Anitas Påskekrimquiz 4!

Hmmmm…. gårsdagens Påskekrimquizspørsmål var visst ikkje så enkelt. Bobla sine lesarar er kanskje ikkje heilt oppdatert på Påskeevangeliet?? 😉 Men nokon klarte sjølvsagt å svara rett: Det var sjølvsagt Jesus disippel Peter (eller Simon Peter) som var rett svar – han som fornekta Jesus tre ganger før hanen gol tre ganger.

I dag skal eg vedgå at eg ikkje veit svaret på Påskekrimquizspørsmålet – men eg set stor pris på om nokon andre kan gje meg svar..

Det har seg nemleg slik at her om dagen så såg eg at det sat ein liten edderkopp i taket på badet. «Ah, den er så liten, den får berre vera», tenkte eg. Neste gong eg var på badet så var den vekke, og eg gløymte krypet. Det var heilt til eg skulle dusja i dag tidleg. Rett nok hadde eg ikkje kontaktlinsene på, men eg visste med eingong kva den svarte flekken i taket inne i dusjen var – edderkoppen! Og då syntes eg ikkje den var så triveleg lenger. Det lettaste hadde jo sjølvsagt vore å funnet ein stol og fått fjerna krapylet, men no var eg no eingong komen inn i dusjen og orka ikkje styra med det. «Så lenge eg har augekontakt og veit kor han er, går det nok bra», tenkte eg. Har dåke prøvd å dusja og halda auge med ein edderkopp i taket samtidig??? Eg turde jo ikkje snu ryggen til – eg var redd for at han skulle nytta høve til å fira seg full fart ned i frå taket, gå til bakholdsangrep, henta hjelp etc. etc. Det vart ikkje noko lang dusj i dag….

Så til Påskekrimquizspørsmålet:

Er det mogleg for dette uhyret å vita kva som er bak og kva som er framme på meg??? Altså, er det ein sjanse i havet for at ein edderkopp på sånn ca. 0,5cm  ville tenkt «Ok, der snudde ho baken til – no firer eg meg full fart ned medan ho ikkje ser det….»???? Hvis den vil fira seg ned, ville det spilt nokon trille i det heile tatt kva veg eg stod i den augneblinken??

Tilleggsspørsmål: Navn på forfatter og hans/hennes debutroman utgitt i 1952?

Premien til dei  som meinar dei veit svaret på dette er som vanleg heder og ære 🙂

PS! Edderkoppen sat på same plass når eg kom heim i dag, nu finnes den ikke mere…..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.