Gratulera med dagen! I år var eg veldig spent på korleis 17.mai feiringa skulle utarta seg og dei siste dagane har eg sjekka vermeldingane opp og ned i mente..Jorunn, Svein Vidar og eg hadde nemleg bestemt av vi skulle feira med skitur på Folgefonna 🙂 Dvs. Jorunn og eg hadde bestemt det – Svein Vidar fekk berre beskjed om at det var slik han skulle feira når han kom heim frå Afrika for nokre dagar sidan 😉
Så i dag var eg oppe i god tid før salutten braka laus. Og ikkje veit eg om det er gode ekkoforhold her for tida, men frå eg slo av dusjen, tørka meg, tok på kler, hadde skum i håret og skulle slå på hårfønaren, hadde eg talt 16 (!!!) saluttar!. Er det mogleg??
I 08.30- tida, eller der omkring, var bilen pakka og vi klare til å ta ut..
….det er sjølvsagt obligatorisk med norske flagg i sekken ein slik dag 🙂
Gjennom Jondalstunnelen og opp den laaaaaaange dalen og brått var vi på plass ved Fonna Glacier Ski Resort, som det no så fint heiter. Det var litt kjølig ved skisenteret, så vi måtte byta på oss litt varmare kler. Dei måtta bytast av igjen då vi hoppa av heisen – det var rett og slett mykje varmare på toppen enn nede ved parkeringa.
Vi la avgårde i det vi trudde var panoramaruta. Kanskje var det rett, kanskje ikkje. Det var tåkete på toppen og av og til såg vi rett og slett ikkje særleg mykje rundt oss. Vi gjekk så langt vi såg det var køyrt løype (og det var ikkje særleg langt) før vi fann ut at vi lika godt kunne snu. Kanskje var det kvista løype vidare, men det kunne vi ikkje sjå…
Pytt sann – vi rekna ikkje med vi kom til å sjå noko meir enn vi allereie gjorde i tåka, så då får vi heller ta den løypa ein tåkefri dag 🙂
Ein einsam mann prøver å finna ut kor hen i tåka han er…
Sat oss lika greit ned her vi og tok ein kaffi, brus og dessert pause 🙂
Temperaturen var fin her vi sat, men ellers så skifta det mellom tåke, sol og til om med litt snøbyger.
Strålande fint dei augneblinka sola kikka fram 🙂
Etter ei stund bestemte vi oss for å byrja på nedfarten – det rekna vi med kom til å ta litt tid med oss damene som gjekk på turski.
Utsikt då vi kom ned til toppen av skitrekket att.
Ikkje så verst?
Neste etappe var å skli ned det som såg ut til å vera brettløypa til venstre for trekket (sett frå toppen). Då kunne vi ta neste pause nede på nokre steinknausar. Og, eg må seia vi klarte å koma oss ned på ganske så skapeleg vis 🙂
Her såg det neste ut som «kvar mann sin varde», for det var små og store vardar overalt 🙂
Tøff?
Denne syntes vi var tøffast 🙂 Vi var nesten redd for å pusta på den i redsle for at den skulle kvelva…
….men ikkje redd nok til å la vera å tulla litt 😉
Og med denne utsikta ein veg…
….denne utsikta ein anna veg…
…og denne utsikta bak oss…
..kosa vi oss med god niste – spekemat, potetsalat, kjøttbollar, eggerøre – skikkeleg 17.mai niste, med andre ord 🙂 Her nede var det ikkje noko tåke heller og sola varma godt innimellom 🙂
Siste etappe ned mot skisenteret starta godt, men det tok ikkje så lang tid før eg feiga ut og tok skia i nevane…Jorunn imponerte og køyrte flotte svingar heile vegen ned 🙂 Svein Vidar på randoneeski skulle sikkert ha ønska at det var enda brattare nedkøyrsle 🙂
Veldig nøgd med utflukta vår så langt 🙂 No gjekk heimturen om Utne og Odda. Det skjedde ikkje så mykje spanande på den turen, men vi la merke til at pyntenemdene i ALLE bygdene frå Jondal, til og med Odda, må ha vore på lavbudsjett i år. Hvis dei har pyntenemder då? Visst flagga dei og vi såg nokre bunader her og der, men ellers så var det ikke noko som tyda på at dette var Noregs nasjonaldag i Hardanger i dag. Vi vart litt skuffa over det, men kanskje dei synes bygdene deira er fine nok som det er? 🙂
Vel, vel, vi kom oss heim og aller var nøgd med dagens 17.mai feiring – kanskje det blir ein ny tradisjon? Vi skal uansett innatt på sommerskisenteret – kanskje vi ikkje treng venta til neste 17.mai eingong 🙂