Den lange vegen heim….

I helga skjedde det endeleg – vi flytta inn i vår nye heim 🙂 Det kjem sikkert eit innlegg om den nye tilværelsen, men det blir ein anna gong, og ikkje i dag 🙂 For i dag kjem det eit innlegg om dagens opp- og nedturar 😉

Det har seg nemleg slik at denne veka har eg tatt fri for å ha flytteveka og Ann Irene har tatt fri for klargjera til konfirmasjon i helga. Kor lurt det er at vi fann ut at begge har ferieveka skal vera usagt, men det var no nok til at vi lot både flytting og konfirmasjon segla sin eigen sjø i dag. For i dag, i dag, skulle vi prøva oss på tur til Nonshaug i Omvikdalen 🙂

Vi starta dagen med at eg spanderte frukost på Ann Irene på den nye morgonsolplassen min….

….servering rett gjennom kjøkenvindauga 🙂

Gode og mette var vi klare for utflukt. Vi starta turen ved «Badehuset» i Omvikdalen, og fylgte skogsvegen opp etter lia. Eg er ikkje så glad i skogsvegar, men denne tykkjer eg er grei å gå. Den svingar seg rundt fjellsida slik at når ein er nesten til endes, så er ein rett over sandtaket og FKbutikken.

Og herifrå har ein lang utsikt – rett inn på Mundheim, f.eks.

Når ein har nådd denne postkassa og skiltet, går ferda vidare på sti.

Og no blir det bratt!

Å, så bratt det vart! Og, som dei vante Boblelesarane veit – Ann Irene diggar bratte fjellsider – eg kan styra mi begeistring. Og når eg kava meg oppover stien her i dag, kunne eg verkeleg styra mi begeistring. Ein ting er at eg ikkje likar slike bakkar – eg har jo absolutt ikkje fjellformen inne til at eg syntes det var bitten kjekt å klyva her.

At utsikta vart betre og betre hjalp ikkje så veldig på motivasjonen.

Ein plass måtte vi over ei lita snøfonn, sånn ca. 10 skritt. Den tykte vi var litt skummel, og vi kikka om det gjekk an å koma seg ned att utan å måtta gå over den. Vi fann ut at det sikkert gjekk an å gå ein omveg rundt på sida. Men no når det byrja bli snaut med trer, syntes eg resten av stien byrja bli skummel og med tanke på ned att turen – det var mykje grus og lause småsteinar. Så i tillegg til å møsa over oppoverbakkane, byrja eg no å møsa om vegen ned att og… Skikkeleg kjekt turfylgje å ha med seg, med andre ord 😉

Her hadde eg eit lite håp om at vi nærma oss noko…

…og det gjorde vi jo – vi kom opp i ein liten dal. Og her var det kjempefint! Klarer dåke sjå hytta i biletet? Ein eller annan hadde laga skispor i snøsida rett forut og.

Ja, her var det skikkeleg fint og eg for min del hadde ikkje behov for å gå noko lenger, men vi såg jo begge at det gjekk spor i snøen vidare opp fjellet…. Vi tok oss ei matpause og grubla på kva vi skulle gjera no. Eg sa Ann Irene kunne gå opp medan eg venta, men så var vi jo ikkje heilt sikkert på kor Nonshaug låg. Kanskje det var enda ein topp? «Ja, ja, då kan du gå, og så kjem eg tuslande etter så langt eg gidd» sa eg.

Så la vi i veg igjen. Det gjekk forsåvidt greit å gå vidare – eg distraherte meg sjølv med å prøva å finna omvegar frå snøefonnene, og då gløymte eg litt at eg var lei 😉

Og for ein gongsskuld dukka det ikkje opp enda ein topp vi måtte bestiga før vi nådde målet – endeleg fekk vi varden på Nonshaug i sikte 🙂

Flott var det jo her – bevares 🙂

Eg var jo nøgd med å ha kome meg opp – eg som eigentleg ville sitja igjen å venta på at Ann Irene skulle koma ned att.

Men varden var jo ikkje det einaste vi fann her oppe….

