Netflixfri dag!

På denne tida av året er det veldig enkelt å finna på orsaker for ikkje å gå utforbi døra om ettermiddagen/kveldane. For å dra kvarandre ut i allefall ein ettermiddag/kveld i veka, har Jorunn og eg no innført ordninga Netflixfri dag (då med tanke på at det er stort sett det vi glor på om ikkje vi kjem oss ut ;-)).

Vi treng ikkje gå dei lengste og mest utfordrande turane på den Netflixfrie dagen – hovudsaka er at vi kjem oss ut i frisk luft! Ja, og så er det eit par andre reglar – tarpen skal hengjast opp, og vi skal laga oss middag evt. kveldsmat 🙂

I går kveld var det Jorunn som bestemte både plass for utflukta og kva mat som skulle lagast. Eg fekk vita at vi skulle gå dit vi overnatta i hengekøyene våres fyrste gang (https://anitasboble.com/2016/06/11/ei-natt-under-open-himmel/ )- altså inn i skogen i byrjinga av gamlevegen til Aterstad. Kva vi skulle laga til middag ville ho ikkje røpa 🙂

Svein Vidar var ferdig å klatra i Ulvanåso, så han og fekk vera med på utflukta….

….hans oppgåva vart å laga grua og få fyr på bålet. Det gjorde han i ein fei, og så kunne han lena seg tilbake og slappa av, medan damene styrte med resten. Og eg meinte «lena seg tilbake» bokstaveleg tala, for etter ei stund gjekk det opp for meg at han faktisk hadde med seg turlenestol, og ikkje ein slik trebeint sak Jorunn og eg sat og vagla på 🙂

Jorunn gjekk i gang med å hengja opp sin tarp….

….eg prøvde å tenkja ut korleis eg kunne få min til å bli ein endevegg…

….men det var lettare sagt enn gjort….

…så det enda med at den vart ein forlengelse av bakveggen i stadenfor. Eg får vel nemna at vi ikkje hadde bruk for tarp i går – vi vart sitjande ved bålet 🙂

No når vi var kome så langt, var det på tide for Jorunn å setja i gang med middagen. Ho var mest stolt over å kunna visa fram den nye duppedingsen deira….

…ein OMNIA ovn!

Den fungerer slik at du sit den oppå primusen og så kjem flammen og varmen opp gjennom holet i midten på omnen. Med loket på vil då varmen spre seg i omnen og koka/baka maten. Her har Jorunn fyrst kokt/bakt kyllingbitar og løk, og så har ho blanda inn tikkamasalasaus.

Det tok forresten litt tid før ho kunne ha på tikkamasalasausen. Fyrst måtte ho jo syta for at kyllingen vart skikkeleg gjennom kokt/bakt. Ho byrja medan det enda var lyst….

….og rørte framleis i kylling- og løkblandinga når det var blitt mørkt…

….eg nytta høve til å fotografera vidunderet medan eg vart svoltnare og svoltnare.

Svoltnare og svoltnare vart Svein Vidar og. Tilslutt slo han fast at her måtte det skiftast ut gassflaske så det kunne bli litt fart i sakene. Som sagt så gjort. Og med ny gassflaske tok det ikkje lang tid før det freste i omina ovnen 🙂 Ein smart ting med omina ovnen er at ein kan fjerna den raude silikonforma – og vipps så har ein ei ekstra form…

 

…..som ein f.eks kan varma mjuke tacoskjell i 🙂

Mmmmm…det lukta godt, så no gleda vi oss til å smaka 🙂

Det ser kanskje ikkje så delikat og godt ut, men det smaka fortreffeleg!

Endeleg vart det mat på Svein Vidar óg 🙂

Så vil eg no påstå at eg bidro litt til at denne kvelden vart vellukka, eg og. Eg var nemleg den einaste som hadde huska hovudlykt 😉 Og den måtte jo takast fram, for det vart jo bekmørkt rundt oss etterkvart…

Og når ingen av oss visste kor stien tilbake til bilane eigentleg gjekk, var det jo greit å ha litt lys så ein kunne sjå framfor seg kor ein trødde. No hadde alle lommelykt på mobilen sin og, så vi hadde nok ikkje rota oss heilt vekk utan hvoudlykta heller…

Endeleg nede på skogsvegen att, høyrer vi at det knekk i greiner bak oss. Eg snur på hovudet og lyser sjølvsagt opp, ikkje berre ein, men to fjordingar – vi snakkar då hestar!

Går det an? Lika innpåslitne som sist vi var her på tur, sjølvsagt. Jorunn er absolutt ikkje noko hestejenta, så no lika ho seg ikkje. Svein Vidar prøvde med mindre hell å lokka hestane med seg litt framfor oss. Eg er ikkje så veldig redd dei eg heller, så eg prøvde å skyva dei til sides og pusha Jorunn framover. Det som var litt skummelt var at det var mørkt og eg gjekk med ei ganske skarp lykt på hovudet – eg var litt redd at hestane skulle få panikk eller skapa seg om dei fekk lyset midt i augene. Men det såg ikkje ut som om dei brydde seg om det – bortsett frå….

….når eg skulle prøva å fotografera dei etter av vi hadde kome oss trygt gjennom grinda….

….då var det ikkje lett å få hestane til å sjå rett i kamera 😉

Ja, Ja, litt utfordingar må ein vel ha på tur. Det gjekk no helst fint, sjølv og eg synes desse hestane er litt vel menneskekjære 🙂 Det hadde vel igrunnen vore verre om dei ikkje var det….

Vi hadde i allefall ein fin og kjekk kveld i skogen, men god mat. Neste gang er det visst min tur til å bestemma plass og måltid – eg får tenkja ut noko lurt 🙂

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.