙂 Det var hennar fyrste tur, ein tur vi nærast gjekk i blinde pga. av skrekkeleg flatt lys! Eg reknar med dåke finn dei fleste turane i arkivet under «Februar» 🙂

MARS:

Mars – og enda fleire skiturar. Skisesongen 2017/2018 var lang og flott 🙂 Ann Irene hadde heldigvis ikkje tatt skrekken av skituren rundt Reikatindane og 4.mars var vi på ny tur til…

….Bondhusvatnet 🙂

Mars er og Fest og Basartid – det er den kvelden eg er på mitt vakraste i løpet av året…

….eg er litt uskikker på korleis eg skal toppa dette i 2019??

17.mars prøvde Ann Irene og eg oss på nok ein tur rundt Reikatindane, og denne gangen vart vi ikkje plaga av flatt lys:

Sol, sol og sol 🙂

Det vart mange fine turar i mars óg- og desse ligg sjølvsagt under «Mars» i arkivet 🙂

APRIL:

Eg trur eg må ha hatt eit lite turopphald mellom mars og april….

….det ser i allefall ut som om eg sleit med å koma meg opp til Mannvatnet 6.april 😉

Det kom nok eit lite verskifte i april og eg ser vi byrja byta ut snø og ski med regn og tursko i byrjinga av månaden. Vi hadde ein våt, men kjekk tur i Ænesdalen 8.april. Der fekk eg servert…

….komlemiddag under tarp 🙂

Og jammen gjekk vi raskt i frå vinter til nesten sommar! Ein av dei flottaste og mest minnerike turane i 2018 fekk Jorunn og eg allereie 14.april då vi pakka kajakkane til randen og sat kursen mot Maurangsnes. Vi skulle eigentleg campa på Kråkeræva, men enda opp i Gapandehamn 🙂 Nei, det er ikkje namn vi har kome på av oss sjølve, det er faktisk namna som står på karta over Maurangsnes 🙂

Fantastisk flott tur!!!

Vil du sjå korleis vi laga Vestafrikansk peanøttsuppe ved Staffivatnet kan du klikka deg inn på «April» i arkivet. Eg trur den suppa hadde bortimot 18 ingrediensar!!

MAI:

Kven hadde trudd at sommaren skulle byrja allereie i mai?? Eg har det blått på gult på kontorveggen min – det regna ikkje ein dråpe i frå 10.mai til 10.juni 2018!! Sjølv starta eg sommareferien grytidleg med ferie midt i mai 🙂

Sjølv om det virka som om det hadde vore fint ver heile 2018 før mai og, så stemmer ikkje det. 11. mai var det endeleg fint nok til at broderen kunne koma seg i liften og få fiksa ei takhelle som var forsvunnet i ei vindfloga tidlegare på året. (Det var 1. av 2 gonger han måtte på taket mitt i 2018 av same grunn…)

Sidan vi no hadde liften tilgjengeleg, nytta eg høve til å jaga Stian oppi for å ta seg av litt maling av hus óg 😉

Årets fyrste bad tok eg 14.mai i…

…denne «fossen» i Børsdalen – heil uplanlagt før eg låg å kava midt i «fossen»…

Ellers så vart 17.mai igjen feira på…

…Fonna Glacier Ski Resort i lag med Jorunn og Svein Vidar 🙂

Eg trur aldri eg har bada i sjøen i mai før, men 30.mai var denne badenymfa og sjå på baksida av Skorpo:

Mai 2018 var fantastisk! Alle innlegga i frå mai ligg sjølvsagt lagra under «Mai» i arkivet 🙂

JUNI:

Det ligg ikkje inne mange innlegg på Bobla i juni. Men litt blei nok gjort den månaden og 🙂

Magnhild lærte meg f.eks å støypa i betong:

Min fyrste sjølvstøypte blomsterpotte/lysestake 🙂

Det vart nokre fine kveldsturar til Låganåso.

Far og eg starta det store…

….bygge-levegger-til-plattingen-min prosjektet slik at eg var klar til å…

…ta imot gjester på Festidalen vorspiel 🙂

Og sjølv om Festidalenmusikken ikkje heilt fall i smak i 2018, hadde vi det no kjekt…

….og eg benytta laurdagen til å snurra rundt i den nye flamingokjolen min 🙂

Det ligg eit par innlegg på Bobla under «Juni i arkivet 🙂

JULI:

No vil dåke sikkert ikkje tru meg, men 9. juli skulle vi på tur til Englafjell. Då vi kom opp i Eikedalen var det så bitande KALDT at vi måtte ta på oss alt vi hadde med oss av kler – utan at det hjalp nemneverdig.

I skaret låg skodda tjukk som graut. Vi gjekk til Eikehytta, tok ei lita pause og bestemte oss for å snu på heimatt. Det var vintertemperatur i fjellet, vi fraus og ikkje såg vi noko. På ettemiddagen sat eg i hagen og sola meg…

13.juli var eg og Ann Irene på fjelltur til Tverrfjell og Gråfjell, det var og ein litt kald og skoddete dag. Eg er i grunnen litt forundra, for det er ikkje slik eg huskar sommaren 2018 😉

Når det er sagt, så vart det ikkje mange fjellturar i sommar, for dei fleste dagane var det rett og slett for varmt for meg. Og nettopp varmen var grunnen til at eg starta turen grytidleg 16.juli då eg hadde tenkt å endeleg koma meg heilt opp på Gygrastol!