Hmmmm…. «Du, Ann Irene….»

Så vart det jo sjølvsagt litt diskusjon igjen. Ingen av oss hadde jo lyst å gå ned den bratte fjellsida att, men Ann Irene meinte på at å gå til Tverrfjell var ein laaaaaaaang tur – då var det betre å gå til Solfjell, som vi såg rett opp på. Eg meinte Solfjell var mykje lenger vekke enn det såg ut som, og at det var for mykje snø. Det vi VAR einige om, var at ein eller annan hadde tråkka spor i snøen lenger framme – så vi kunne jo gå til neste topp og sjå korleis det såg ut?

Og då vart det slik 🙂

Eg skjøna raskt at vi måtte i allefall leggja Tverrfjell på is når vi kom så langt at vi såg bort dit. Ann Irene hadde rett – det vart for langt, og vi har tross alt berre ferie til mandag….Men spora i snøen gjekk jo heller ikkje dit – dei gjekk rett fram, så vi valgte å fylgja dei litt lenger.

Vi måtte traska eindel i snø, men det gjekk greit her, vi sank ikkje så djupt.

Tilbake blikk. Det var lenge sidan eg eigentleg var lei heile turen – faktisk på toppen rett framfor holmen. Men for meg vart dette ein før og etter Nonshaug tur. Slitsom opp til Nonshaug -superflott og kjekk etter 🙂

Og så dukka det opp eit vakkert skue! Ann Irene og, sjølvsagt, men akkurat her sikta eg til Ulvanåso, som brått dukka opp i horisonten 🙂

No var det jo inga bøn – no var det lenger å gå tilbake enn framover. Vi håpa berre at det ikkje skulle vera for mykje snø til å koma seg ned på «heimsida». Framleis var det spor i snøen framfor oss. Men for alt vi visste kunne jo vedkomande hatt med seg både stegjern og isøks….

Det var så fantastisk flott opp på her – no var det slutt på møsinga på for lenge sidan 🙂

Vi nådde «Det gamle Solfjell», som Ann Irene kalla det – og no steig spaninga – ville vi klara å koma oss ned stien til Fjelly???

Ein pust i bakken medan vi såg utover ei meir kjent utsikt for oss 🙂

Så var det berre til å prøva. Håpet var at det ikkje låg lika mykje snø på andre sida.

Og, vi var heldige! Det låg framleis snø i fjellsida, men det gjekk greit både å gå over og rundt. Enkelte plassar trødde vi over snøen, andre plassar klarte vi å koma oss rundt.

Endeleg – Mannsvatnet i sikte 🙂

Utsikt ned mot Vatnastøl.

Det er bratt ned denne stien og, men snøen forsvann sjølvsagt dess lenger ned vi kom, så det gjekk greit å gå ned hit.

Nærmar oss neste delmål no…

….Ungdomslagshytta Fjelly 🙂

Og endeleg var vi nede – det gjekk jo bra jo 🙂

Hadde vi visst vi skulle på så lang tur, hadde vi kanskje leigd hytta på førehand. Som sagt så er vi ikkje i vår beste fjellform enda, så å seia at vi ikkje kjente turen i beina no, ville vera å lyga ein liten smule. Vi tok oss ei lengre pause her før vi tok fatt på siste etappe opp lia og ned Pålavegen. Vel nede hadde vi tinga ho mor til å henta oss – vi hadde jo bilen i Omvikdalen….

Vel, vel, slik kan det gå når desse tøttene legg ut på tur. Det eg ikkje fyrste gang vi har hamna på litt andre stiar enn vi hadde tenkt, men det må definitivt vera den lengste….

Og heile denne turen for å sleppa å gå 10 skritt i ei snøfonn og eit lite stykke med bratt sti… Nokon andre som har valgt og gå over eit heilt fjell for same grunn???

Men ein strålande flott tur vart det – eg trur faktisk eg kan anbefala den 🙂 Sjå vekk i frå sutringa mi om turen opp til Nonshaug – Ann Irene syntes turen opp var heilt OK 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.