Solfjell :-)

For ei flott helg! Eg må ha gløymt å fylgja med på vermeldinga, for det strålande veret kom som jula på meg 😉

Helga starta med ein kjekke firmakveld inne ved Feto i Handelandsdalen 🙂 Vi har vel ikke vore samla tidlegare i 2020 pga. COVID-19, så no var det på tide med ei samling. Bål på peisen, god mat og drikke og alle såg ut til å kosa seg 🙂

Litt usikker på om det var eit pling på telefonen, eller dei hersens skjorene som elskar å pikka måse av taket mitt som vekte meg litt for tidleg laurdags morgon. Men formen var fin, så då var det berre til å starta dagen. Veret vart jo etterkvart strålande, så på ettermiddagen vart eg med Jorunn og Svein Vidar og grilla i Blådalen. Medan dei skulle overnatta i bobilen, kunne eg køyra heim, fyra i omnen og slengja meg på sofaen 🙂

Søndag – strålande ver allereie i frå morgonen av. Så snart sonen var ute av huset og på veg til ny arbeidsveka på Hovden, pakka eg sekken og strauk avgårde til fjells.

Eg hadde ikkje lagt noko plan for kor og kor langt eg skulle gå, men eg starta opp skogsvegen på Kjærland. Bestemte meg for å sjå an lysta og motivasjonen når eg kom på fjellet.

Eg lo litt på laurdag når nokon sa dei hadde møtt folk i BH og bar overkropp på veg til Ingahogg. På søndag lo eg ikkje – det var VARMT å gå opp skogsvegen. Eg gjekk kun i ei tynn ulltrøye, og eg kunne glatt tatt den av og…

Kom meg rimeleg greit opp…

…hit

Etter ei kjapp rådslaging med meg sjølv, bestemte eg meg for å gå bort til foten at Solfjell. Der kunne eg sitja å eta nista medan eg skua utover Mannsvatnet.

Fantastisk flott over fjellet – sjå dei fargane
Snart fekk eg utsikt over Mannsvatet
Sol frå heilt blå himmel – sjeldan kost i 2020

Medan eg gjekk her og vandra, tok eg meg i å kikka opp på Solfjell og tenkja at: «Hmmm…det er jo eignentleg ikkje så langt opp…» Slike tankar har eg aldri tenkt om Solfjell før 😉 Men eg skulle framleis berre finna meg ein plass langs foten av fjellet å ta pause.

Det blas ein litt kald vind når eg kom bort dit eg hadde tenkt å sitja. «Då får eg gå litt opp i skogen og sjå om eg finn ein plass». Og etter å ha gått litt opp i skogen, «der oppe ser det ut som om det er greit å sitja». Etter å ha kome opp til «der oppe» – «nei, her blas det litt igjen, eg får gå litt til». Sånn fortsatte eg til eg var komen halvvegs opp til Solfjell! Då tvang eg meg sjølv til å stoppa og få i meg litt drikke og ein kakemann 🙂

Her kunne eg godt snudd å gått tilbake, men så var jo det litt dumt og når eg kun hadde eit lite stykke igjen – så då fortsatte eg like greit oppover fjellsida…

….og før eg visste ordet av det var eg her – på toppen av Solfjell!
Solfjell levde opp til namnet sitt på søndag 🙂
Mannsvatnet bada og i sol
Andre vegen utsikt mot Rosendal og Rosendalsfjella med eit lag nysnø på toppane
Utsikt «heimover»

Eg hadde gått med den kalde vinden i ryggen oppetter fjellsida, men ikkje kaldare enn at eg framleis kun gjekk i ulltrøya. Det blas ikkje så ille her på toppen, faktisk, og når eg huka meg ned på solsida, var det heilt vindstille.

Avslapping medan eg kikka heimover
Ulvanåso og Ulvanåsokopp 🙂

Her sat eg i sola og kosa meg med solbærtoddy og grønsaksuppe til lunsj. Hårstrikken hamna i suppa og koppen med solbærtoddy sølte eg ut i mosen….Men fint var det 🙂

Då eg reiste meg for å gå den lange, kjedelege vegen heimatt, fekk eg den kalde vinden midt i mot, så då var det godt å ta på seg jakke.

Syntes dette var eit fint motiv innover fjorden i frå Solfjell
Ja, då gjensto berre å koma seg ned herifra..

Noko av det kjedelegaste så finnes er jo å gå ned i frå fjellet same veg ein kom opp. Eg vurderte om eg skulle gå ned til Fjelly og skogsvegen på Haugland, men då måtte eg ha gått eit stykke på asfalt før eg fann att bilen, og det hadde eg ikkje lyst til. Så då gjekk eg ned same veg eg hadde kome opp. Det gjekk heilt greit. Ved foten av Solfjell vart det igjen så varmt at jakka måtte av, så eg hadde jo ein flott tur denne vegen og.

Eg gjekk faktisk heile vegen nedatt frå fjellet utan pause. Sola forsvann dei siste svingane før eg kom ned skogsvegen, så eg syntes eg hadde tima fjellturen min denne dagen veldig bra.

Det var ein flott dag i fjellet i går – det er faktisk sjeldan eg går så lange turar aleina. Eg er og særs nøgd med at eg eg oppegåande i dag, og ikkje har verken gangsperre eller er stiv og støl 😉

PS! Hvis dette innlegget vart litt merkeleg, så er det fordi WordPress har laga eit heilt nytt skriveoppsett som eg ikkje har fått satt meg inn i enda… Veit ikkje heilt kva eg synes om dette – eg likte det greit sånn som det var.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.