For nokre strålande dagar vi har for tida! Med raude tal på temperaturmålaren og ei stor gul sol på himmelen er det berre til å koma seg ut å nyta. Pålavegen opp til Mannsvatnet stod på min plan i går. Den skulle eg jo aller helst tatt med ski på beina…
….men då hadde eg nok raskt fått større problem enn is i rubben….
Ikkje så mykje som minna om vinter i går…
…og denne varma godt 🙂
Jakka forsvann tidleg og eg måtte rett og slett dra opp armane på den tynne ullgensaren. Og sjølv om eg lengtar etter snø i fjellet og laaaaaange, fine skiturar i strålande sol, så må eg vedgå at sommar i februar heller ikkje er så verst 😉 Eg tok meg i å gå å kikka i vegkanten om det var nokon andre kryp som hadde krøpe ut av bolet sitt og – det må jo vera fleire enn eg som er litt forvirra om dagen 😉
26.januar 2019…
23.februar 2019
Sommar møter vinter 🙂
Litt snø igjen på siste vegstubb opp på fjellet.
Kor mange ville tippa at dette biletet er tatt på Hauglandsfjellet i midten av februar??
Dette var ein fin, fyrste tur til Mannsvatnet i 2019 🙂 No trur eg vel at vi framleis kjem til å få litt meir vinter i år, men inntil vidare er det berre å nyta desse flotte dagane 🙂