I går gløymte eg heilt ut å laga Påskekrimquiz, men i dag er eg tilbake. Når det gjaldt om ein edderkopp veit kva som er bak/fram på meg, så vel eg å stola på PåskeKaren (som har to av arten i bur) sitt svar om at edderkoppen ser så dårleg at han ikkje veit om eg står opp ned eingong 🙂 Svaret på tilleggspørsmålet var «Før hanen galer» av Jens Bjørneboe 🙂
I dag har eg vore på ein kriminelt flott skitur på toppen av Folgefonna i frå Sommarskisenteret i Jondal 🙂 Dette hadde vi snakka litt om tidlegare, men vermeldingane har jo vore litt diffuse. Det var dei forsåvidt i går og, men Jorunn og Svein Vidar meinte på at i dag var dagen. Eg kikka på yr.no – minus 12-13 grader kl. 1000 – er det verkeleg noko du har lyst til??? Eigentleg ikkje, men eg tenkte at eg må jo koma meg litt ut i frisk luft i Påsken, så eg takka ja til å vera med likevel.
Vermeldinga i dag viste same minus grader, men no viste det og ei STOR sol, så då tenkte eg at det sikkert vart bra uansett – så då var eg ganske optimistisk når eg pakka i bilen. I tillegg til Jorunn og Svein Vidar vart Ketil i frå Tysnes, kompis av Svein Vidar, med oss.
Eg hadde gleda meg til å sjå brøytekantane opp mot skisenteret – eg har nemleg aldri køyrt igjennom desse høge kantane ein ser på bileter….
Eg sat klar med kamera heile vegen opp, og når vi nærma oss toppen vart dei i allefall litt høge 😉
Vi var ikkje dei einaste som hadde tenkt å tilbringa Langfredag på sommarskisenteret i dag. Det var allereie byrja å bli ganske fullt på parkeringa då vi kom opp.
Strålande flott var det når vi kom utav bilane – kor var dei minusgradene yr.no meldte??? Ok, kanskje det var eit par minusgrader ved byrjinga av skiheisen, men eg trur ikkje det var det då vi kom opp til endes av den….
……Jorunn måtte stoppa og hiva av seg kler etter berre nokre få stavtak 🙂 Har dåke sett så flott??? Dette var noko anna enn den skoddete 17.mai turen vi hadde her i fjor 🙂
Vi hadde turski og skulle fylgja løypa til toppen, men….
….. det var jo så mykje folk at vi valgte å hoppa utav løypa og trakka våre eigne spor.
Svein Vidar leda an oppover. Vi prøvde å gå rett fram, men Svein Vidar påpeika at han hadde ein tendens til å hella mot venstre, og når vi snudde oss og såg spora våres, kunne vi slå fast at han hadde heilt rett i det 🙂 Då måtte vi retta litt opp i det og så gå på fram igjen.
Vi trudde jo vi hadde bevega oss langt ifrå den oppkøyrte løypa, men…
….brått dukka det opp ei lang rekke med folk som bevega seg frå venstre mot høgre i horisonten – vi hadde visst peiling mot same mål alle saman 🙂 Men det var jo berre bra – det viste jo at Svein Vidar sitt innebygde kompass virka heilt ypparleg 🙂
Når ein tar skiheisen opp, er det ikkje dette ein superlang skitur, men det var greit å få planta skia her på toppen av Fonna – her hadde dei ikkje vore før 🙂
Mannane vart sett i arbeid med å laga benk til oss 🙂 Som dåke ser så haldt vi framleis litt avstand til bermen i bakgrunnen 🙂
Det var stort sett snø og himmel rundt oss, men når eg stod oppreist kunne eg fint zooma inn Hårteigen på Hardangervidda, så ein har utsikt eit stykke, kan ein seia 🙂
Påske er Påske 😉
Her kosa vi oss, kan dåke tru 🙂 Sola skein og det var HEILT vindstille!! Noko eg innbilla meg måtte vera ein sjeldan ting, men i fylgje Svein Vidar så er det visst ofte slik….
Etter mat og drikke tok vi ein liten skitur utifrå leiren våres…
Det er ikkje kamera som gjer at Ketil ser litt ufokusert ut – han står nemleg i ein liten tåkedott som for forbi…
…..men….
