Uhu-Uhu!

Eg har vore ein av dei som ikkje har skjøna kvifor vi «må» feira Halloween her i Norge. Berre tull, syntes eg, heilt til eg fann ut at eg skulle overnatta langt uti skauen på årets Halloweenkveld….Altså, det måtte jo markerast på ein eller anna måte. Og som dåke kanskje veit – når eg fyrst byrjar på noko, ja, så har det ein tendens til å balla litt på seg…

Fyrst fann eg gresskarlykter på Nille – det måtte vi jo ha! På Polet i Odda vann eg ein hovudskalle fylt med vodka – den måtte eg jo ha! (Må ærleg innrømma at eg sløste veldig med den vodkaen då eg slo den rett i vasken og fylte flaska med Tyrkisk pepper istadenfor 🙂 )

DSC_0125

Men vi måtte jo ha noko Halloweensnop og….

DSC_0114

….. vi treng vel aldri meir diskutera om eg har grøne fingrar eller ikkje….

No var jo Halloween byrja bli litt gøy, faktisk – kva meir kunne eg finna på???

DSC_0115

Jo, muffins/cupcakes måtte vi jo ha med – pynta for anledninga, sjølvsagt 🙂

No burde eg ha slutta – eg skulle jo trass alt ha plass i sekken til alt dette her…

DSC_0124

….eg måtte berre laga nokre, litt uheldige, zombiemarshmallows fyrst.. Og slik enda vi opp med eit ganske så koseleg Halloweenbord i Handelandsdalen. For ordensskuld – pingvinene er ikkje mitt verk – der er Ann Irene i forkledning.. 😉

Ja, så lang tid tok det for meg å skjøna at hvis det er noko høgtid/feiring som passar som hånd i hanske med meg, så er det jo Halloween!! Eg kan ikkje fatta at eg ikkje har skjøna det før – til neste år må det bli Halloweenfest, altså!

Korleis det gjekk med Telttøtten på haustovernattinga kan dåke lesa her – godt skildra av Anne-Grethe:

Telttøttene på haustovernatting

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.