Nåsastølen i Reinsnos!

No skulle eg ha byrja dette innlegget med «Etter ei god natts søvn…», men det ville vore blank lygn. Det var ingenting i vegen med senga på hotellrommet mitt på Vågsli, men sova fekk eg ikkje. Det er vel sånn det er å bli gamal og sær – kroppen vil helst sova i si eiga seng…

Ok, eg duppa vel av sånn dann og vann, men det var ikkje vanskeleg å stå opp å gjera seg klar for nok ein dag i fjellet 🙂

Vermeldinga var ikke den beste for laurdagen på Vågsli – regn og til og med litt sludd….

…..men det var jo riktig så fint når vi samlast til frukost 🙂

Men det blas ein iskald vind, og det var kome litt nysnø på toppane. Vi diskuterte litt att og fram på kor turen skulle gå denne dagen. Vermeldingane såg litt betre ut dess nærare heim du kom, så Buarbreen i Odda var eit forslag. Vi hadde nærast bestemt oss for dette inntil eg brått kom på eit turtips eg hadde fått av ein nabo tidlegare i år – Nåsastølen i Reinsnos. Litt googling, litt diskusjon, og så vart det bestemt at vi skulle prøva oss på den turen. Ingen av oss hadde vore i det området før, så dette vart nytt turmål for oss alle 🙂

Vi tok ein kjapp stopp på butikken i Skare og handla oss nista, men så bar det til fjells. Det bar så til de grader til fjells. Eg trudde vi berre skulle køyra opp igjennom eit byggjefelt, men det er jo ein heil verden når du kjem opp og bakom det! Vi køyrte og køyrte og køyrte – vegen tok aldri slutt! Når den endeleg tok slutt, var det til slutt ein etappe igjen på grusveg langs Reinsnosvatnet. Då vi endeleg stoppa hadde vi brukt 28 minuttar frå vi forlot butikken! Og det såg ut som om det budde folk heilt til «the bitter end».

So far so good, men så fekk vi litt problem – vi hadde nemleg ikkje sett for oss at det skulle vera parkeringsautomat her. Eller automat og automat – ein måtte betala via Easy Park appen. Det er forsåvidt greit, men A. Enæs har ikkje lenger Telenorabonnement (ikkje sjølvbestemt) – og då var det jo ingen dekning til å betala noko parkering. Forsåvidt ikkje noko problem det heller – iom at parkeringsvakta kom køyrande etter oss 🙂 🙂 Han lånte villig vekk nett, men neste problem var at kortet mitt på Vipps var utgått. Då gav eg opp og bad Per Ivar betala for meg på sin app 🙂 Eg trur eg kom godt utav det – han vil kun ha ein mojito i betaling 🙂 Eg trur kanskje ha skal få to 🙂

Så, folkens – ver OBS på dette! Det er sikkert lurt å ordna med betaling for parkering på førehand, så slepp du surra slik som meg. Bota for manglande betaling er kr. 600,-….

Etter alt dette surret var vi endeleg klare for å leggja i veg mot Nåsastølen 🙂

Det ser kanskje ikkje slik ut, men det var eindel varmare her enn på Vågsli, så vi var nøgd med turvalget vårt.

Sjå dette flotte landskapet som låg foran oss…

…og så flatt! Endeleg ein litt lenger tur som ikkje går rett opp ei fjellsida 😉

Det var veldig fint å gå her  – litt berg, litt sti, litt gjørma, litt av alt….

…og godt merka med raude T’ar og vardar.

Litt vått var det å gå her på laurdag, men det var godt til rettelagt i stien, så det gjekk forholdsvis greit å gå utan å bli våt på beina.

Etter å ha fylgt elva eit stykke…

…byrja vi å stiga opp mot Nåsastølen. Her er vi kome til eit stiskilje. Ann Irene drog fram UT.NO appen og fann ut vi skulle gå til venstre 🙂

Utsikt mot Svartavatnet (kor mange vatn med det namnet finnes det eigentleg??) når vi kom litt opp i høgda….

….og mot Reinsnosvatnet når vi kikka oss tilbake.

Det tok ikke så lang tid før vi no…

….var framme ved turens mål – Nåsastølen!

Var det ikkje fint?? Vi syntes det var fantastisk flott her 🙂

Det måtte jo fotograferast opp og ned og i mente….

….før vi tok nistepause…

….eg tok meg ei bolle – igjen! Eg kan ikkje huska sist eg har vore så oppblåst ei helg – det var nett før dei andre måtte ha meg i tau så ikkje eg skulle forsvinna til luktars 😉

Nede langs elva var det varmt og fint å gå. Her oppe på stølen var det bikkjekaldt og vind. Etter at Per Ivar hadde fått satt damene…

…på bås for fotografering, pakka vi difor sekkane og la i veg på returen.

Det var godt å koma ned til elva att. Sola kom til og med litt tilbake etter å vore vekke ei stund 🙂

Tilbake ved bilane var alle einige om at dette hadde vore ein veldig fin tur – og at her skal vi tilbake og å gå tur fleire gonger 🙂

No stod det ikkje meir på programmet vårt anna enn å køyra heim 🙂 Alle var nøgde med denne minituren vår – og alle einige om at slike turar må vi gjera igjen 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.