Haukeli/Vågsli og Hermodshola!

Det skjer ikkje ofte, men denne veka klarte faktisk gjengen å einast om å reisa på tur ut av kommunen fredag til laurdag 🙂 Det var bursdagspresangen til Ann Irene i år – så då måtte vi jo gjennomføra 🙂

Eg bestemte meg for å køyra eigen bil opp på fjellet. I desse dagar veit ein jo aldri – skulle ein byrja føla seg ut av form, er det jo greit å kunna koma seg heim utan å måtta dra med seg alle.

Sidan eg låg fyrst i køen, hadde eg tid til å svippa nedom kaien på Sundal og ta litt bileter. Sjå kor flott det var mot Nordrepodlen og Hardingaskaret! Dette kom til å bli ein flott dag!

Fyrste offisielle pitstop og sjekkpunkt på om alle var med, var (sjølvsagt) på Polet i Odda 😉

Neste stopp…

….er jo og obligatorisk – Låtefoss!

Nokon er litt meir ivrig på fotograferinga….

….enn andre 😉

Vidare no låg eg ikkje lenger fyrst i køen, men som nummer to. Det var lurt, for brått svinga fyrstemann av hovudvegen og peisa inn på gamlevegen over fjellet til Røldal. Det hadde ikkje eg kome på – eg kan ikkje erindra at eg har køyrt der før.

Sving i sving oppetter. Til tider smal, men ganske nyasfaltert og det var greie plassar ein kunne møta mottgåande bilar på. Trur vi kun møtte ein som kom andre vegen..

Kjempeflott var det over fjellet på fredag. Vi stoppa på toppen og kikka oss litt tilbake. No fekk vi og ei påminning om at vintaren er på veg – det blas ein ganske så iskaldt vind her. Dermed fekk eg og ei påminning om at eg hadde gløymt å pakka med vottar…

(Må ta med at eg aldri har svinga meg meir elegant ned langs skitrekket i Røldal enn på fredag 😉 )

No vart det ikkje fleire stopp før vi tok lunsjpause på Haukeliseter. Før vi kom dit, hadde vi måtta fylgja ein fylgjebil på den gamle Haukelivegen over Dyrskar. Det gjorde ingenting – det er jo tross alt ein mykje finare veg å køyra enn gjennom tunnelen. I allefall når du slepp møta motgåande trafikk 🙂

Nokon valgte bollar, nokon rømmegraut og eg ein falafellburger til lunsj. Dermed var vi gode og mette då vi forlot Haukeliserte for å leggja i veg på dagens fottur. Handla meg vottar, fekk eg forresten gjort unna her og 🙂

Ny kolonnekøyring forbi Vågslitunnelen. Det gjorde heller ingenting, for då kunne vi jo svinga rett av gamlevegen til….

….parkeringsplassen kor vi skulle setja i frå oss bilane 🙂

Her starta jakta på Hermodshola. På forhånd hadde eg fått forklart vegen muntleg, Ann Irene hadde lese seg opp, og gjekk i tillegg med mobilen og kartet på UT.no appen i handa.

Då følte vi oss ganske trygge på at vi skulle finna fram til hola, og la i veg.

Nydelege fargar i fjellet no.

Det er jo både luksus og avslappande for oss vestlendingar som bur ved fjorden og gå tur i dette terrenget. Vi treng ikkje gå lenger enn to meter i oppoverbakke, så har vi utsikt over «halve verda» 🙂 

Dog gjekk det litt oppover den siste biten mot hola, men det var ikkje lange stykke.

Med Ann Irene som guide og god rettleiing på førehand, var det ikkje noko sak å finna fram – vi gjekk rett på Hermodshola. Så var spørsmålet – kom vi oss inni??

Eg vedgår at eg feiga ut. Eg trur ikkje eg har klaustrofobi eller mislikar holer og grotter, men denne er litt trang i opninga og ein må sno seg litt inn. Eg gjekk ned til fyrste «trinn», men når du har fått skikkeleg tønneform dei siste åra, er istappa og påkledd som Michelinmannen, og i tillegg stiv som ein stokk – ja, du skjønar. Eg kava meg oppatt medan eg kunne. Trur eg må kvitta meg med 15kg før eg prøver igjen….

3 av 5 kveila seg derimot inn i hola…

….og dei var veldig nøgde med det 🙂

Etterpå bestemte vi oss for å gå opp på toppen og ned på andre sida og sjå om vi fann ein plass å ta nistepause. Som om vi var svoltne igjen – det var vel ikkje ein time sidan vi hadde åt lunsj enda eingang 🙂

Turfylgjet mitt denne helga 🙂

Eg har vel kun vore på Haukeli eit par-tre gonger på ski dei siste 25 åra, så eg er jo ikkje så kjent i dette terrenget. Men sidan vi hadde vore i Hermodshola, var eg sikker på at eg kjente meg igjen, og at vi gjekk ned Hermodsskaret på andre sida av toppen….

…dermed huka eg meg ned i kjent stil då vi traff på ein snøflekk 😉 I ettertid ser eg på kartet at dette var eit skar for nære. Og når sant skal seiast er vel ikkje dette noko kjent skistil på meg ned nokon som helst bakke hellerj – eg står vel meir eller mindre oppreist, kalvbeint med armane veivade ut til alle kantar medan eg plogar meg ned så godt eg kan 😉

Okkesom, vi fann oss ein plass nokonlunde i skjul for vinden…

…i ei steinur 🙂

Ann Irene drog fram heimalaga kanelsnurrar 🙂 Kjempegode, men med ein slik og ein falaffelburger (hovudingrediens = kikerter) i kroppen, så var eg ikkje nærare å koma meg inn i Hermodshola, for å seia det slik 😉

No var klokka blitt så mykje at vi kunne sjekka inn på hotellet, så då gjenstod berre ein kort køyretur…

…før vi var framme ved endestasjonen for turen 🙂

Her valgte diverre ein i turfylgjet å seia hadet og returnera heim. Litt snufsing og nysing etter turen til Hermodshola var nok til av vi ikkje tok nokon sjansar i desse dagar. Dette var sjølvsagt dumt, men sånn er det no. Ei god natt søvn, og vedkomande var forøvrig frisk som ein fisk på laurdagen – så det var nok berre den kalde vinden på turen som spela eit puss.

Vi andre tok oss ein spasertur langs vatnet….

….sidan det enda var ei stund til middagen vart servert.

Frisk fjelluft gjer noko med ein 😉

Vi prøvde oss på eit lite nachspiel, men det hadde vore ein lang dag og vi hadde jo ein dag til vi skulle ut på eventyr, så det vart ikke så seint før vi tok natta.

No gledar eg meg til å fortelja dåke om dag 2 – den vart kanskje enda finare enn dag 1 🙂 Kjem på bobla ein av dagane…

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.