Ein skulle kanskje tru at dagane gjekk treigt når ein berre går heima og sullar slik eg har gjort dei siste par månadane, men eg synes faktisk desember kom litt brått på eg og 🙂Det er ikkje det at eg ikkje er forberedt – nei, gudane skal vita at eg vel aldri har vore så godt forberedt til jul som i år 🙂 Pakkane er eg meir eller mindre klar med, julepynten er tatt fram, så no er det nesten berre for meg å kosa meg medan eg ventar på at det skal bli 24.desember 🙂
Julekosen byrja eg no eigentleg med allereie på laurdag då damene skulle laga julesnop i Omvikdalen. Eg fann ut at det måtte vera ei god anledning til å prøva julesnopen som har stått og godgjort seg i kjellaren heilt sidan august – nemleg blåbærlikøren min! Eg var meget spent på denne spretten – ville det smaka godt? Ville mine hemmelege ingrediensar ha øydelagt heile likøren? Likar eg i det heile tatt blåbærlikør???
Men det var ingen grunn til panikk – dette var, om eg får skryta sjølv, snadder!! Eg veit faktisk ikkje om blåbærlikør kan smaka noko betre enn dette 😉
Blei litt meir julesnop i glasa vore utetter kvelden og..
Skulle ha å kosa meg med ei lita stund her 🙂
Men i dag, 1. desember, lurte eg ei stund på om det i det heile tatt var naudsynt å forlata senga. Vakna til regn som piska på vindauga og hadde i grunnen ikkje lyst å kikka ut i det heile tatt. Men då eg endeleg tassa ut på kjøkenet og såg utover fjorden så var det jo riktig så fint ute. Kikka eg andre vegen opp dalen så låg jo Solfjell så fin med snø på og kosa seg i sola. Då var det ingen tid å missa – på med utekler og koma seg ut på tur.
Det tok ikkje så lang tid før eg møtte snøen i dag.
Det har fatkisk kome så mykje snø at eg satte djupe spor 🙂
Og så kom det eit lite verskifte…
Tiddelibom – så lite skal til før ein kjem i julestemning 🙂
Lenger oppetter fjellsida kom eg ikkje i dag. Ein kronglete rygg set litt begrensningar på turane mine for tida, og å stampa seg oppover i snø i tillegg gjorde ikkje det betre. Kanskje eg prøver igjen i morgon med stavar og truger 🙂
På veg ned att snudde veret igjen 🙂
Sol på Englafjell 🙂
Ulvanåso har tatt vinterhabitten på 🙂
Ein fin liten førjulstur fekk eg meg – og til og med litt julestemning 🙂 Vel heima kunne eg kosa meg med å kikka i det nye «fjell og vidde» magasinet til Turistforeningen og i «Sti og Varde» magasinet til Bergen og Hordaland Turlag dukka denne overskrifta opp:
Ikkje verst reklame dette 🙂
Eg er jo og einig i at det ikkje er så verst å ha basecamp i Uskedalen – blir stort sett det året rundt for min del 😉