Hutre, hutre…

…rim på bakkane, frost på bilrutene og minusgrader i lufta – jepp, no nærmar vinteren seg. Men det er jo berre å finna fram tjukke jakker, hua og votter og koma seg ut i finveret.I dag gjekk turen til Skjethaug i Rosendal med Ann Irene, Marit og Egil. Ny plass for Ann Irene og Egil, men Marit og eg hadde vore her før. Turmålet var valgt av ein grunn – vi rekna med at der var det sol 🙂

1

Vi parkerte ved kyrkja og kunne konstantera at vi hadde rett ang. sola 🙂

Minus 3 grader viste gradestokken i bilen min i dag. At det har vore minusgrader i lia opp mot Skjethaug ei stund fann vi ut då vi såg dette…

2

….naturens eige kunstverk!

3

Rett og slett vakkert.

4

Pause og fotografering her 🙂

Det er ikkje så veldig langt opp til Skjethaug, men med full vintarhabitt på, og sol, blei eg jammen både varm og svett på vegen. Vel oppe tok vi oss til til både kaffi, solbærtoddy og kjeks – og til å nyta utsikta, sjølvsagt 🙂

5

Ikkje heile Rosendal ligg i sol, men jammen er det fint med snø på toppane og rim på bakkane – nesten som eit postkort 🙂

6Rosendal og Malmangernuten.

7

Sjå kor flott!!

8

Snilstveitøy rett fram.

Og så gjorde vi jo det vi burde ha visst vi ikkje skulle ha gjort – vi fortalte Ann Irene kor stien ho såg gjekk til. Vi skulle jo berre sagt rett inn i skogen, men før vi fekk tenkt oss om hadde vi røpa at det var stien til Skålafjell. Need I say more??

9

Gjett kor vi er på veg??

Eigentleg var vi einige heile gjengen om at det sikkert var ein fin rundtur og ta med seg Skålafjell før vi tok på heimatt. Det gjekk litt oppover, men stien var fin og det tok ikkje så lang tid før vi var komen igjenom skogen.

10

Litt oppover, litt nedover, litt bortover og litt oppover igjen…

11

…og vips så er en på Skålafjell!

12

Herifra ser ein rett inn på Myrdalsvatnet og Gygrastol.

13

Og rett bort på den store bøygen som eg enda ikkje har mota meg opp til å prøva meg på – Melderskin.

14

Og sjå der – damen i solen 😉

15

Tøy og bøy – godt for ein gamal skrott..

16

Solbærtoddy og kakemann – det går an å koma i litt julestemning slike dagar som dette 🙂

17

Blei litt yre og overmodige kakemannane og i dag. Det gjekk som det måtte gå…

18

…..og enda med knall og fall!

Ja, ja, det var jo litt trist, men gode var dei uansett 😉 Vegen heimatt gjekk ned Skålafjell til Bjørke og ned til kyrkja att. Riktig ein fin rundttur, var vi skjønt einige om alle 4. Dette er ein tur vi lett kan anbefala 🙂

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.