Og sjølv om det raskt vart gysla varmt, syntes eg det gjekk rimeleg greit oppover fjellsida. Men, nesten på toppen var eg så dritlei stein at eg ikkje fann motivasjon til å gå den aller siste biten. Nok får vera nok, tenkte eg, og vandra heimatt 🙂 Men eg var skikkeleg nøgd med turen og meg sjølv 🙂

Eg tilbrakte nok mesteparten av juli i solstolen i hagen og fekk lest eindel bøker 🙂

Bobleinnlegga i frå juli ligg sjølvsagt under «Juli» i arkivet.

AUGUST:

5.august la Ann Irene og eg i veg opp til Gardshammar og Botnavatnet kor vi hadde tenkt å laga oss Semulegrynsgraut. Midt oppi svingane kom eg på at gassen til stormkjøkenet låg igjen i bilen…Og vel på plass ved Botnavatnet fann vi ut at Ann Irene hadde gløymt mjølka til grauten – så då vart vi på ein måte skuls 😉

Kjekt med gapahuk når det bles i fjellet 🙂

12. august vart vi overraska over kor flott det var å gå tur i fjellet over Løfallstrand då vi tok turen til Strandasetra..

Det ligg nokre få innlegg under «August» i arkivet.

SEPTEMBER:

Den siste turen i august og fyrste turen i september var overnatting ved Vetrhusvatnet 31.august-1.september.

Der vakna eg til denne utsikta.

Men det var nok ein heilt anna tur som vart høgdepunktet i september – nemleg turen til Innsbruck! Etter 28 år skulle eg endeleg tilbake til by’n eg trakka rundt i nesten eit år som au-pair i 1990/91. Dvs. eg budde litt utanfor Innsbruck i….

…ein liten landsby som heiter Axams 🙂

Det kjekkaste med turen var sjølvsagt å treffa igjen resten av «Den harde kjernen» av au-pair gjengen som haldt saman heile året – og tenk alle 8 hadde klart å koma seg avgårde! Det var fyrste gong alle var samla sidan vi traff kvarandre i Innsbruck i 1990/91 🙂 Det er vanskeleg å plukka ut høgdepunkta frå turen, for vi fekk gjort så mykje på desse få dagane. Men her er i alle fall nokre:

Mykje lått og løye – årets høgdepukt for min del 🙂

Bobleinnlegga i frå denne turen og andre septemberturar ligg under «September» i arkivet.

OKTOBER:

Eg trudde kanskje eg ikkje hadde gjort så mykje i oktober, men der tok eg feil! Opptil fleire fine turar vart gjennomførte i oktober. Jorunn, Marianne og eg utforska f.eks Halsnøy og kom oss, via ein liten omveg, til Lyhaughellaren..

…etter fyrst å ha laga oss falafel i nærleiken av Trollåsen 🙂

Jorunn og eg var på fleire matlagingsturar i oktober. Eg fekk blandt anna servert nokre merkelege kjøttkaker i Blådalen 😉 Men, det var ein tur i oktober og som merka seg ut – Pinnakjøtspretten i Fynderdalen 🙂

Det er verdt å slita seg opp…

….bratte bakkar med tung bør på ryggen…

…til hytta når du veit at du skal få servert pinnakjøt til middag 🙂

Neste dag gjekk vi tur inn til Pyttabreen – min fyrste tur inn her.

Det ligg diverse innlegg frå oktober i arkivet under, nettopp – «Oktober».

NOVEMBER:

Månaden eg likar minst i året, men jammen kom vi oss ut på tur denne månaden óg! 15. november var Jorunn og eg på minitur ved Fjellandsbøvatnet og laga oss…

…pizza på Omiaovnen! Mmmmmm….den var god 🙂

18.november var Ann Irene og eg på tur til Nonshaug…

Flott tur, med og utan skodda 🙂

Og, det hadde eg ikkje trudd når vi var komen uti november, men sanneleg rakk vi ein tur på mitt favorittfjell, Kvanto, i 2018 óg 🙂

Og med det så var jo eigentleg mitt turår 2018 komplett 🙂

Innlegget om turen finn du under «November» i arkivet. Det er det siste innlegget som vart skrive i 2018, ja, bortsett i frå dette då 🙂

DESEMBER:

Så, skjedde det ikkje noko i desember? Tja, jo, det gjorde det vel. Jorunn og eg hadde f.eks. ein kveldstur til Ådnaklett…

…i snø, faktisk.

På Luciadagen dukka ho opp og skulle gå tur rundt Uskedalen med denne..

….hovudlykta 😉

Og så har det jo gått med tid til diverse julesaker 🙂 Eg var veldig spent etter å ha prøvd å henga julepynten på treet med «gelegreiner»…

….men både lys og pynt heng faktisk på enda 🙂 Og ja, det ser litt glissent ut, men eg trur eg har hengt noko på alle greinene som tåler at det heng pynt på 😉

I år som i fjor feira vi jula heima i eige hus med mor og far på besøk 🙂 No går romjula med på å gjera minst mogleg og lada opp til eit nytt år 🙂

Så då gjenstår det berre å ynskja dåke ei fortsatt GOD JUL og eit riktig GODT NYTT ÅR!!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.