Mala og vaska, eller gå tur??

I dag vart valget sjølvsagt tur. Ikkje strålande solskin ute, men litt overskya og grei tur temperatur. Eg fekk lokka med meg Ann Irene og Monica Helen, og så bar det strake vegen inn…

…Eikedalen.

Vi hadde bestemt oss for å gå inn til Fagerdalen i dag.

Sjølv om det var overskya, vart det fort varmt, og det tok ikkje lang tid før det vart mykje musk og vifting med armar og bein blandt mine turvenner – som hadde fått turfylgje av litt meir enn to floger. Eg gjekk litt bak desse flogesnapparane og skjøna ikkje heilt problemet – mot alle odds og normalen så var det knapt ei floga som ville vera med meg 🙂 Eg var ikkje noko misunneleg, så eg valgte å halda litt avstand heile vegen 😉

I rein forbannelse over flogene reiv Ann Irene av seg singelen og treiv den rundt hovudet i stadenfor 😉 Eg er redd vi ikkje hadde fått ho med oss lenger hvis ikkje ho hadde kome på dette trikset…

Men no når flogeproblemet var delvis løyst, bare det vidare oppover. Etter ei stund kom det både litt vind og regn, men det gjorde bare godt – vi fekk kjøla oss ned og flogene forsvann heilt.

Der ingen kunne tru at nokon kunne bu…

Vel inne i Fagerdalen var det litt gufse, men det gjorde ingenting…

A. Enæs hadde vore forutsjåande nok til å hiva tarpen til hengekøya i sekken. Vi styrte litt på med å få det slik vi ville, men til slutt så vart vi sånn tåleg nøgd med taket vårt.

Og når Ann Irene hadde ommøblert litt, kunne vi krypa i hi 🙂

Dåke kan skjøna eg kvakk til når eg kraup inn på mi sida og såg redd på Gollum som stivhaldt på kokosbollane sine «my prescious»…. 😉

Monica rører i tomatsuppa, for i dag tok vi…

…middagen i Fagerdalen.

Eg synes eg traff særskilt bra med valget av serviettar i dag 🙂

Utsikt frå min plass under tarpen. Eg gledar meg til eg skal henga i hentgekøye under denne igjen 🙂

Så kosa vi oss med både tomatsuppe, rundstykker, kokosbollar og div. under tarptaket. Riktig så koseleg hadde vi det. Men eg måtta ha fått litt frost i meg etter fyrst å ha vore aldeles overoppheta fyrste delen av turen og så nedkjøla av vind og regn den siste delen. Sjølv om eg hadde fått på meg både ull og dun sat eg og hutra litt. Ja, fingrane var så kalde eg mista litt følelsen i fingertuppane… Så når Ann Irene hadde fått i seg kaffien sin etter middagen, pakka vi saman og byrja gå på heim att.

Utsikt mot «havet».

Vi måtte ikkje gå så veldig langt nedover i dalen før temperaturen steig igjen, og dunjakka måtte av. Når eg kom så langt som ned til bilen, hadde eg heilt gløymt at eg sat og fraus litt inni Fagerdalen for berre ei stund sidan.

Alle tre var nøgd og syntes vi hadde hatt ein fin tur i dag – sjølv med diverse ver og temperaturar. Monica kom heim med eit gnagsår etter å ha gått heile turen med nye sko, men skoa var ho likevel godt nøgd med 🙂

Sjølv syntes eg det var mest kjekt å ha med stormkjøkenet på tur igjen og gjera litt meir utav turen enn berre gå opp og ned. Vi har vore litt for lite flinke til det i det siste, så her må vi skjerpa oss litt 🙂

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.