Vel, vel, vi får vel vedgå at årets pepparkakebyggverk signert Ann Irene, Marit og underteikna ikkje kjem inn på lista som Guds 8. underverk med det fyrste..Kor lurt det var å starta planleggjinga/evt. utsetja starten med…
…blåbærlikør (har eg nemnt at eg har fått til ein skikkeleg snadder blåbærlikør tidlegare?? 😉 ) og bobler i glaset, skal vera usakt, men eg vel å tru at det kan ha hatt ei innverknad på sluttresultatet. Det verste er jo at vi i år til og med hadde juksa og KJØPT delene til ei pepparkakekyrkje. Då skulle ein tru at det skulle vera grei skuring å få limt det i saman og få litt pynt på? For at det ikkje skulle sjå heilt kjøpeaktig ut – noko vi vel eigentleg kunne spart oss å bekymra oss for – hadde vi til rådigheit litt pepparkakedeig vi kunne «pimpa» kyrkja med. Eg f.eks meinte at vi måtte ha nokre riddarborgvegger på denne kyrkja våres – og då dei kom opp datt jo heile meininga med «pimping» (make (something) more showy or impressive) vekk….
Mina til limemeister Ann Irene her seier vel det meste… Her byrja vi å vurdera kven av ungane vi kjenner vi kunne prøva å få overtala til å ta på seg bygginga av denne konstruksjonen..
Men no hadde vi no i allefall fått byggverket reist, på sin eigen skeive måte, så då gjenstod det berre å få pynta (??) det.
Ja, ja, kanskje det ikkje kom til å sjå så verst ut likevel…
…eller kanskje vi gledde oss for tidleg… Legg merke til at kyrkja har ei bord av apekattar – dei største apekattane i dette tilfellet sat noko å limte dei på…
Note til ourselves: No må vi byrja å huska at delene bør pyntas før ein limar i saman verket!
Melisblanding til å lima og pynta med slapp vi opp for berre halvvegs i pyntinga, men eg trur ikkje nokon av oss tenkte tanken på at vi kunne laga meir… Ein god del av snopet vi skulle pynta med forsvann andre plassar enn på kyrkja – seigmen og bobler er ikkje så verst det..
Omsider sa vi oss nøgd (??) både med byggverket og pyntinga, og eg må seia at både Ann Irene og eg er gysla misunneleg på Marit….
….. som får ha dette fantastiske kunstverket ståande framme på heidersplass i heile desember!! (Og ja, vi kjem sikkert til å stikka innom å forsikra oss om at det frameleis står der opp til fleire gonger 😉 )