Laurdag gjekk med til konfirmasjonen til niese Ariana, men på søndag var eg klar for ein liten luftetur i frisk luft att. Den turen vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt på førehand..
Eg hadde tatt med meg ein liten boks i tilfelle eg skulle gå på meir bjørnebær. Som eg har skrive før – i år ser eg dei overalt. Og bjørnebær kan ein ikkje få nok av i fryseboksen 🙂
Så eg kikka meir sidelengs inn i skogen enn framover, der eg tusla avgårde. Eg hadde såvidt byrja turen då eg skimta noko gult innimellom trea…
….var det kantareller???
Eg har aldri plukka sopp på eigenhand tidlegare. Eg har såpass sjølvinnsikt at eg trur ikkje det er så lurt… Men no har eg jo vore på nokre soppturar med Magnhild, og eg er rimeleg sikker på at eg no klarar å skilja kantarellen frå andre soppar. No stod eg og kikka på skogens gull og lurte på om eg skulle ta sjansen? Eg bestemte meg for å plukka….
….og på 1-2-3 var boksen min full 🙂
I mellomtida hadde eg jo sjølvsagt sendt bileter til soppeksperten – slik at ho kunne stoppa meg om ho såg at eg var heilt på bærtur…
Eg fekk tommelen opp for å fortsetja og no fekk eg blod på tann…
…skimta eg ikkje ei ny «klygje» der framme?
Eg kraup og eg klatra i til tider tett skog. Kantarellane skulle sankast for ein kvar pris. Ein plass måtte eg bøya meg på ein måte eg aldri hadde trudde min kropp kunne bøyast. Det kunne den vel forsåvidt ikkje heller – eg enda opp med eit realt hekseskudd i ryggen. Eg lot ikkje det stoppa meg….
….for her var meir sopp å sanka..
Som eit villsvin på jakt etter trøffel, sniffa eg meg frametter skogbotnen på jakt etter enda meir av skogens gull…
….og det viste seg at eg faktisk har god nase for dette 🙂
Til slutt hadde eg fylt både boksen og ein plastpose eg hadde litt niste i.
No hadde eg vasa rundt i skogen ei god stund, så eg bestemte meg for at soppjakta var over for denne gang. Jorunn sendte melding om at ho hadde høyrt at folk til og med tok i bruk BH’en sin til å plukka i om dei slapp opp for plass, men DER er ikkje eg enda…
Eg var nøgd med dagens fangst – og at eg hadde våga meg på å sanka soppen utan at eksperten var med. Litt var ho jo med iom at omtrent alle bileta i dette innlegget vart sendt på messenger medan eg var på tur 😉
Vel heima vart soppen renska, vaska og delt i to. Eg var usikker på om den skulle vaskast, eller om eg berre skulle la den tørka og så børsta av den. «Den står ute i regn, så den tåler å bli vaska», fekk eg beskjed om. Så då gjorde eg det 🙂 I tillegg fekk eg beskjed om å dela den i to for å sjå etter makk – det var null makk i min sopp 🙂
No ligg min aller fyrste sjølvplukka soppfangst til tørk før den vert putta i fryseboksen 🙂
Eg ser ikkje vekk i frå at det blir tagliatelle med soppsaus på den neste campingturen til damen óg 🙂 Og der kom eg på at eg må huska å kjøpa tursil slik at vi ikkje treng ta 3 dobbel porsjon tagliatelle med på tur… 😉