Årets fyrste Bobleinnlegg og året fyrste skitur til Nautavatnet 🙂 Vi var litt skeptiske til vêret då vi kikka ut i dag tidleg – det snøa jo faktisk litt. Men ein kan vel ikkje avlysa ein skitur fordi det snør… Ein kjapp kikk opp på himmelen, som hadde blå flekker, og YR.no – og vi skjøna at dette likevel kom til å bli ein bra dag 🙂
Eg plukka opp Ann Irene i 11-tida, så då var vi vel i Fjellhaugen i 11.30 tida. Temperaturen viste -3 grader og….
…vi såg at sola venta på oss ved Fagnabotn 🙂
Eller så syntes vi sjølve at vi såg særs stilige ut i dag…
Sånn går det når damene ikkje er koordinerte og går på handel ilag 😉 Vi fann vel ut at det var like greit – hadde vi gått i lag hadde vi sikkert krangla om kven som måtte velgja ein anna farge 🙂 Begge stilte forøvrig og med lilla sekk….
Det er ikkje meir snø enn det trengs i fjellet, men det var nok. Opp til Fagnabotn var det grei løype.
Her har vi funnet sola og nærmar oss Fagnabotn.
Så mykje av skiltet har eg ikkje sett nokon gong vinterstid!
Det har vore køyrt løype i frå Fagnabotn og, men det må vera ei stund sidan, for no vart det noko ujamn løype fram til Nautavatnet. Ein kan sikkert ikkje køyra løypa opp på ny før det kjem meir snø.
Som dåke ser – litt ujamn løype og lite snø. Men igjen, det var nok til oss i dag 🙂
Vi var spente på om vi rakk fram til Nautavatnet før sola forsvann…
…og det gjorde vi 🙂
Det var faktisk heilt vindstille ved vatnet i dag – det er ikkje ofte eg har opplevd. Vi gjekk litt vidare rudt vatnet mot Reikatindane, og fann oss ein plass vi kunne sitja ned og ta ei pause før returen. Vi hadde faktisk ikkje tatt med i planen at vi kunne sitja ned, vi trudde det ville vera for kaldt enda.
Men det var jo kjempeflott å sitja her i sola og kosa seg. Og det er byrjar å bli varme i sola allereie 🙂
Ein lite solbærtoddy i sola 🙂
Dette gjer energi 🙂
Twins for a day 🙂 Vi måtte ta nokre pelsdottselfiar 🙂 Hettene er forøvrig kun på for biletet si skuld – det var absolutt ikkje bruk for å ha dei på i dag 🙂
Vi var litt spente på returen. Det hadde vore noko hardt og rufsete føre på veg opp. Pga lite snø var løypa og ganske skråkøyrt i fjellsida. Men, med å ta det pent og pynteleg, så skulle vi koma oss ned att vi og.
Men eit eller anna må ha skjedd medan vi sat i sola, for når vi kom bort i skuggen att, var det eit heilt anna føre enn då vi kom opp. (Vi såg når vi kom ned i bilen at det var blitt mykje kaldare for temperaturen viste -7 grader). Vi hadde brått silkeføre på heim – det var ingen harde og glatte parti! Yohoo – vi var både forundra og kjempenøgde med denne endringa! Om ikkje det gjekk kjempefort med oss nedover, så gjekk det i allefall mykje raskare enn vi hadde sett for oss – og så var det jo kjekt 🙂
Det var difor to blide damer som køyrte heim i frå fjellet i dag – vi var særs nøgd med denne skituren 🙂
Framleis flott i fjellet og ved Fjellhaugvatnet då vi køyrte heim i dag 🙂