Får eg sokkane på meg i dag???

Ja, det har vore spørsmålet og utfordringen denne veka. At korsryggen slår seg vrang innimellom er ikkje noko uvanleg, men det er ikkje ofta den slår seg så vrang som denne veka. Og kva har eg gjort for å få dette til? Eg skulle sikkert  ha laga til ei dramatisk historie, men sanninga er at eg kun sat i ro på kontorstolen min på mandag og kjente at ryggen vart stivare og stivare….

Men eg har jo ein teori om at om eg berre hadde vore litt venlegare og medfølande ovanfor min kollega som kom «heilt skeiv» på jobb på mandag, istadenfor å flira og terga på han, så hadde dette vore unngått. Eg har nok rett og slett blitt bitt i halen, for ikkje å seia ryggen, av eit «what goes around comes around» 😉 Eg har beskylda han for å driva med voodoo – det vil han verken bekrefta eller avkrefta….

Tirsdags morgon var eg ikkje blitt noko betre, og akkurat det der med å få å seg sokkar når ein har vondt i ryggen vart ein heila operasjon som etterkvart involverte både ein kjøkenstol og trappa i gangen. Ei gav nesten opp og tenkte ein augneblink «Nei, fader – er det ikkje varmt nok til å gå utan i dag??» Men dei kom på til slutt 🙂

Om kvelden var det min tur til å bestemma kva vi skulle gjera på denne vekas «Nettflixfrie dagen». Den kunne eg jo ikkje skulka, og ein får jo og alltid råd om å gå i skogen/ulendt terreng om ein har problem med ryggen. Så langt hadde eg uansett ikkje tenkt av vi skulle gå – vi skulle sjekka ut grillhytta på Skårhaug! Der hadde eg ikkje vore før, så det var på tide – eg ser jo omtrent rett bort dit i frå stovevindauga.

Vi fann fram! Det var vel kanskje ikkje ein stor prestasjon iom at vi parkerte bilane ved bedehuset i Uskedalen, vandra opp til stemneplassen og så ca. 100 meter opp i skogen….

Medan Svein Vidar og Jorunn bøyde seg ned og elegant svinga seg inn opninga, kom eg krypande etter på alle fire… Fyrst når eg kom inn i hytta oppdaga eg at det var dør i normal høgda på andre sida….

Middagen denne kvelden vart pasta med soppsaus 🙂 Eg trur det vart velluka, eg var i allefall nøgd 🙂

Og med eit slikt ver som det var på tirsdag, syntes eg faktisk at vi fortjente…

…dessert!

Mmmmmm…varm eplemos, kremfløyte, karamellisert strøkavring og hakka mandler er alltid ein suksess 🙂

Sjølv om det ikkje var lange turen eller lange stunda vi var ute, vart det nok ein kjekk kveld. Men noko betre i ryggen vart eg nok ikkje. Det var det same styret med å få på seg sokkar onsdagmorgon, men dei kom på den dagen og…

I går hadde eg takka ja til å bli med på Sparebanke Vest sitt Hjertebank Kvinnherad arrangement på Husnes. Eg hadde nok ikkje sjekka godt nok kva det var for noko og kvar det skulle vera – eg hadde berre fått med meg at det skulle vera konsertar, blandt anna med Stavangerkameratane. Og det vedgår eg glatt – eg likar Stavangerkameratane! Av ein eller anna grunn hadde eg innbilla meg at dette skulle foregå i kulturhuset, men vart litt skeptisk då eg fann ut at det skulle vera i Husneshallen. Hadde eg visst at eg i tillegg måtte stå (eg hadde rekna med stablestolar) i 2,5 time på eit idrettshallgolv, hadde eg nok halde meg heima. Det er hardt nok om ikkje ein har vondt i ryggen. Vi prøvde å snika oss til å få sitja på galleriet, men vi kvalifiserte visst ikkje til det. Ikkje så rart, unge, pene og spreke som tross alt ser ut 🙂

Men, men, eg tok ei pause ute på ein benk etter ei stund, men ellers så gjekk det no på ein måte greit. Det var eit flott arrangement med fin musikk av det lokale marimba(?)bandet til kulturskulen (dei var skikkeleg flinke), Elsa og Emilie, Jan Eggum (som nesten var lika mykje eit standup nr.) og til slutt Stavangerkameratane. Og innimellom vart det delt ut pengar til div. lag og organisasjonar – det var jo poenget med arrangementet.  Og om nokon la merke til den noget stive personen bakerst i lokalet med diverse rykningar og eit uttrykk som om ho sa til seg sjøv «ikkje dans, ikkje dans», så var det berre eg som prøvde å finna ein eller anna måte å stå oppreist på 😉

Det var ikkje så mykje vits i å fotografera så mykje når eg stod så langt bak i salen eg kunne koma 🙂

Etter denne kvelden tok eg ingen sjansar – eg la meg med sokkane på. He-he. Så i dag tidleg var det berre til å trø opp i skoa..

Men ryggen var ikkje bra. Så idag gjekk eg rett og slett heim i frå jobb til lunsj for å gå ein tur i skogen medan det enda var lyst. No er eg lei og det er på tide det byrjar sleppa taket. Ådnaklett må vera ein grei tur i dag, tenkte eg, og gjorde meg klar…

Eh…ja…dette vart jo då dagens utfordring. Eg klarte å knyta den høgre, men hadde ikkje sjanse til å knyta den venstre. Heldigvis var guten heima, så då vart han kommandert til å knyta skoen til mor. Heile uttrykket på guten viste»Hjeeeelp, ho er berre 47 år og eg må allereie knyta skoa hennar. Eg MÅ koma meg vekk herifrå!»

Utstyrt med stav og med museskrittgange gjekk det eigentleg heilt greit å koma seg til Ådnaklett. Eg kan vel ikkje skryta på meg at eg var sliten då eg kom opp, akkurat.

Så tok eg meg ein tur opp hit også – her har eg faktisk ikkje vore før.

Snakk om å ha utsikt i frå hytta!

Eg valgte å gå denne vegen ned att. Den er bratt, men nyfiksa 🙂

Det var igrunnen ein fin tur i skogen. Diverre merkar eg ikkje noko betring i ryggen etter dette heller – det er seige greier dette her! Så no får eg gjera nokre øvelsar på pilatesballen – det plar i allefall hjelpa ei stund.

Og om ikkje det hjelper – i morgon har eg invitert på kusinetreff og kusine Anne har lova å ta med bobler. Og bobler, ja, det hjelper jo på det meste 😉

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.