Blir mykje trasking i fjell og skog for tida, men det er no eingong slikt eg har å ta meg til i desse permitteringstider. Det er vel ikkje kvar dag eg har lika mykje lyst til å forlata sofaen, men då må eg gje meg sjølv eit spark bak! Slike fine høstdagar som vi har MÅ ein berre nyta ute om ein har anledning – og det har jo eg…. 🙂I dag gjekk turen nok eingong til Fjellandsbø – som dåke skjønar held eg meg mest i nærområdet fortida 🙂 Og medan sola har forlatt Eik, er det framleis sol lengst oppi dalen.
I dag bestemte eg meg for å gå litt lenger enn berre til Leiteshaugane. Hvis ein berre går litt vidare over ein liten topp, kjem ein til denne idylliske plassen:
Er det ikkje fint? Eg er ikkje sikker på om alle veit kor flott det eigentleg er om ein berre går litt lenger enn til boka som heng på Leiteshaugane.
Men eg stoppa jo ikkje her – for om ein berre går opp på toppen der en ser ein stor sementklosse, så får ein sjå dette:
Matrefjorden i sol og flott haustver 🙂
Andre vegen ser ein inn i Matre og Matresvingane…
…og rett ned i denne elva. Og her kom det jammen mykje vatn og mykje lyd – ikkje noko sildring her.
Ja, her var det jo fint å ta ei lita nistepause…
…medan eg kikka utover Matrefjorden.
Kosenista i dag 🙂
Og akkurat i det eg skulle ta ein bit av skulebollen vart det mykje lyd nedi fjellsida og….
…denne kjekke gjengen dukka brått opp.
Eg såg på skulebolla og så på geitene – var det slik at eg måtte bli nøyd til å dela???
Alle geiten stilte seg opp på ei lang rekke – dei minste pressa seg fram foran dei største – og kikka på meg. Dei var sikkert lika forundra over å finna meg her som eg dei 😉 Eg var spanande i sånn ca. 10 sekund, då hadde dei sett nok, snudde ræva til meg og forsvann ned fjellsida igjen. Så då fekk eg både bolle og kakao for meg sjølv likevel 🙂
På veg heim måtte eg ta eit bilete av dette gule treet og. Er det berre eg som synes at haustfargane i år er hakket finare enn dei plar vera?
Ja, då fekk eg meg ein fin tur i dag og før eg måtte ta til med den eine arbeidsoppgåva eg har i løpet av dagen – laga middag til guten kjem heim frå jobb 🙂