Fjelltursesongen til fots har vel aldri fått ein så tidleg start som i år 🙂 På torsdag hadde eg ein vinterferiedag for å feira bursdag – den starta eg med ein fin tur til Mannsvatnet i strålande sol 🙂 I går gjekk turen til Vardhaugselet – det vart ein litt anna tur…
Eg parkerte ovanfor Søsterheimen på Valen sånn ca. til avtala tid, medan turfylgjet mitt var litt forsinka. Det passa meg i grunnen fint, for då kunne eg luska meg litt avgårde i sakte tempo….
…..opp den fyrste bakken før dei parkerte.
Så inntok eg stafett taktikken med å ligga forann og bruka minst mogleg kalorier – og håpa eg hadde litt meir krefter igjen til å halda fylgje når dei andre tok meg igjen 🙂
Den taktikken fungerte fint, og her er vi nesten samla og kunne gå resten av turen i lag 🙂
Etter nokre fine vårdagar med sol, kom det eit verskifte på lørdag. Det var overskya, 6 + grader og opplett når vi byrja turen. Det er heilt greit turver på denne tida. Men vi visste jo at det var meldt regn utover dagen….
….så på Olderbotten vart det berre tid til ei lita drikkepause. Vi ville prøva å koma oss opp til Vardaugselet før nedbøren kom. Vi håpa forøvrig at den ville koma som snø oppi fjellet – det er litt koselegare enn regn 🙂
Det var fint «føre» i går. Tørt og hardt opp til Olderbotten. Herifrå går jo stien vidare meir eller mindre i eit bekkefar, så tørt var det ikkje, men det var heller ikkje noko is før vi kom nesten opp. Det var ikkje mykje is der heller, men pittelitt.
Som dåke ser – ikkje så mykje som minna om vinter i fjellet ovanfor Valen. Det skulle det bli ei forandring på litt seinare….. 😉
Og så var vi oppe! No var det byrja blåsa litt, og det var litt snø i lufta. Då er det godt å ha valgt seg eit turmål der ein kan gå innomhus 🙂
I dette tilfelle trur vi vel at det var kaldare inne, enn ute, men vi hadde i allefall ly for vinden….
…..og så kunne vi jo fyra i peisen 🙂 Per Ivar prøvde seg fyrst….
…så overtok kona 🙂 Eg haldt meg i bakgrunnen og rekna med det skulle ordna seg 🙂
Eg bidro eigentleg med lite denne dagen – sjølv om eg hadde fått ein forespørsel utanom det vanlege på morgonen…
Dei fekk både smør og rundstykker, men noko meir spanande skjedde det ikkje i Vardhaugselet på laurdag – iallefall ikkje medan vi var der..
Ann Irene haldt og ord, og spanderte kjøtsuppe…
….medbrakt på mattermos 🙂 Eg må skaffa meg ein slik…
Og så trakk ho opp ein overraskelse i frå sekken sin….
….Fastelavnbollar m/krem og melis 🙂
Kan det bli så mykje betre enn dette? Fastelavnbollar…
….god fyr på peisen….
….og godt lag 🙂
Det skal godt gjerast å varma opp heile Vardhaugselet berre på den korte tida vi var der….
…men framom peisen vart det godt og varmt etterkvart.
Ute høyrte vi vinden ula og om vi kikka ut vindauga…
…såg vi at det hadde byrja å snø.
Det frista ikkje så mykje å gå ut, men vi måtte jo koma oss ned i frå fjellet igjen etterkvart. Vi hadde heldigvis godt med klede med oss, så det var ikkje noko fare for at vi skulle frysa. Dessutan kom vi til å ha vinden i ryggen, så det var ikkje så gale.
Litt overraska vart vi når vi opna døra og såg at snøen faktisk hadde lagt seg.
Så fort kan veret snu..
Det finnes ikkje dårleg ver når ein har gode kler 😉
Eit litt anna landskap og ver enn eit par timar tidlegare 🙂
Litt snø er jo berre kosleg, så dette satt berre ein prikk på turen. Det einaste minuset var at vi måtte passa på kor vi sat føtene, no såg vi ikkje lenger kor det låg is i stien. Vi rekna med at snøen ville gå over til regn når vi kom lenger ned, og det gjorde det jo. Men nedbøren kom faktisk som snø nesten heilt ned til Olderbotten.
Uansett ver, så var dette ein veldig fin og kjekk tur. Det er kjekt med litt forandring når ein er på tur, og så har ein nok litt godt av å få ei påminning om kor raskt ting kan forandra seg når ein er på tur i fjellet 🙂 Då huskar ein å pakka med litt ekstra kler i sekken neste gang óg 🙂