Dei som les Bobla har fått med seg at eg har fått ein ny hobby i haust – sopplukking 🙂 Magnhild og eg har vore høgt og lågt rundt omkring i diverse skogar på leit etter steinsopp, piggsopp, kantarell – og i går skulle vi på jakt etter traktkantarell 🙂
Vi følte oss nesten forplikta til å ta denne turen ettersom vi begge for eit par veker sidan opna postkassane våres og fann kvar vår overraskelsespakke….

Eg vart oppriktig glad for denne overraskelsen – eg kan ikkje huska å ha fått overraskelsespakke i Posten nokon gong før 🙂 At eg 30minuttar før eg opna postkassen hadde røska med meg akkurat samme soppnett i det eg var innom Europris, får så berre vera – det får bli ein basargevinst 😉
Sidan både Magnhild og eg fekk nytt nett, har vi ein mistanke om kven avsendaren(e) kan vera, sjølv om ingen av alternativa våre vil vedkjenna seg det 🙂 Tusen takk for pakke uansett kven du er 🙂
Uansett – i går….




Eigentleg så diltar eg berre etter Magnhild – det er ho som veit kor dei gode sopplassane er 🙂 Men vi vart litt skuffa på den fyrste plassen vi leita i går. Det såg ikkje ut til å vera nokon sopp å finna der. Etter å ha tråla att og fram, fann Magnhild til slutt nokre traktkantarellar, men dei var ikkje noko å plukka med seg heim. Vi leita difor vidare…
Brått høyrte eg litt jubelutbrot ovanfor meg…

Eg er jo ny i gamet, så eg veit jo ikkje kor lenge utover hausten ein kan forventa å finna dei forskellige artane av sopp, men eg hadde ikkje trudd vi skulle finna denne no 🙂

No fekk vi litt blod på tann igjen, å leita vidare. Eg trava ein runde utan å sjå nokon ting som helst, men så ser eg Magnhild sit på huk igjen…
«Fann du meir?»
«Ja, her er traktkantarell»
Eg måtte ned og sjå. Og der stod ho med nokre brune, små soppar i nevane.
«Er det dei vi leitar etter??»
«Ja, dette er traktkantarell.»
Eg må vedgå at eg aldri hadde kome på å plukka den arten av meg sjølv. Den såg ikkje akkurat så innbydande ut og eg hadde ikkje tenkt på at den kunne etast..
Men no når eg visste kva eg skulle sjå etter, gjekk alt så mykje betre…


Vi saumfarte skogsbotn i området og fann faktisk eindel traktkantarell før vi bestemte oss for å gå tilbake mot bilane. Vi bestemte oss for å leggja returen innom ein plass vi hadde plukka piggsopp tidlegare – just in case det hadde poppa opp meir.


No var vi veldig nøgd med soppturen vår. Eg hadde ikkje trudd vi skulle finna så mykje no, men vi hadde jo funnet masse. Vi gjekk innom enda ein plass vi har plukka eindel sopp tidlegare før vi gav oss, men her var det ingenting å finna.

No spørs det om det blir nokon fleire soppturar på oss i år, eller om dette var den siste? Eg er uansett veldig nøgd med å ha fått meg ein ny hausthobby og gledar meg allereie til neste soppsesong 🙂