Kakebaking i Steinparken!

Går det an å bake kake på tur? Ja, det ville vi finna ut i kveld. Jorunn inviterte på prøving av kakebaking i den nye Omniaovnen sin, og eg var ikkje sein om å takka ja 🙂 Alt eg trong å gjera var å stilla ved porten til Baroniet kl.1800 -og ha med ei eplekakerøra 😉

Yr.no lova at regnet skulle letta utover ettermiddagen, men då vi møttes ved Baroniet regna det framleis i strie straumar. Eg veit ikkje heilt kor populært det hadde vore om vi byrja hengja opp tarpane våre i Baroniet – det fann vi ut at vi ikkje trong finna ut, så vi bestemte oss for å ta turen til Steinparken i stadenfor. Der går det nemleg an å sitja under tak både her og der.

På førehand hadde eg gjort som eg hadde fått beskjed om….

….og hadde mekka i saman ei eplekakerøra. Ok, så juksa eg litt, men det må no vera lov av og til 😉 Denne Tororøra passa perfekt oppi ein tom yoghurtboks, så då var ho lett å få med seg i sekken.

Eplebitar blanda med kanel og sukker hadde eg og sjølvsagt med – det blir ikkje eplekaka utan epler 🙂

I Steinparken har eg ikkje vore på maaaaaaaange år, så dette vart jo igrunnen nesten ei ny oppleving for meg.

Det er mykje å sjå og studera heilt i frå Vangssago og opp i Steinparken.

Det er jo ikkje noko stor park, dette her, så vi måtte ikkje gå så langt før vi fann ut kor vi ville slå kakebakeleir. Vi fann ein plass med tak, bord og benker.

Og då var det berre til å gå i gang med bakinga. Røra kom i Omniaovnen fyrst…

….Jorunn fekk æra av å putta i eplene…

….og Svein Vidar måtte foreviga herlegheita 🙂 Eg trur nesten han var mest spent på om dette kom til å fungera 🙂

Vi syntes i allefall det såg lovande ut når kaka var klar til baking.

Så medan kaka skulle baka seg i ca. 35 min. bruka vi tida på å gå rundt i Steinparken og kikka på alt dei har laga til der.

Her passa det fint for desse to å sitja ned 🙂

 Her prøvde eg meg på ei utfordring som skulle gå ut på at eg til neste år skulle gå rett igjennom her – ikkje sidelengs.  Men…

….når Svein Vidar og måtte gå sidelengs gjennom, skjøna vi at det var umogleg å gjennomføra den utfordringa 😉

Haust i Steinparken.

Kjekk kar 🙂

Ja, då veit vi det 🙂

Ja, her var det mykje å studera og å sjå på. Men no hadde kaka nesten stått å baka seg i 35 min. så det var på tide å gå tilbake og sjekka korleis det hadde gått. Dåke kan tru vi var spente på om dette var noko suksess.

Og gjett om – sjekk den kaka!!! Den såg heilt perfekt ut!!

Vi strødde eit lite lag med sukker over og lot den baka seg eit par minuttar til…

 

…..og så var det klar for smaking 🙂

Jorunn hadde dekka fint på bordet 🙂

Svein Vidar fekk æra av å forsyna seg fyrst – sjå kor han gledar seg til å smaka 🙂

Dette kunne vi ikkje ha gjort betre! Kaka var gjennomsteikt og med ein lite kremdott på toppen smaka den akkurat slik ei eplekaka skal!

Så sat vi her og kosa oss og planla alle kakene vi skal baka på tur i Omniaovnen – sjokoladekaker, banankaker, brownies etc. etc. Eg gledar meg til vi skal på skitur i måneskin til Nautavatn, brenna bål og baka kake – det blir bra 😉

Ja, då fekk vi svar på spørsmålet vårt: Det går heilt fint å baka kake på tur! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.