På nye vegar i Tveitedalen!

Det blir litt lite bobleaktivitet for tida – nett no går dagane mykje i maling av vindaugskarmar- og lister. Alle i andre etasje var trekvite når eg flytta inn – dei er no i ferd med å bli kvitmalte. Eg kan ikkje seia at eg blir blåst av bana av malerferdigheitane mine, men trøystar meg med at sjølvgjort er velgjort – eg får satsa på dunkel belysning 😉 Men det var ikkje maling eg hadde på tapetet i dag (he-he, den var litt fiffig, om eg skal seia det sjølv), men søndagsturen til Ann Irene og meg…

Då eg vart henta av Ann Irene søndag kl. 1200, var det for at vi skulle på tur til Bondhusvatnet. Men, det kjem vel ikkje som eit sjokk at vi ikkje hamna der…

For etter litt køyring, enda vi opp med å parkera her….

i Tveitedalen – omtrent så langt unna Bondhusdalen du kan koma på desse kantar, antar eg 🙂

Eg har vel nemt før at eg ikkje er så imponert over skiltinga i Tveitedalen, og har difor ikkje gått andre plassar enn til Ulvanåso og Børsdalen i denne dalen – sjølv om det går vegar på kryss og tvers og over alt. Ann Irene, derimot, har gått tur litt både her og der…

…..og på søndag ville ho visa meg kva som befann seg opp denne vegen.

Eg skal ikkje påstå 100% at til og med eg kunne ha jakta, og truffet, villsvina i Tveitedalen, men det er ikkje langt i frå 😉

Etter å ha gått litt oppover, bortover og oppover på fin skogsveg…

….kom vi fram til dette idylliske vatnet.

Ann Irene hadde ikkje fylgt vegen rundt dette vatnet før, så då bestemte vi oss for å prøva det.

Då vi kom rundt vatnet gjekk det på opp eit lite stykke.

Vi diskuterte litt kvifor ein har laga så fine skogsvegar i Tveitedalen – det er jo ikkje hytter her, så det kunne jo ikkje vera for hyttefolk i allefall. Så gjekk vi litt til, til vegen enda ved ei fin, lita hytte…. Midt i skauen, bokstavleg tala og med utsikt kun rett inn i skauen.

Vi kunne jo ikkje gje hos til her, så då gjekk i ned, runda vatnet igjen og fortsatte på skogsvegen som gjekk til venstre. Denne vegen er faktisk litt lang. Ann Irene hadde gått eit stykke av han før, men ikkje til endes. I ettertid hadde ho fått snusen i at det ligg eit stort vatn i enden av vegen, så vi kunne jo ikkje snu før vi fann det. Det er forholdsvis flatt å gå denne vegen, så det var fint å gå.

Og fram kom vi 🙂 Og har dåke sett- brått stod vi å kikka rett «heim» på Leiteshaugane og Gråfjell 🙂 Så då veit vi kva vatn vi står å kikkar på når vi står der 🙂

Skogsvegen fortsatte til venstre langs vatnet, men det gjekk og veg på høgre sida. Men skulle ein gå den til høgre, må ein komma seg over ei lita elv – og det lot seg ikkje gjera denne dagen utan å vassa. Heldigvis kom det nokre kjentsfolk og redda meg frå den vassinga. Dei kunne fortelja at hvis vi gjekk rundt vatnet til venstre, kom vi fram til ei lita hytte i enden. Gjekk vi litt forbi den kom vi til å få utsikt rett ned i Matrefjorden.

Svipp – så var vi i full galopp langs venstre sida av vatnet…

….og i hyttelause Tveitedalen kom vi etter ei stund fram til hytte nr. 2 for dagen. Vi må vel seia at vi syntes denne låg litt finare til enn den fyrste vi gjekk på. Her var vi fint einige om at vi godt kunne hatt hytta begge to 🙂

Her syntes vi og det såg finast ut å fortsetja på høgre sida av elva, men igjen – ingen plass å koma over utan å ta av seg på beina og vassa. Det freista ikkje, så vi gjekk vidare på venstre side.

Det er sikkert ikkje så mange som veit om, og går tur her, men vi kan neppe påstå at dette er urørt natur…

Igjen, så såg det mykje finare ut på høgre side enn venstre, men ikkje ein plass på ferda våres fann vi nokon plass å kryssa. Men no hadde Ann Irene bestemt seg – her rauk joggesko og sokkar – ho skulle over! «Ja, ja, prøva fyrst du,» sa eg. Når ho var komen vel over, rygga eg nokre skritt tilbake – «Øh…, eg går litt lenger ned til vatnet og ser om eg kjem meg over tørrskodd.»

Eg fann sjølvsagt ikkje nokon plass å koma over, men det freista ikkje bitten å vassa. Til slutt så vart eg einig med meg sjølv om at det ikkje var noko krise om vi ikkje enda opp på same plass – vi var ikkje lenger i frå ein annan enn at vi kunne ropa til kvarandre over elva 😉

 

Så slik gjekk det til at eg sat på ein stein her og hadde pause og naut utsikta, medan Ann Irene sat på andre sida – ser dåke ho? Det var forresten ikkje så lett å ropa til kvarandre for det var ganske mykje lyd i elva.

Om vi sat på kvar vår sida, så hadde vi nok same utsikta – rett ned på Matre. Her fekk vi eit flott overblikk over både fjorden og bygda 🙂

Ja, det var jammen flott å skua utover her – sjølv om kraftlinjene øydela eindel for fotograferinga.

Eg synes dette biletet vart litt stilig, då.

Etter å ha skua over på kvarandre ei stund bestemte vi oss, via teiknspråk, å gå tilbake til hytta. Ann Irene måtte vassa over elva igjen – eg var strålande nøgd med å vera tørr på beina 🙂

Ved hytta sneik vi oss til ei lita rast og naut litt niste før vi byrja på returen til bilen igjen. Vegen virka forresten ikkje fullt så lang på tilbakevegen.

Begge to var einige om at vi hadde hadde ein flott søndagstur – alltid kjekt med nye plassar. Denne turen kan vi anbefala til dei fleste. Men fin skogsveg og ikkje for mykje oppover- og nedoverbakkar treng ein ikkje vera i superform for å gå her heller 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.