Bålkos i Eikedalen :-)

Tirsdag viste vermeldinga at det minka på dagane med fint ver, så då måtte vi handla raskt om vi skulle få nytta på dei siste solstrålane for denne gang. Eg var tidleg ute og sendte ei melding til Ann Irene før ho fekk lagt andre planar – eg ville på bål- og grilltur 🙂

Ann Irene var sjølvsagt ikkje vond og be, iom at ho er hakket meir glad i bål enn meg. Eg held ein knapp på at ho kan ha vore pyroman i eit tidlegare liv…

….ho får iallefall fyrt opp bål nesten før eg har fått av meg sekken 🙂

I går gjekk vi til foten av Skarvene i Eikedalen og sat oss mitt blandt steinane i elveløpet. Det rann då sjølvsagt særs lite vatn der..

Utsikt frå bålplassen 🙂

Vi hadde berre med akkurat så mykje ved som viser på biletet her (sekken min er ikkje større), så vi fekk pølsene på grillpinnen ganske raskt. Vi kunne jo ikkje risikera at bålet brant ut før vi vart mette 😉

Enkel, men god middag i går 🙂

«Ah, ah, oh, oh!» Var litt varm, ja 😉

Eg var igrunnen stappmett etter to grillpølser, men vi kunne jo ikkje hoppa over desserten! Den var jo minst lika viktig som pølsa, for no var vi på same plassen kor vi fyrst fann på ideen….

…om å pakka marshmallow inn i pinnebrøddeigen…

….og steika den på bålet 🙂

Mmmmm….digg dessert på tur 🙂

Ser det ikkje ut som om ho nyt det, kanskje? 😉

Så sat vi her og kikka på bålet og…

….utsikta, medan vi venta på at Marit skulle dukka opp.

Marit ringte nemleg og sa ho kom etter oss, og lurte på kor vi var. Eg prøvde å gje instruksar så godt eg kunne. Det vi ikkje visste var at ho var gått langt forbi oss, og instruksane mine fekk ho berre til å gå enda lengre…Då ho ikkje dukka opp måtte vi ringja å etterlysa ho – og fann ut ho var langt inni Fagerdalen!

Så den som fekk trimma seg skikkeleg i går, var Marit. Her har ho endeleg kome seg ned dalen igjen, så då var vi samla 🙂

Medan ho fekk satt seg ned og kvila litt…

….gjekk eg på ein liten oppdagelsestur inn juvet her. Ann Irene hadde allereie tatt turen, så då måtte jo eg og inn og sjå om det var noko spanande å sjå der. Dette juvet var nesten som ei sluse. Fyrst kom du til ein liten kulp. For å koma vidare måtte ein klatra oppover…

….der kom ein til ein ny kulp. Herifrå måtte ein igjen klatra oppover…

….for å koma til enda ein kulp. Lenger gjekk eg ikkje igår, men eg er sikker på at det ligg minst ein kulp til over her.

Utsikt ut av juvet.

Her sat damene og kosa seg når eg kom tilbake…

Marit fekk fylt på litt energi ved hjelp av ein marshmallowbolle 🙂

Ann Irene og eg var så istappa at det vart ikkje meir mat på oss denne kvelden.

Kanskje var det fordi eg var så istappa det nesten gjekk gale då eg skulle forflytta meg over til der eg hadde sett meg ut ein fin fotoplass…

Gamle folk bør jo ikkje driva med slik klatring som dette her. Og om dei gjer det, så bør dei i allefall få hjelp av dei rundt seg! Her heng eg og ropar på hjelp, men det var berre latter å få til svar! Under meg er det både vatn og stein og eg hadde ingenting å halda meg fast i og sklei nærare og nærare. Sidan det ikkje var hjelp å få, måtte eg ta fram uante krefter, og kanskje eg beit meg fast med tenna og, og fekk tilslutt åla meg opp i tryggleik….

….slik at vi fekk tatt…

….bileta eg hadde sett for meg 🙂

Sjå kor flott – fjell på fjell på fjell, så langt ein kan sjå!

Bålet var nesten brent ut og då var det på tide å rusla heimover før det vart myrkt 🙂

Dette var ein fin og koseleg kveld. Vi kryssar fingrane for at regnperioden som skal koma no ikkje varer så lenge, slik at vi får koma oss ut på mange slike turar i haust 🙂

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.