Vår nye heim!

No har vi allereie budd i det nye huset vårt i 14 dager – og det går strålande fint 🙂 Det føltes som heima i frå fyrste sekund. Det har vore mykje som skal på plass – og enda er det mykje som ikkje er kome i orden, men vi får ta ting litt etter litt. Eg reknar med eg skal bli gamal her, så det er ingenting som hastar 🙂 Vil dåke ta ein liten kikk på korleis vi har fått det? 

Det huset med krinkelkrokar, minst ei trapp og sjel som eg har masa om i nokre år – det har eg no fått 🙂 Sjølv om eg no bur i byggefelt, så har eg det, som dåke ser, ganske fritt rundt meg 🙂 Enn så lenge då, det er planlagt ei rekke med hus mellom oss og husa oppforbi, men det blir vel ei stund til dei evt. kjem.

Kjøkenkroken vår….

….her kan eg sitja og kikka om det skjer noko nytt ute på Eik 😉

….andre enden av kjøkenet…

…her kan dåke få servering rett utav kjøkenvindauga, om dåke kjem på besøk 🙂 Det er ein koseleg krok utforbi her, men eg må mala ein vegg før eg evt. kan visa den fram 😉

Den nye stova vår – det ser ut som om vi har fått oss både hus og hytte i eitt 😉 Maskinførarsjeselongenden av sofaen vår vart køyrt på SIM før flytting – varmepumpa ville stått i vegen for den. Men veit du ikkje at det kun står ein halv sofa her, så trur eg ikkje du merkar at det manglar noko 🙂 Det skal sjølvsagt henga gardiner i begge vindauga, men det eine beslaget til gardinstanga er som sunket i jorden etter flyttinga, så eg har måtta bestilla meg nye som eg ventar på. (Dei hadde sjølvsagt ikke rett sort på Husnes)

Utsikt mot Englafjell frå eine stovevindauga.

Andre enden av stova. Her er det foreløpig ganske tomt, men det skal vel bli ei spisestove etterkvart. Foreløpig kan eg bruka den til dansegolv, evt….

….kan eg prøva å læra meg å rocka med rockeringen til Magnhild, som eg lånte for eit år og to sidan. Den har stort sett stått til pynt, og som dåke ser har den no fått hedersplass i mors kosekrok 😉

 

Kosekroken er kun brukt til oppbevaringsplass enda, men her skal eg nok kroa meg til med strikketyet mitt til høsten og vinteren, medan eg skuar utover bygda 🙂

I 2.etasje er det framleis kaos med ting og tang overalt, så det trur eg ikkje eg kan visa fram nett nu. Stian har vel fått orden på sitt soverom – eg bur framleis i bag’ar, koffertar og søppelsekkar, medan eg ventar på at kleskap og kommodar skal bli levert. Fjernsyn har vi forløpig heller ikkje fått på plass – her ventar vi på at Viasatfolka skal koma å montera ny antenne og montera det vi treng for å få det opp å gå igjen. Men inntil dess så klarar vi oss godt med Viaplay og Netflix ;-). Nye utelampar skal far koma å hjelpa meg med å få på plass…

Ja, eg har vel kjøpt meg arbeid på livstid no, men no er vi i allefall komen så godt i orden at vi stressar ikkje – som sagt så får vi ta ting litt etter litt.

Eg skreiv at eg ikkje ville visa fram kaoset i 2. etasje, men dåke kan få ta ein kikk på utsikta i frå gjesterommet (óg kalla Jorunn sitt rom 😉 )…..

Flott, eller?? Det er berre til å koma på besøk….

…..for eg har nemleg klart kunstykket å montera ringeklokke heilt av meg sjølv! Og den virkar 😉

Så sånn har vi fått det i vår nye heim. Her trives og kosar vi oss – eg trur det var «meant to be»  at vi skulle enda opp her 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.