Bjørnebær år?

Kan det vera bjørnebær år i år? Eg kan ikkje seia at eg tidlegare har visst om plassar det veks bjørnebær, men i år ser eg dei «over alt» 🙂 Eg plukka med meg litt i ei tom colaflaske på ein kveldstur opp ein skogsveg tidlegare, men dei åt eg opp ganske kjapt 🙂

Onsdag tok eg difor turen inn i hagen til Magnhild kor ho har mengder av bjørnebærbuskar – både ville og sjølvplanta 🙂

Litt rart at dei er så ujevnt modne? Men eg er jo ingen bjørnebærekspert, så kanskje det er vanleg? Det betyr jo eigentleg berre at Magnhild kanskje får besøk fleire ganger 😉

Sjå her – slett ikkje verste plassen å plukka bjørnebær i +20 grader dette 🙂

Bjørnebær i solnedgang 🙂

No er «bærfangsten» komen i fryseboksen klar til å tas fram til kaker, is, smoothie utover høsten og vinteren 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.