….den forsvann like fort som den kom 🙂
Vi var faktisk bortom denne gjengen – vi var litt redd for at dei var på toppen og ikkje vi, men det var visst mykje godt lika høgt over alt. Men vi gjekk i allefall over ei kommunegrense i fylgje GPS’en – kva kommunar er eg usikker på…
Før vi tok fatt på turen ned att, fekk eg Jorunn til å montera Bært-bærten eg fekk av ho tol jul på skistaven min 🙂 Jorunn har nemleg vore på atskillege skiturar med meg før, så ho veit akkurat kva eg treng 🙂 Og Magnhild – du kan berre montera din og – det går faktisk fint an å skru den fast på skistaven 🙂
Når signalhornet var på plass, var det berre til å pakka ned leiren 🙂
Nedover tur – ikkje akkurat min favoritt distanse… Men, det var jo supert føre for slike som meg, det gjekk svært sakte på fram/ned 😉 Den fyrste delen var jo berre rett fram…
…..her måtte vi ha ein stopp slik at eg fekk fotografert gjengen med heimfjella i bakgrunnen 🙂
Så byrja det å gå på ned. No var vi jo framleis over skiheisen, så her var det ikkje så mykje folk og lange strekker med urørt snø. Det passa meg fint! Sjølv om det var litt tungt å svinga, var det kjekt å stå ned her for det gjekk i akkurat passe tempo 🙂
Framleis nøgd med turen når eg kom ned hit – same plass som var dekka av store og små vardar på 17.mai i fjor. Eg syntes eg hadde klart meg fint så langt 🙂
Men no gjenstod jo siste etappen – den kor eg må bevega meg bort i mylderet av folk! Og kva har no vel eg der å gjera – eg som er heilt upåliteleg, som ein ikkje veit om svingar til høgre eller venstre, som det er heilt umogleg å sjå om kjem til skli langt eller kort på kryss og tvers, som ein enkelte gonger ikkje klarar å sjå om er på veg ned eller opp… Men hadde eg noko valg – nei, ned måtte eg jo!
Det gjekk fint eit lite stykke – og så låg eg brått langflat! Ingen fare – det var jo supermjukt å landa. Litt kluss med å få på skia igjen – eg hadde fått litt is i rubben, eller noko slikt 😉 Eg kava meg vidare nedover, tunga svinga sikkert både til venstre og høgre den og i takt med meg – i den grad eg hadde noko takt. Stavane var foran skia, bak skia, mellom skia og til tider under skia. Heile tida vart eg påpassa av resten av gjengen – Jorunn side om side, mannane haldt utkikk etter meg frå diverse postar nedover i bakken. Eg følte meg som ein viktig person med eigne secret service agentar som passa på meg i bakken. Det skulle dei visst, alle dei som susa forbi meg på alle kantar!
Eg blir jo så stressa av så mykje folk som kjem i frå alle kantar! Att eg hadde signalhorn på skistaven eg kunne fløyta med hadde eg heilt gløymt 😉 Opptil fleire gonger var eg på nippet til å ta av meg skia og gå ned slik som sist. Men då trødde Jorunn til i frå sidelinja – «No kjem det ingen – du rekk tre svingar til!!» Det gjekk seint, det gjekk veldig seint, men omsider var eg nede eg og – framleis med skia på beina!!! 🙂 Hurra!!
Og vel nede var alt berre fryd og gammen igjen…..
…..og vi kunne sitja ned og kvila ei lita stund her og 🙂 No lurer dåke sikkert på kor alle desse folka eg snakka om er – det ser jo heilt tomt ut i bakken i bakgrunnen her??? Dåke trur vel ikkje eg kom ned bakken i bakgrunnen??? Øverst til høgre gjorde eg nok det, men så går det løype bak toppen til høgre som kjem ned til heisen. Den løypa ser ein ikkje på biletet. Der kjem sjølvsagt dei fleste ned – eg meiner det burde vore påbudt for alle andre å køyra ned bakken attmed heisen når eg er i løypa 😉
Okkesom – den siste nedturen var jo berre ein liten bit av turen – vi var alle einige om at vi hadde hatt ein aldeles fantastisk, strålande Langfredagtur 🙂 Heilt tipp topp! Og medan dei andre kom ned med god farge etter ein dag i sola, står eg og ser meg i spegelen og er, om mogleg, bleikare enn når eg reiste heimante i dag tidleg…. I måro skal eg kjøpa solkrem med mindre faktor enn 30….
Ok, Påskekrimquizspørsmålet i dag: Eg vil fram til ein norsk krimserie – eg har lagt igjen eit hint i bileta 🙂