Sommer 2017

På villspor….

Trur dåke det går an å vera 47 år, kav Uskedeling og framleis gå seg vill rett utanfor hushjørna?? Tydelegvis…

Eg har jo sete i den nye hagen min og sett ein og annan gå opp vegen ved sida av huset mitt, vidare langs løa til Bjørnebøle og forsvinn inn i skogen den vegen. Det er sikkert ein grei liten rundttur, har eg tenkt. Då kjem ein sikkert opp i nærleiken av Halsatoppen og kan gå ned att den vegen. Det må eg finna utav!

Og i dag fann eg ut det var på tide å sjekka ut denne løypa. Men i stadenfor å gå den naturlege løypa når ein ikkje heilt veit kor stien går – altså langs løa og opp slik at ein ser kor ein endar, så gjekk eg andre vegen. Dvs. at når eg kom opp på Halsatoppen, så ana jo ikkje eg kor stien ned att via løa byrja.

Eg får berre gå mot Ådnaklett og sjå om eg finn ein naturleg plass der det ser ut som om det går sti ned att mot høgre, tenkte eg. Ein slik plass fann eg ikkje før eg var komen eit godt stykke oppover. Då hadde eg tenkt tanken at eg var komen altfor langt opp og at stien eg fann berre var eit dyretråkk.

Men trur dåke ikkje det dukka opp ein raud prikk på eit tre? Ok, då må det jo vera ein sti, då. Det var ikkje lett å sjå kor den gjekk, men innimellom dukka det opp ein raud prikk til.

Når eg kom såpass utav skogen at landskapet opna seg, var eg…

her….. Nokre høgdemeter ovanfor løa til Bjørnebøle, kan ein seia… Den ligg mellom dei øverste tre husa og dei nederste trea….

Hmmmm…..kva gjer eg no?? Eg var faktisk kome igjennom ei grind og over på ein gjengrodd skogsveg. Eg bestemte meg for å fylgja vegen litt til for å sjå om den snart gjekk på ned. Dessutan var det jo fin…

…utsikt over bygda her. Eg har i allefall ikkje sett den i frå denne vinkelen før 🙂

Då eg var komen så langt bort som hit, var det faktisk ei grind i gjerde slik at eg sikkert kunne gått igjennom den og peisa rett nedover bakkane kor eg kunne klyva over div gjerde og koma rett heim.

Men gjorde eg det? Nei, no var eg jo nyfiken på kor skogsvegen eg var på enda, så eg fortsatte på den…

….på veg opp dalen….

….og no hadde eg fått ein følelse av kor vegen kom til å enda…

….og eg fekk rett – eg kom innpå same veg som går opp til Ådnaklett i frå dalen. Så istaden for å gå opp til Ådnaklett, har eg gått rundt toppen 🙂

Ja, då hadde eg jo brått gått litt lenger enn ein rundttur til Halsatoppen og måtte snu og tusla…

….ned dalen, over Dønhaug og heim 🙂

Ok, denne turen gjekk jo ikkje heilt etter planen, men det var faktisk ein heilt grei rundtur likevel. Eg ser ikkje vekk i frå at eg kjem til å gå denne fleire ganger 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s