Koseleg camp i Bondhusdalen – del 2!

Då var det altså blitt natt i Camp Koseleg på sandbankane i Bondhusdalen. Eg låg godt inntulla i den nye soveposen og fraus ikkje ein plass 🙂 Kikka litt på stjernene gjennom myggnettingen før eg sovna…

Eg vakna sjølvsagt med jamne mellomrom når det var behov for å snu seg – eg klarar ikkje liggja ei heil natt på rygg i ei hengekøye. Men eg sovna raskt igjen.

Men så vakna eg av nokre forurolegande lydar – kva var det? Det var liksom noko som «tappa» på tarpen…. Å fanken – det regna!!! Eg hadde absolutt ikkje lyst å krypa utav dvale for å byrja å styra med å hengja opp meir tarp i myrket, men det regna jo rett igjennom myggnettingen, og soveposen var allereie blitt våt på toppen. Så her hadde eg jo ikkje noko val. Eg visste og at Magnhild hverken hadde myggnetting eller vanntett hengekøye.

Men akkurat i det eg hadde mota meg opp og skulle til å dra ned glidelåsen på soveposen, slo Magnhild på flomlyset sitt. Det er kun ei lita lampe som får plass inni handa di, men du verden for eit lys! Og før eg visste ordet av det var ho utav køya og hadde byrja å hengja opp tarpar over oss. Eg spurte om ho trong hjelp (eg håpar eg spurte om det, i allefall), men ho meinte på at det gjekk greit aleina.

Ein brukar ikkje tid på finjusteringar når det er natt, høljeregnar og er myrkt ute – då har ein kun fokus på at det skal gå fort og at det må funka. Magnhild fekk hengt tarpar over oss og det regna ikkje lenger inn i køyene. Eg var nøgd med det og kunne kroa meg saman igjen. Eg var tissetrengt som fy, men eg skulle ingen plass før det vart absolutt naudsynt!

Innimellom fekk eg nokre regndråpar i andletet, men då strakk eg berre eine armen ut og drog litt i tarpen over meg.

Omsider vart det såpass morgon at det vart absolutt naudsynt å krypa utav køyen og kroa seg til bak eit tre. Eg opna myggnettingen, kraup utav soveposen, svinga meg rundt og utav køya – og såg rett på….

…dette! Ein samansunken tarp som hadde samla ein dam oppi hengkøya til Magnhild – og under her låg ho og merka ingenting!!

«Magnhild – no må du ikkje røra deg!» Sjølvsagt byrja ho å røra på seg når ho vart snakka til. «Nei, nei, ligg heilt stille – du har ein heil dam over deg! Har du ikkje merka det?!! Eg fekk dratt i tarpen og tømt den for vatn utan at det hamna heilt oppi køya til Magnhild. Og nei, ho hadde ikkje merka nokon ting 🙂

Så sprang eg og tissa litt og kom tilbake til…

…dette! Men i alle dagar – kva camp var dette??

Det såg jo ikkje ut!! Det var jo som om ein tornado hadde svinga innom i laupet av natt! Det var nok nokre tau som hadde løysna her og der, men det var heldigvis i midten, mellom hengekøyene våres. Vi var tørre og såleis hadde jo tarpane funka, så då fekk det berre vera at det såg litt rasert ut. Vi var dog skjønt einige om at vi antagelegvis ikkje hadde fått skryt av Monsen og Almaas for denne campen… og for ikkje å snakka om kva kjeft vi hadde fått av oberst Lauritzen! Det var nesten så vi byrja å ta armhevingar der og då…

Jorunn var og ute av teltet sitt. Det var ikkje vanntett, så ho vakna i ein dam. Heldigvis hadde ho tjukt liggjeunderlag som flaut… Neida, så stor dam var det ikkje, men ho var sikkert glad for at ho ikkje berre hadde hatt eit tynt skumunderlag.

Men no var dag to igang, og Jorunn serverte Magnhild kaffi på senga 🙂

Eg tok på meg fjellduken og tok ein runde og fotograferte…

…den litt trolske morgonen ved Bondhusvatnet. Som dåke ser hadde det slutta og regna og vi forventa at denne dagen skulle bli minst lika fin som den forrige.

Såg ikkje dette koseleg ut? Her hadde dei som kom rundt vatnet etter det var blitt myrkt laga seg camp 🙂

Jorunn hadde satt brøddeig kvelden før, og no stod den her og steikte seg på omniaomnen.

Mmmmm….det er ikkja alle camparar som kan gleda seg til nysteikt brød til frukost 🙂

Det var ikkje noko liten frukostmeny som stod på planen: Nysteikt brød, eggerøra m/bacon, minipannekaker med blåbærsyltety og krem – og fisk! Ja, fader trur dåke ikkje Magnhild hadde vore framme med fiskestanga og fått fangst igjen!! Eg gav beskjed om at fisken fekk vera det siste som vart steikt i steikepanna!

Eg hadde forøvrig eit prosjekt til…

…sjekka om omniaomnen funka til å laga popcorn i 🙂

Det funka veldig fint det – heilt til det gjekk opp for oss at popcornet poppa gjennom holet i midten og rett i gassflamma…Så då prøver vi ikkje det fleire gonger 😉

Slett ikkje den verste plassen å innta frukosten på dette 🙂 Og sjekk kor fint ver det var blitt no 🙂

Svein Vidar var komen ned att frå Fynderdalen, så han fekk frukost, han og.

Svein Vidar var ikkje den einaste som hadde dukka opp. Allereie ganske tidleg byrja dagens turistar koma gåande rundt vatnet….

…og hos oss såg det framleis ikkje ut i måneskin.

Det er jo ingen i min famile og omgangskrets så vil tru på at det er EG som reagerar på rotete camp – eg som ikkje eig eit einaste husmor- eller ryddegen i kroppen. Men eg får altså fnatt over korleis vi klarar å rota det til på eit ganske så stort område  – kvar gong vi er på tur. Og medan eg stressa med dette og prøvde å rydda litt (i allefall flytta på ting), tok dei andre det heilt piano. Og vi var jo litt unnskyldte – det meste var jo vått og måtte få tørka før vi pakka det ned. Men likevel – jeg gremtes..

Nesten ferdig med frukosten – Jorunn måtte berre sluka siste rest av fagsten til Magnhild. Det verste er at dei no fablar om at fiskestang skal vera fast inventar i sekken på turane våres…

Så var vi nesten ferdige og klar til å pakka ned campen…

Vi måtte berre gjera oss ferdige med fotograferinga…

 

Desse to teletubbiane er veldig nøgde med dei nye sovaposane sine 🙂

Leiren vart pakka og vi kunne…

….gå ombord i båten og starta roturen tilbake til andre sida av vatnet.

Rotur på blikkstille Bondhusvatn, sol og blikket retta mot Bondhusbreen – kan det bli betre?

No byrja det å demra for oss at om vi hadde hatt publikum då vi gjekk ombord i båten dagen før, så kom ikkje det til å vera nokon ting i forhold til det som venta oss på andre sida no…

Eg orsaka meg med at eg skulle ta bilete og film av dei andre når dei kom roande mot land – og forlangte å bli satt i land på eit nes før vi var framme..

..og medan dei fortsatte roturen, kravla eg opp ei ur som ein annan Gollum, og dukka opp i frå intet i det eit par stod og tok bileter oppe på vegen. Det var vel ikkje heilt sånn. Dei såg nok at eg vart satt i land, men lurte sikkert litt på heile greia 🙂 Okkesom, eg vart litt hefta her iom at eg tok på meg å vera fotograf for dette paret og før eg hasta vidare.

Så no fekk eg det litt travelt med å bana meg veg mellom alle turistane på veg bort til båtplassen kor eg skulle ta i mot dei andre. Det høyres nesten ut som om eg har noko i mot alle turistane – det har eg ikkje. Eg synes det er litt artig at bortgøymte Bondhusdalen er blitt så populær – eg er berre litt overvelda av denne populariteten. Det er jo ikkje så mange år sidan ein kunne ta turen utan å møta eit anna menneske…

No rodde eg meg litt vekk, men her kjem gjengen roande mot land 🙂

Eg trur ikkje det var mange auge som ikkje var retta mot dette båtfylgjet. Det mangla berre at dei hadde bundar på 😉 Det var, naurleg nok, mange som lurte på om det gjekk an å leiga båten, men det kan ein ikkje. Det er ein privat båt. Men her bør kanskje eigarane eller bygdalaget kjenna si besøkelsestid – her er det pengar å tjena 🙂

Alt gjekk bra – både bagasje og passasjerar kom seg i land utan uhell 🙂

Då gjenstod det kun å gå vegen attende til parkeringplassen og bilane 🙂

Alle syntes vi hadde hatt ein kjekk overnattingstur på sandbankane, og vi har allereie diskutert kor vi skal leggja neste tur til 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.